tirsdag 23. juli 2013

Sjarmerande skatt

Ein herlig morgon når ei får sjå sin lille gut holde godt rundt pappaen sin mens dei søve ♥♥♥

...på akkurat sitt sjarmerande, gamle, slitte, lille og heilt seg sjølv, jepp ein liten skatt i skauen ja, det er heilt rett - hytta vår i Laupet på Drolsum ved Vikersund eg snakkar om...
Den lille hytta har dei siste åra fått litt nye fargar på tak, veggar og golv greitt å få det lyst og gjere litt om...Er så fornøgd med å få det lyst så skal vi endre litt meir etterkvart, men er aller mest nøgd med mitt nye og rustikke kjøkken og då spesielt kjøkkenbenken som vi kan sitte å nyte ein deilig kopp kaffi på morrakvisten ♥ Gleder meg alltid til å finne på litt nytt her nede og er klar til å gjere ein liten innsats med hagen og ikkje minst eit etterlengta anneks eller som vi no snakka om å bygge på to soverom og utvide badet litt...kven veit?? Vi får berre sjå det an...

Her er veffal nåkken bilder som eg la ut på instagram frå hytta vår i ferien...
 
 Katja på terrassen der vi kosa oss med masse puter og tepper, her hadde vi også grill piknik ein dag...
Når vi først er utandørs kan dåkke få sjå litt av dei forskjellige blomstrane som er rundt om på marka...
 Stemningsbilde frå den kvelden vi hadde hatt storreigjering og barna sitter her med kvar sitt fotbad og det er derfor dei sitter så rett! ;)
Her er kjøkkenbordet med det store sikringsskapet som eg la tekst på slik det ikkje var så usjarmerande, under ser du favorttbenken min!!... Barna på stua og bildet under er det senga vår og til slutt blomster og lys på spisestuebordet...
Litt småprosjekt må til og då ting som eg klarer for tda og då blei det beising av nåkken nye hyller og ikkje minst sitte i sola og strikke ei megapute, deilig og god blei den men steike så hett å ha å fanget i sola for det blei meir som eit ullteppe... 
Så til slutt blei det vasking av hytte og sengklede før vi låste av for denne gang...eg har aldri hatt så lite lyst å reise heim og vil så gjerne tilbake snart!!...men då skal telefonen slåas av!!...
 
 
Sola stråla på Sunnmøre i dag også så då er det vel på tide å komme seg ut å nyte dagen og pussle med litt småting...Håper du har ein solrik dag der du er ♥Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...