mandag 26. november 2012

Lagringsplass

Hei hei!!


Er det nåkken som har fått dette opp når dei skal legge inn nye bilder!?:


Beklager, du har ikke mer plass igjen. Du bruker for tiden 100 % av de 1 GB du har til rådighet for bilder. Kjøp mer lagringsplass
Bildene lagres i Picasa Nettalbum-kontoen din og er innberegnet i den gratis bildelagringsplassen på 1 GB. Hvis du kjøper ekstra lagringsplass, deles denne mellom flere Google-produkter og kommer i tillegg til den gratis lagringsplassen. Les mer

Hadde problemer med dette for ei tid tilbake sida også, men så plutselig gjekk det over. Vil ikkje at det skal stoppe heilt opp i blogginga mi igjen...Er litt "grønn" når det gjelde slike ting og hadde vært supert med litt hjelp!! :)
Her er oversikte mi som kjem opp når eg blir "stoppa":

5 GB av Disk (0 % er brukt)
10 GB av Gmail (0 % er brukt)
1 GB av Picasa (99 % er brukt)


Sist dette problemet kom opp så sletta eg ein del bilder frå gamle blogginnlegg utan at det hadde nåkke umiddelbar effekt akkurat då...



Håpa å kunne få nåkken svar/hjelp her ;))
På forhand takk!!
-Anja-


mandag 19. november 2012

Vinner av Giveaway

GRATULERER vinnaren er Vims :))

Du kan ta kontakt med meg på epost anja@kvasneset.com slik eg får namn og adresse, i tillegg må eg vite kva av plagga du ønskjer og storleik :))


Tusen takk til alle som deltok!! Håper på enda større deltagelse seinare!! :)

Ha ein fin fin dag!!
Klem -Anja-

Farsdag ♥

♥ Pappakos ♥

Ja det blei litt av ein tekst – Farsdagen er jo over for bikka ei veke sida…men slik går det når ein omtrent ikkje har sett på dataen på heile veka.
Men vi hadde ein fin farsdag inne på Sunde med mamsen og papsen, her var tante Eirin på plass og ikkje minst dei skjønnaste tantebarna Vetle ♥ Alva…Ville berre dele nåkken bilde med dåkke…
Litt farsdags gave måtte til...mellom anna blei det blei sjølvsagt roser (ja far treng også blomster!!) og dette skiltet her :))
Alva koser med bebbien til tante Eirin 
 Eldste og foreløpig yngste barnebarnet Alva og Katja koser med besta si ♥
Greitt å hive rampane i bur, slik gjer vi det når vi skal ha litt fred og ro!! Skal tru kva foreldra i Bergen sei når dei ser kva som skjer når dei ikkje er til stades :)) neida ditte klarte dei heilt sjølve og Tim fikk til og med låst det frå innsida...

Vel heime blei det tid for Tim Are ♥ Bajaskos...

Ein koselig søndag ♥ ♥ 
Klem -Anja-




søndag 11. november 2012

Rufsedag...

...va nå også eit ord å bruke, men ein dag her i forige veke var det ein slike dag!! Dårlig ver ute men vi hadde berre «solskin» i butikken med mange flotte varer som prøver å stråle om kapp med alle dei flotte kundane våre ;)
Her er den flotte og komfortable stolen som er ein favoritt blant dei fleste...
Stilige lamper som eg sjølv har over kjøkkenbordet...
Stilige og store treskil...
Vakre engla, lykter, fat etc...

Fått litt orden og litt uorden andre plassar, massevis av fine varer har komt og då er det ikkje berre litt ruskete, men når det kjem fem pallar med varer i løpet av ein dag då blir det sånn så som så med orden og veldig ruskete!!
Ikkje den beste kvaliteten på bilda, men ville berre dele litt med dåkke...


Elles er det så kjekt at vi selje meir og meir blomster til far i anledning farsdag!! Er jo så fint å kunne overraske med ein fin bukett eller berre enkle vakre roser til ein kjekke pappa også ♥♥♥

Ha en fin fin kveld

Klem -Anja-

fredag 9. november 2012

Bastion


Vi «ropa» eit stort velkommen til Bastion!!
Så kjekt å ha fått dette i butikken…først berre ein «liten» smakebit, så skal vi få inn enda meir etterkvart!

Som dåkke kanskje såg frå det siste innlegget koste eg meg med ein stooor lekker kopp med kaffi og Baileys ;) Denne koppen er også fin som ei lita sjokoladeskål når du skal dekke til gode venner med dei mindre koppane!

 Så utrulig fine...litt rødt på denne tida passa veldig bra og ikkje minst ønska hjorten «WARM WINTER WITH BC»…

 Berre lekkert!!
Kven treng vel ikkje ei MINI BREAK innimellom?...

Vi begynte å selje av dette før vi hadde fått dei opp av eskene – skal tru om det er like populært som det vakre Pip serviset!?? Eg måtte veffal også ha desse koppane i skapa mine…

Så må eg legge inn eit forslag til lys…det er farsdag på søndag og kva kan då passe betre enn eit Angel Oil duftlys frå Love is Green!! Det har ei fantastisk duft med svak lukt av mann…….her skal vi visst sette «gubbane» i høglys for ein dag ;))


Har du tatt helga vasken og vil ha nåkke ekstra? Då kan du ta turen innom å gjere stas på deg sjølv med god duft, lekre roser til kun kr. 99,- og kanskje ein kopp eller to til fredagskosen – fredag er jo tross alt den beste dagen i veka!!

♥ We love flowers ♥



Ønska dåkke alle ein herlig  fredag ♥ ♥ ♥
Klem -Anja-

onsdag 7. november 2012

Kosestund...

...på ein heilt vanleg onsdag eller «lille laurdag» som det kallast…Når kvelden kjem, det er stille og roleg i stua er det godt å sette seg ned med ein kopp med nåkke varmt i og i kveld blei det varm kaffi med Baileys.

Det er herlig med levende lys og denne tida på året er det gjerne barna som ønska at vi tenner lys og då skal taklamper av for å gjere det ekstra koselig 
Linselusa "Timmen" rett før senga...
Barna tek gjerne eit sjokoladekjeks...

Tusen takk til pappaen min for det nye bordet våra!! Han har arva det etter sine besteforelder og har kappa og retta det opp slik det passa perfekt til salongbord...
Vi har starta førjulstida med herlig svibel...

Kom på at eg kunne vere med på NIB`s utfordring «KOS»…Så dermed tok eg nåkken bilder av «kveldsstemninga»

Ha en fin fin kveld!!
Klem -Anja-

tirsdag 6. november 2012

Giveaway!!


No er eg i siget med blogginga «igjen» og eg har då gleda av å dele ein GiveAway!! 
Den er frå Gavehuset i ♥ av Langevåg :)) Det som blir gitt er eit av føljande behagelige plagg, eit skjørt eller ei bukse som vist på bilda…
For å bli med i trekninga må du kommentere under her  ;)  Noter eventuelt kor mange ekstra lodd du tek…

ALLE som kommenterer i feltet under er med i trekninga!!

Du kan få ekstra lodd om du gjer følgjande:
- Du får 1 lodd om du liker Gavehuset si side på Facebook.
- 2 lodd for å dele facebooksida til Gavehuset på fb.
- 1 lodd for å bli følgjer av bloggen min…
- 2 lodd for å dele denne lenken i eigen blogg.
(For dei utan blogg, 2 lodd for dele dette innlegget på facebook…)


Her kan du få ein del ekstra poeng med deg…Håpar du vil vere med!! ;)
Velkommen  og takk til alle som ser inn på bloggen min ♥ Lykke til!

Ønskjer dåkke alle ein fin kveld!!
Klem –Anja-


Bilda er lånt frå Barfota...

"A daughter"...ein koselig løper

Vi får inn nye varer «heile» tida og masse går ut av døra…dermed blir det ein del nye bord og utstillingar for vi prøva å halde litt orden, men når det står på som verst eller vi kan kanskje kalle det «best» er det ikkje alltid vi klare å holde like god orden. 

Vi har massevis av flotte varer å velje mellom…det syns nå veffal vi da ;)

Her har vi satt fram nåkken tøffe lykter med hjerte, ein stor lekker Corokia, denne veka ha vi valgt ut den herlige dufta Wild Fig & Grape  frå Love is Green, løper og fine fat...

Desse glasslyktene/fuglematerane har vi i fleire størrelsar og fasongar...

Koselig løper med herlig motiv og fin tekst...

Om du lurer på nåkke og ikkje har mulighet å komme innom butikken kan du ringe oss på 70 19 28 06 ;) så håpa eg ei av dei «goe damene mine» i butikken kan hjelpe deg!!

Fortsatt god haust – vinteren kjem snart (om den ikkje allerede har komt)!!
Klem -Anja-

mandag 5. november 2012

Damenes aften


...I år som i fjor hadde vi ein super aften med mange flotte damer Det starta med moteshow på Devoldfabrikken kl. 18.00 og shopping til kl. 22.00 – det var ein del som valte å skippe moteshowet for å få meir tid til shopping.
Her var det mange besøkande frå fjærn og nær som var innom butikken, det såg ut til at kundane kosa seg og det gjorde vi også! Som i fjor serverte vi sjokoladekake, kaffi og pukka te.
 Herlig skjerf og behagelig kjole med fuglemotiv...


Lekker kjole med vide armer...
 Herlig tunika og jakke i chenille...
Behagelig bukse som vi har i denne fargen og i lyst...

Var veldig godt fornøgd med modellane som viste kleda våre på ein super måte!!

Med bilda frå moteshowet vil eg ønske dåkke alle ein fin kveld
Klem -Anja-

fredag 2. november 2012

Grur meg...



Jepp…eg grur meg litt til i morga fredag 2. november – då er det ny kontroll på sjukehuset med røntgen og inn til legen/ortoped, er spent på kva han vil sei til meg no...Er det nye 3 månader med venting på å håpe på litt bedring!??
Eg vil så gjerne ha svar - skjønna at det kan vere vanskelig, men det hadde vært så steike bra med eit svar eller to akkurat no!!...
Eg undrast - Er eg verkelege eit mission impossible!?.

Ja, reklamere har eg også gjort…men der var det jaggu ingenting å hente, va`kkje snakk om nåkke garanti der i garden nei!! Eller?? Eg har ein fantastisk familie rundt meg og har ei mor som jobbar i butikken, kan hjelpe med barn og husarbeid når det knipe på…og ein pappa som er der på sin måte, Timmen gleda seg kvar gang han skal inn om dei kanskje skal snikkre eller kva dei skal finne på, så – Takk for eit supert bord i går ;)))

Anja`s skatter er fakstisk mange – om ryggen min er ein skatt kan eg nok ikkje sei, men man er så forbaska avhengig av den så på min rare måte får eg kanskje kalle det ein skatt det også, kanskje blir det skattejakt snart!!...Ein ny ein hadde gjort seg då dei har problem med å få skikkelege delar til den, først prøvde dei Ebay, sist kanskje Finn.no men ser ut til at det var like håplaust resultat der og…


Bloggtørke har det og vært!! …men skal tru om den er over no!?? Etter at eg har vore i godt sig ei stund håpa eg det ikkje er over!! No har eg problem med å få lasta opp nye bilder då eg må kjøpe meir lagringsplass og det har eg ikkje orka å sett meg inn i enda, så er det nåkken som har eit godt råd så tek eg gjerne imot det!! ;)) 
Prøvde no å laste inn disse bilda i dette innlegget og det gjekk plutselig bra.

Eg har i fleire år hatt «ryggvondt» innimellom dårlege periodar og til tider ikkje så gale plaga berre «vanleg låkt i ryggen»…
Etter 1 vekes sjukehold opphald i september/oktober 2009 der eg ikkje kunne gå på grunn av ein liten prolaps har eg blitt stadig verre.
I eit år gjekk eg på rygg/pol. på sjukehuset med trening tre gongar i veka. Dette var trening basert på å styrke dei indre musklane langs ryggsøyla som man til dagleg ikkje trenar, i tillegg til all den andre fysiske aktiviteten eg har (hundar, trening etc.) trudde eg at eg skulle få bukt med ryggen og få den tilbake til «normalen». Men slik skulle det ikkje gå og i januar 2011 blei det operasjon der eg blei «lovd» ein god rygg og endelig tilbake i godt gjenge ;)
Men…………., slik skulle det sjølvsagt ikkje gå!! Det virka bra med det same, men etter nåkken daga heime begynte eg å få problem med høgrefoten, her fikk eg nervesmerter som gjor at eg ikkje klarte å stå stille med foten ei heller sitte. Det blei inn og ut av sjukehuset i lange tider med medisinering og lovnad om at det raskt skulle gå over, slike smerter varer ikkje meir enn normalt 3-5 dagar…Her blei det 3-5 månader og dei begynte å avta ut i mai.
«Gløymer ikkje ein gong der stod ei seng i gangen medan eg venta på legen, måtte berre hive meg oppi den for smertene blei for heftige!!».
Etterkvart gjekk det so langt at huda i foten blei overfølsam – når vann dråpane frå dusjen traff hud overflata på foten var det som å få elektrisk støyt. Når eg begynte å trappe ned bruken av smertestillande som ikkje hjalp meg begynte eg uheldigvis  for alvor å kjenne kor dårleg ryggen var…

Etter god oppfølging blei det etter kvart beslutta å forsøke ein ny operasjon då dei såg at det ikkje var danna nytt «bein» i avstivinga…Det var satt inn «krystallar» som skulle gro og stive av. Dei har på underleg vis forsvunne frå ryggen min - kvar dei har tatt vegen må andre enn eg og legane svare på (kanskje skal eg sette inn annonse; "Krystallar på avveie!") Altså ingen groing/tilheling og det hadde sjølvsagt ingen erfaring med slikt då produsenten heller ikkje hadde erfart dette tidligare…

Håpet var at det ikkje skulle skje «komplikasjonar» slik som operasjon 1!!

Operasjon 1 gjekk dei gjennom magen men no skulle dei operere gjennom ryggen og for å ikkje få «kunstig» bein tok dei mitt eige bein av hofta for å sette inn i ryggen…
No har det gått rett i overkant av 6 månader etter operasjon 2 og det har ikkje vært så veldig oppløftande månader. Store smerter som eg må leve med, det er tungt både for meg men sjølvsagt også for resten av familien!!
Etter at eg i løpet av juli fekk "nervesmerter" i hovudet som gav overfølsame kinnbein måtte eg til med ny medisin…Heldigvis kom det raskt under kontroll :))

Eg har ingen gips som viser ei broten arm eller fot - derfor tok eg eit bilete av korleis eg ser ut inni ryggen sist eg var på sjukehuset…
Når eg såg på bilda på sjukehuset kom det sjølvsagt litt ymse frå meg...«Litt av eit kunstverk da!» - «Ja eit verk er det, men dei fleste ville vel kanskje kalle det eit byggverk» sei legen – «Ja, eller for mitt vedkommande eit MAKKVERK!»
Eg er liksom ikkje så fin verken foran eller bak………….så kanskje betre i profil!???

Eg har vel ingen forklarelseplikt over alle som lurer på korsen det går med meg, dei fleste vil berre vise omtanke og eg bestemme sjølv om eg vil svare eller ei, litt kjipt å sei det går forjækli kvar dag, så svara som regel «jo takk, berre bra» det dei sjølvsagt ikkje veit er at det er på min sære rare måte det er bra. Akkurat passe til å stå på beina atter ein dag og foreløpig nåkke lunde oppegåande i haude – JA veffal etter meg sjølv å dømme!! Resten får ta meg så eg er ;))
Det som er verst er dei som eg kan sitte å prate med, folk som kanskje står meg nærare og eg har ein følelse av at dei ikkje trur meg, eller har forståelse for at eg kan ha så store smerter sjølv medisinering, og forståelse for at eg ikkje lenger har det overskuddet eg ein gong hadde.
Det er til tider svært tungt og sårende å svelle det at ein blir behandla så forskjellig no enn kva eg gjor før eg blei så redusert.
I tillegg til ein fantastisk familie må eg takke for støtte frå gode venner – det er i slike tider ein ser kor godt det er å ha slike venner 
 

Her er ryggen før stinga blei fjerna...Magen er fortsatt ikkje "grei nok" til å visast...men "den fremre rumpa" (som det ser ut som) blir nok bedre etterkvart...

Eg skulle så gjerne kunne gått ein dag, berre ein dag utan smerter!! Kunne legge meg i senga og kunne slappe av i muskulaturen utan å kjenne intense smerter. Her ein kveld la Tom handa si på hofta mi akkurat i det eg skulle slappe litt meir av i ryggen…………..for å sei det slik trur ikkje han gjer det igjen med det første ;)) Han kjipte seg av hylet mitt og meinte han var forsiktig og det var han jo, men korsen kunne han sjå at ikkje heile ryggen var skikkelig spent…Så måtte vi le litt – godt å kunne sjå litt humoren i det.
Mamma sei ofte til meg at: «Anja – humøret ditt er ofte din verste fiende!» Kanskje har ho rett i det…for det er ikkje så lett for folk og helsepersonell å sjå kor jævlig ditte faktisk er...Heldigvis har eg oppfølging av folk som kjenner meg ;))

Men, så kjem eg til det at vi har kun eit liv – eg vil bruke det, prøve å gjer det aller beste for meg, barna våre og familien min…eg vil at vi skal ha det så bra som overhode mulig  

No håpa eg berre at eg ikkje har plaga nåkken med for masse negativ lesing!!
Skal love (håper eg klare å halde det) at det ikkje kjem så masse negativt frå meg fleire gongar ;))

Eg har min dag i handa og skal gjere mitt beste for å forvalte den så godt eg kan! Dei skikkelige dårlige dagane skal ikkje ta kontroll på mitt liv…dei SKAL eg fortsette å flire vekk!!

Ønska dåkke ei god natt, ein fin fredag og riktig GOD HELG!!    
Klem –Anja-



Gaustatoppen 1883moh

Tilbakeblikk på oktober så har eg litt lagra i minnebanken...Det vart nok ikkje heilt den hausten eg såg fram til i fjella og som eg alltid...