torsdag 21. mars 2013

Nye Langevåg skule

Endelig fikk eg ta i augesyn den masse omtalte på godt og vondt NYE Langevåg skule!! Onsdag 20. mars frå kl. 09.00 var det åpen skule for at alle som ville sjå den nye skulen skulle få det. Undervisninga i klasseromma gjekk «som vanleg» så vi fekk sjå kor elevane jobba og skulle konsentrere seg med så mange vaksne som gjekk rundt…
Begynte i første etasje der det er administrasjon, helsesøster (ein gang i veka), personalrom etc. og ikkje minst har Kultur Skulen fått det flott!! Skulen har fått eit flott musikkrom/allrom huska ikkje kva det heite ved hovudinngangen men som brukast ved framføringar etc. flott tillaga og utrulig å få sjå dette på ein barneskule!!

Lyst og herlig med vindaug innvendig til alle rom, nede jobbar rektor etc. dei har også fått seg eit flott personalrom – dette unner eg dei verkeleg, det var flott og ein fekk lyst å slenge seg nedpå å ta ein prat ;)
Eg såg flotte og brukarvenlege rom overalt!! Eit supert skulekjøkken – nesten så eg fekk lyst å begynne å lage mat med ein gang…Nemnte på omvisinga at eg kunne tenke meg å gå opp igjen barneskule :)) Kanskje en skulle hive seg på dei siste to åra så fikk eg friska opp litt så har eg litt meir å gå på når eg skal hjelpe Katja med leksene, kanskje er det fleire som vil joine meg!??

Klasserom, garderobe og toalett var upåklagelige!! Rolig og ikkje ein lyd kunne høyrast gjennom veggane/vindauga...


Tok meg ein tur ilag med fleire rundt på uteområdet, har høyrd forskjellig om dette frå andre foreldre men eg syns veffal dette var utrulig bra!! Fint med skog å leike seg i, svææær fotballbane, leikeapparat og fleire er på veg så fort tela sleppe taket…
Eg spurte Katja igjen i dag morgon om korsen ho likte seg i friminutta i uteområdet? Svaret var med begeistring i stemma…«Det er kjempe kjekt, vi har to skoga å leike oss i, forskjellige leikeapparat, slåball og så kan vi finne på masse anna kjekt, det er masse betre enn på gamle skulen!!»....Så då undra eg litt på kva «vi» vaksne «gnelle» om, er det ikkje barna våre som skal vere fornøgd, så lenge dei er det så trur eg debatten om «det eine og det andre som ikkje er bra nok» kunna leggast brakk til det blir eit reelt «problem»…
Det skal seiast at eg ikkje har tatt ein aktiv deltagelse i den debatten og difor ikkje så godt informert, eg har berre høyrt ein del av det som er blitt sagt...
Kvifor ikkje slåball på stativa? Katja sa at dei spilte slåball i friminutta men kanskje den ikkje var komt opp for dagen enda…«Det er slik for at folk ikkje skal ta dei da mamma»

Eit anna «problem» er kva gjer man med gamle Sula vgs bygget…
For meg ser dette ut som eit fint bygg med teglstein som skal vere lett å vedlikehalde, ein kan vel ikkje berre rive eit slikt i mine øyne for nytt bygg!?
Kanskje om 5-10 å er Langevåg skule igjen sprengt og det er behov for ekstra klasserom, kva er vel då betra enn at bygget står der «klart»...Heldigvis er dette ikkje opp til meg, men her må vi tenke på fleire måtar ;)
Her håpar og trur eg dei fleste vil trivast ♥♥♥
Vil gratulere elevar og foreldre med ein fantastisk skule og ikkje minst alle lærarar og assistentar med ny arbeidsplass!!
Sola skinne og med eit lite glis om munnen vil eg ønske heile skulen lykke til med den offisielle åpninga i dag!!

-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...