fredag 30. august 2013

Blomstrande fredag


Sola skin frå skyfri himmel her på Sunnmøre!! Vil ønske alle som ser innom bloggen i dag ein solrik og blomstrande fredag...

Tankane mine går til ho som er savna, familien henna og alle som er ute å leita...måtte dei finne ho i god behold...


Klem -Anja-

torsdag 29. august 2013

Finaste skatten på fire bein ♥


Vår aller beste «gromgutt» på fire bein har hatt ein vellykka operasjon i dag…Bajas har i bikka to månander slitt med infeksjon i eine tåa, det har i periodar vore betre og har sett ut som vi fikk kontroll, men siste to vekene har det blitt masse verre og ny kur satt i gang. No blei vi einige om at amputasjon av tåa var einaste utveg for å få han bra…

Heldigvis var det ingen komplikasjonar og igjen roser veterinæren denne fantastiske hunden som vi alle er så glade i… «Makan til hund og gemytt»!! og vi kan ikkje sei oss meir einig  ♥♥♥

Infeksjonen fekk han av eit kutt under eine tåa då han i eit forsøk skulle prøve ut rullebrettet til Tim Are, vi fikk då konkludert med at «gamle gubba» ikkje skal skate ;)  
No kryssar vi alt vi har for at rekovalensen går bra og at han blir like sprek igjen…godt han var i fin form før dette inntraff

Klem -Anja-


 
 In english
Our very best boy on four legs has had a successful operation today ... Bajas has had an infection in the toe, it has periodically been better and looked like we had control, but the last two weeks has there were plenty worse and new treatment initiated. No we were agreed that amputation of the toe was the only way out to get him good ...
Fortunately there were no complications and again the vet told us what a wonderful dog this is... "What a dog and disposition"! and we agree ♥ ♥ ♥

The infection he got from a cut below the toe was when he in an attempt should try out the skateboard to Tim Are, we got concluded that "old men" should not skate;)
No crosses all we have that everything goes well and that he will be as vigorous again ... I`M so glad that he was in good shape before this happened


Hugs -Anja-

onsdag 28. august 2013

I have a dream ♥

 Her i godstolen kan vi kose oss og drøyme oss vekk...
 
I have a dream...å dei små draumane mine er ikkje så store som før då ville eg liksom berre løfta øyenbryna til dei og sagt «er det nåkke å drøyme om da!?» Men vi alle har vårt og vi har vel alle våre små draumar eller??

Det er i dag 50 år sidan Martin Luther King jr. hadde sin berømte tale «I have a dream» og då er det ein fin dag å bruke den teksten… Kanskje kan vi tenke litt på den talen å sjå om vi har endra oss masse dei siste 50 åra!..
Vanskelig å forestille seg at det skal vere så masse urett rundt i verden, vanskelig også å tenke på at småting skal øydelegge folk, vennar og familie...

– Tidligare var det kanskje litt meir materialistiske draumar frå mi side, litt av det har eg enda for eg har ein liten draum om å finne huset som ligger fint og fredelig til, ein plass der eg kan få ro ilag med naturen…

Den største draumen som eg klamrar meg til kvar dag er å kunne bli bra, eller kanskje vanskelig å sette «så store krav» så då nøyer eg meg med draumar om å bli så bra som eg var før eg tok den første ryggoperasjonen…Då kunne eg gå i fjellet, styre med hus og heim utan å bli «utslått», ta meg av dei rundt med på ein fin måte, drive fult med hund og jobbe litt utan å bli «heilt tappa»…
Eg prøver å henge med så godt eg kan, tek ekstra smertestillande når eg skal nåkke og etterpå må eg finne meg i å måtte legge meg å nei du, D E T akkurat det finn eg meg ikkje i!!
Det viktigste er å prøve å sjå framover, håpe og drøyme om at en ein dag skal bli litt betre. Håp, tru og posivitet er viktig å ta med seg på vegen...

Hadde eit lite håp om flotte fjellturar no i haust, no må eg berre fortsette i det små og øve meg på å gå nedover, men dei store turane må eg nok utsetje til neste haust…men då vil eg gjerne ta opp igjen turane på dei forskjellige flotte fjell, dalane og toppane vi har her på Sunnmøre!! Ein tur eg og ho mor skulle ta var Slogen – den drøymer eg om…Så i mellomtida tek vi Slogen i hagen ;)

Du finn forskjellige slogen ale i butikken...Bildet var tatt ein varm junidag i hagen, så er det bilde frå verandaen til mamma og pappa der du ser Hurtigruta og inn i fjorden bak nokon fjell kjem du til Slogen...
 Dei fleste rundt meg veit kor eg slit med dei plagane eg har fådd, men «heldigvis» er det ikkje så lett for andre å sjå kor gale det er. Eg har det med å bruke «snakkeverktøyet» og latteren for å kamuflere det meste av og til skulla eg likt å holdt litt kjeft, men det er nok ikkje alltid så lett.
Har vist disse bilda på bloggen før...dette er noko eg ikkje skulle ha gjort, men dumt av meg å sei det no, så då er det berre å drøyme om å bli bedre og det skal eg jo bli!! :)))
Men akkurat no er det enklare å drøyme seg til ein «normal» kvardag!!...For det første skal vi forhåpentligvis selje butikken eller lokala den er i og etter eg bestemde meg for det, er det som om ei byrde letta seg for når du drive ein butikk og nesten ikkje har vore der på eit år, er det ikkje lett å henge med på verken det eine eller andre…
Har heile tida fortsatt planen om å bli «bra», så vi tek ein dag av gangen…
Det andre er nok heller inga nyheit, det at vi snusar på å flytte det er litt «vemodig» med tanke på huset og det at det er så fritt som det er her men likevel så sentralt, det ønske vi har om å vere rett i «naturen» og ha enda betre forhold til å ha dyr…nokon gard eller småbruk som Timmen vil ha er eg redd det ikkje blir, men tida vil vise.

…Eg har sjølvsagt fleire smådraumar som surrar, men alle er ikkje like lett å sette ord på…
Små draumar som om at eg kan drøyme meg vekk til hytta for ei veke eller
to til kos og avslapping ilag med familien, det er ikkje alltid så masse som skal til berre små gleder i kvardagen
fine og gode dagar med familien er små draumar i ein elles hektisk kvardag…

Her er vi ferdig vaska ut og låst på hytta...gleder meg til å kome tilbake og drøymer om fine dager!..
Det er viktig å ha draumar, men pass på at nokon av dei er realistiske og du ein gang kan få ta dei ned…det blir tungt om du skal gå å ha store og nesten uoppnåelige draumar små og enkle draumar er greit slik at du kan glede deg litt ekstra innimellom…

Ha ein draumande dag ♥♥♥
Klem -Anja-

tirsdag 27. august 2013

Sorgbinderi ♥

 Dei to dyrbare skattane mine bære blomster til grava til bestefaren sin ♥♥♥
 
Det har gjennom tidene vore leveransar til mange gravferder…andre meir «merkbare» enn andre. Somme tider er det «tøft» å arbeide med det, men det gjer på same tid litt godt, eg gjer mitt aller beste for at arbeidet skal bli så godt som eg klarer og det skal få pryde kirka på ein fin måte.


Det er fleire begravelsar og arbeid som sitte godt i minne…det siste var til min kjære svigerfar for eit knappe par veker sidan. Det som var det finaste med arbeidet var at mi skjønne datter Katja laga alt på eit hjerte til bestefar og skreiv til og med sløyfa sjølv og alt av arbeid og skrift kom rett frå hjertet. Kanskje var det litt av henna sorgprosess det å få kunne lage dette til sin bestefar som har vore så nær ho heile livet...
 
Vil no vise litt bilder av arbeida og litt bilder frå dagen…
Sola skinner inn vindua og kirka er fylt med blomster i dei vakraste fargar...
 Her legger vi ned blomstrane...
 To små gutar har ei stille stund litt bortanfor grava...
 Vakkert var det ved grava på ettermiddagen/kvelden, var oppe å strødde kvitløk overblomstrane for å prøve å halde hjorten borte og satt ned lykt og lys...
 
Tim Are sine ord for nokre dagar sidan ♥ «Han bestefar var veldig glad i oss og det må vi aldri gløyme» ♥

Vakre fargar, blomster og barn…med det vil eg ønskjedåkke ein ferdelig kveld ♥♥♥
Klem -Anja-

mandag 26. august 2013

Blei litt feil...

Likte absolutt delar av brannmuren før eg begynte...men lite å gjer med det no, så la gå og begynn på an igjen!!...
 
Endelig gjekk eg på eit nytt lite prosjekt, dette var liksom for sjelefreden ;)
Endelig skulle brannmuren i stua få ny farge og ville ha ei mørk grå kalkmaling frå Pure and Original. Skulle bli så herlig......åsså blei det så feil!! Jaja ei erfaring rikare og ikkje minst på med nytt mot, ta pussepapiret fatt og start frå nytt igjen. Det er ikkje alltid ting går slik vi ønskjer og faktisk er ikkje livet berre knappar og glansbilete, så derfor deler eg det misslykka resultatet med dåkke ;)
This is my life!!!

Barna er flinke å hjelper til med litt grunnarbeid og maling...herligste skattane mine ♥♥♥
Oppe til venstre er deler av muren før behandling, til høgre etter første strøk, så nede til venstre ferdig med to strøk og ser kor fine nyanser det er i den, så til høgre har strøk to tørka og den gråe giraffen trer meir og meir fram....
 
Vil jo gjerne at alt skal sjå bra ut, men det har seg slik at alt ikkje er bra til ei kvar tid...alle prosjekta mine går heller ikkje etter planen, eg deler gjerne idear og ting eg gjer og som oftest går det etter planen, denne gangen ikkje men eg deler det likevel...Eit tips er at det sikkert er lurt å bruke Wall Prime uansett om du skal ha det på behandla underlag, for hos meg var det kun vannbassert maling under...
Håper eg får giv igjen til å ta det igjen snart!! :)))) 
 

Ha ein marmorert aften...
Klem -Anja-

Grøn svinewok

 
...mmmmmm sunt og veldig godt :))

Eg begynne med å strimle passe stor svinefilet som eg marinerar i olje, 1-2 fedd hakka kvitløk og limesaft frå ein lime.
Kuttar opp hodekål, aspargesbønner og sukkererter.
Woka først kyllingen i varm wok/steikepanne, så kvar porsjon av det grønne.

Til slutt blanda eg alt og tilsette ein "dressing" av 2-3 ss olivenolije, 3 ss kikkoman, 1 (lita) ts sukker, og litt pepper.
Rør inn litt cashewnøtter og den er klar for servering :)))))


Verdt å prøve, ha ein grøn dag!!
Klem -Anja-

lørdag 24. august 2013

Solrik og blomstrande dag ♥

Det blei koselig, vakkert og velduftande...den lekre rosa «Lavender Dream» luktar like godt som den er vakker, i tillegg har vi lavendelen i tønna like ved...
 
Det var ein herlig og solrik dag i går…Tim Are var heime frå barnehagen fordi han hadde litt stygg hoste, vi var inne litt og foreløpig avslutta «prosjekt brannmur» og så måtte vi ut å nyte sola :)
Det er så deilig at sola endelig titta godt fram og vi kunne små pusle litt.
Vi kom heim frå Bergen siste søndag med bilen full av blomster, herlige roser og nydelige pelargonia frå mi kjære søster. No var det på tide å få litt stell på dei som har «blåst rundt» i vinden dei siste dagane!!...
I tillegg til blomster fikk eg den lekre krukka (håper inderleg du fikk tak i ei ny ei Irja!!) og den skulle ei vakker rose få plass i, ikkje mindre enn to sekkar med jord gjekk med og røtene får godt med plass.



Her er bilde før vi begynte, eit avkutta oliventre i eine krukka og massevis av plantar som vil bli satt på plass...Timmen flink å spyle fontena og litt rundt om ;) 
Litt vannkrig er kjekt og spesielt når storesøstra kom ut, då blei det vasking av teppe og litt spyling på kvarandre...
 
Tim Are meina vi må ha stooor blomsterhage, det er veldig viktig for at vi skal få det fint og koselig meina han ;)  Vi har jo den store skråninga på eine delen av hagen som har vore eit «mareritt» eg begynte så bra med å plante rododendronar der, men den er ikkje så lett å holde bra (i natt drøymde eg at det kom ein lastebil og dumpa massevis av masse der, blei fortvila for det blei jo berre meir uorden då! Skjønnar at eg grublar over dagens hendelsar når eg legge meg).
Eg og Timmen blei ferdig med prosjektet ved uthuset og det blei ekstra fint ved «hagestua/badestampen»
Tom og barna var på kvelden på besøk hos farmor ♥♥♥ Eg håper å få ta meg ein tur i morra då eg hostar og er forkjøla vil eg ikkje smitte ho, men når man er vandt med å vere i lag kvar dag savner eg ho når eg ikkje har sett ho på eit par dagar, ho som er så glad i blomster vil nok heilt sikkert like det vi har laga til utanfor døra henna når ho er tilbake...

Ei av dei vakraste rosene har no komt hit...Den er berre så fin og glad Irja fikk tak i den i Bergen, for eg har leita i Ålesund utan hell, trur den blei glad når eg endelig fikk den i jorda etter lang tid utanfor huset til «søstra mi!!»...

I dag skal vi først på Langevågsdagane og delta på sykkelløp, så blir det miniturnering på stadion her i Langevåg :)
Håper det går fint å reise frå Bajas som overhode ikkje er i form i dag, er så bekymra for han...Han har jo hoppa rundt på tre føtter i lang tid no, men over helga blir det sikkert amputering av ei tå, men i dag er det nåkke meir enn berre foten, måtte det gå fort over gromgutten vår ♥♥♥


Ha ein blomstrande og aktiv dag ♥♥♥
Klem -Anja-

onsdag 21. august 2013

Sesongen er i gang...

 
...kanskje trudde du eg skulle sei at sesongen for uten band på hund var i gang, så er det litt feil ;)  Men godt  tenkje på at bandtvangen er over for denne gang...
For no er forkjølelsessesongen i gang her i huset og mor sjølv er sylta tett, låke i kroppen, surrete i hovudet, fryse og sveitta.........ja rett og slett begynnande forkjølelse og då må eg berre ta tak med ein gang!!..

Bruka å vere flink å anbefale dette til dei som ikkje er i form, men gløymer det innimellom sjølv - men ikkje i dag...

Pina meg no gjennom nåkke av det fælaste eg har i meg og nesten så eg brekke meg. Men det har alltid hjelpt eg før og det er vel betre med nåkken minutt med grusom drikke har ikkje vore slett så gale tidligare, men i dag var det fælt enn fleire dagar med låke hals, tett og rennande nase...

Eg anbefala å koke opp 1 liter vant med 6-8 tjukke skiver med ingefærrot og 6 fedd kvitløk. Eg tek som oftast litt meir for å vere sikker på å brenne vekk svineriet, ta gjerne litt honning i slik det blir betre smak...Alt må drikkast og så fort som mulig ;)

Kan liksom ikkje spør om det kunne smake eller fristar, men vil du halde deg frisk så fyr laus...
DettinasaKlem -Anja-

tirsdag 20. august 2013

Blåbærpai


Var så heldig at det var salg av frukt og bær på torget i vågen i dag...fikk med meg stor pose plommer, multer og 5 kg blåbær...
Barna kosa seg med kvar si stor skål med blåbær etter middag og ikkje dumt å hive på ein blåbærpai til kvelds...bæra må nyttast litt ekstra ;) 
I morra må det syltast og vi kan fylle på med meir deilig sylte i fryseren, det er godt å ha gjennom ein lang haust og vinter...

Tante Eirin kom på kveldsbesøk etter ein forblåst joggetur, og tenker det var godt med varm blåbærpai med multekrem og ein kopp kaffi...resten tok ho med inn til mams og paps, så håper det smakte!!...



Herlig blåbærpai:

100 gr. smør
1 kopp sukker
1 egg
2 koppar mel
1 ts. bakepulver
Massevis av lett sukra blåbær...

Forvarm ovnen til 180 - 190 grader. 
Pisk saman smør og sukker, tilsett egget, så litt og litt mel blanda med bakepulveret.
Smør ei paiform (eller liknande) og trykk deira utover og godt opp kanten. Dryss på eit godt lag med blåbær og steik den i ca. 35 - 40 minutter til pausen har fått ein fin farge og litt sprø kant...
Vaniljeis er godt til varm pai, men i dag brukte vi også litt multekrem...mmmm jummy :))

Godt å kunne kose seg litt ekstra på ein heilt vanlig tirsdag...
Det er nesten ein haustkos, men slik som vinden ruskar rundt hushjørnet er det som om hausten alt er her...brrr...godt under ei varm dyne ;)
Klem -Anja-



Matbloggtoppen

mandag 19. august 2013

Frustrasjonen...

...kjem litt på overflata og det er ikkje lenger like lett å holde alt inne!...
Mi kjære svigermor er så glad i blomsterbilder så då hve vi med eit bilde av ein vakker fargeklatt...

…Det er så stille i huset i kveld, nesten som om sorga begynne å vise seg…Svigerfar er borte, men svigermor er berre på avlastning – men så uendelig stille i huset som det har vore så masse «støy» i dei siste godt og vel to vekene!...
Skal tru kor tid eg venne meg til dette? Men, om eit par daga tenkjer eg det kanskje blir godt å stitte på sofaen saman med mannen min å «slappe av» - for det er det lenge sida vi har gjort, det å ha aleinetid på soffan etter barna har lagt seg…

Eg såg no tilfeldigvis gjennom alle utkasta som enda ikkje er publisert i bloggen min, beklageligvis inneheld dei fleste «frustrasjon» - frustrasjon over helseNorge som er så fantastisk!! N O T!!!
Det har vore godt å berre få frese det ut på dataen for så berre legge det til sides utan innsyn. Men som eg har skreve skal dette bli ein «ærlig» blogg på godt og vondt, og no kanskje klar for det første «ærlige men fæle» innlegget mitt..
Meg sjølv er eit stort kapittel, som eg kanskje skal komme nærare inn på seinare, men det som har vore ein stor frustrasjon er eldreomsorga i dette landet…All takk til 96% av heimesjukepleierane dei siste to åra, men jaggu var eg frustrert ei periode då eg som «nyoperert» ikkje fekk «natthjelp» til svigermor og måtte gå til innkjøp av babysitter med kamera for snart to år sidan!!...
Men, eg har eit stort men!!...Sula som politikarane skryte av at er slik ei fantastisk helse-/eldreomsorgskommune!!...Då lurer eg på kor dåkke har vore dei siste åra, kva ser og oppleve de??
Har vi ikkje plass til pleieplassar så må de jaggu få fleire inn i heimesjukepleien, for dette går rett og slett IKKJE!!


Eg er så skuffa over masse av det som har møtt meg dei siste åra!!...eg begynte med tett oppfølging av mi svigermor då eg gjekk gravid med Tim Are, i 2009 tiltok det og eg begynte å «pleie» ho…heldigvis hadde eg svigerfar som kunne sjå etter ho og hjelpe ho med det «vanlige» eller er det kanskje svigerfar som skulle sei det motsatte…Telefonen var flittig i bruk og eg var frå 2009 tilkalla fleire gangar for dag og slik har det gådd. Etter kvart har det tiltatt med stell, pleie, medisinering, vask etc. og det som eg sjølv skulle prioritere som barna, heim, jobb, fritid og sosialt liv blei heilt tilsidesett…Kvar ferie har blit avbrutt for å reise heim til dei derfor blei det til at vi reiste til Thailand i 2012 – for då kunne vi ikkje berre stikke heim
Vi har dei siste tre åra gått gjennom ting som ein «normal» familie overhode ikkje skal måtte gjennomgå i Norges land i 2013!! Vi har hatt to krevande jobbar, eg har valgt å berre lagt min til side då helsa mi ikkje klarer meir…………hatt to fantastiske barn som eg har verdas dårligaste samvittighet for og håpar vi no snart skal få tilbake kvalitetstid som eg veit vi ikkje har hatt så masse av. Det er ikkje rett ovanfor barna at dei skulla ha gått «gjennom» det dei har i dette huset dei siste par åra i periodar med så sjuke besteforeldre…
Eg føler at tida og livet liksom har vore røva frå oss, det er ikkje rett at vi skal no sitte å sjå tilbake på så strev somme år og kva kan og kunna vi ha gjort annleis, vi skal også få kunne gå gjennom ei sorg etter å ha mista far/svigerfar og bestefar!! – ikkje tenke på at vi må jobbe oss gjennom det for å ta oss av ho som sit igjen.
Som småbarnsforeldre skal ein kunne få litt overskudd til å følgje barna opp og ta dei med ut, ikkje sitte inne å passe på eldre mennesker, vi skal kunne få gå på besøk til dei eldre nære, ikkje pleie og stelle dei i tillegg og heile tida ta hensyn til dei uansett kva vi skal gjer…
Eg har gjort mitt beste for å sjå oppegåande ut, sjølv om det ikkje alltid har hatt det beste resultatet, godt er det då at barna mine og mannen min tek meg som den eg er ;))


Det er sikkert ingen som kan forestille seg kor tøft dette har vore utan å ha sett det/vore oppi det sjølve. At folk har dårlig for å tru at ting kan vere så gale som det har vore her har eg forståelse for, for når eg ser tilbake har det vore galskap å finne seg i alt dette…Men, eg har heile tida kun hatt eit ønskje om at mine svigerforeldre skulle ha det så godt som mulig!!
Må beklaga til alle dei som har villa hatt meir av mi tid og alt eg ikkje kunna gitt rundt om, men sosialt liv, hund etc. har blitt lagt på hylla…men det skal snart takast opp igjen!! ;)
Eg er så lei meg for at eg ikkje skjønte at somme episodar med min svigerfar skuldast hans «alvorlige sjukdom» – men, behandlinga som han og eg fekk på rehabiliteringsavdelinga han var på, har eg så inderlig vanskelig for å legge bak meg!!...Eg fekk fleire ganga telefon frå min svigerfar at eg måtte komme å hjelpe han for han fekk ikkje hjelp. Når eg tok dette opp med ein pleier fikk eg spydige tilbakemeldingar og beskjed om at han skulle klare seg sjølv!! Eg skulle berre la vere å ta telefon og komme ut…blei kraftig provosert av den dama og skeptisk på at han skulle vere der, så kom det ei koselig dame som eg fekk prata «skikkelig» med og eg gjekk då ikkje vidare med saka…

Så neste «innleggelse» berre ei veke før han gjekk bort!!....Essa han er så bra at her dulla vi ikkje med dei, han kjem nok snart ut igjen og han er veffal ikkje døande!!...
Men, fredag 26. juli då eg kjeme å spør om han må heim om ei god veke når han er sengeliggande og innimellom ikkje klarer å prate etc. fekk eg eit av mitt livs største sjokk!!!...Der blei eg blankt avvist og snakka skarpt til hjelpe lite å skulle prøve å smile når du har ei slik holdning dame!!, at den 5. august skal han UT for då kjem det andre inn som trenge plassen, utan å prøve å snakke med meg om nåkke anna berre avviste ho meg og peiva stramt med armane!!...Kvelden tysdag 30. juli blei han innlagt på sjukehus, den 3. august laurdag morgon kl. 04.30 gjekk svigerfar bort…Desse tankane frå rehabiliteringsavdelinga kjem opp igjen og opp igjen, eg får frysning over dei og kjenne eg skulla ropt ut til dei kva eg meinte om behandlinga deira.
Akkurat no er eg sjeeglad for at svigermor er på den andre avdelinga og håper ho er trygg der…
Vi har sorger å gå gjennom, no må eg og no mannen min som også har fått ekstra den siste tida, få tid til å komme oss på beina igjen, så har vi nye kampar å kjempe…Som fleire dåkke veit kven det er og eg sette så umåtelig stor pris på støtta frå dåkke har sagt, dei skjønna ikkje koffor livet skal vere så urettferdig for at vi skal få så masse – og no, jaggu skjønna ikkje eg det heller!!...

Det har vore masse ekstra innimellom med «familien» det er ikkje alltid like lett når ein ikkje er så samansveisa som eg og mine søsken er må det fortsette livet ut!!…For når nåkken ikkje er her og kjem å sei til meg at eg tek for stor plass og at eg ikkje har vore så masse med mine svigerforeldre, får ein det så hard i ansiktet at det ikkje løsnar…Eg får frysingar når eg tenkjer på det og har vanskelig for å forstå korleis folk kan sei slikt etter å ikkje ha sett det i det heile!! Eg er lei meg og forferdelig såra, eg har aldri hatt ein slik følelse før…Eg kan aldri forstå det og eg kan ikkje la meg tråkke slik på!!...
Akkurat no vil eg pakke ned huset, ta med meg familien og flytte til ein fredelig plass…men, veit litt betre og skal derfor ta meg litt tid og få roa for så finne plassen vi vil reise til…
Så startar nok den harde kampen om å komme meg fysisk på beina igjen!! Korleis veit eg ikkje enda, men eg håpar det kan bli min tur ein dag :))))
Måtte ingen andre måtte kjempe og bli så tomme som det vi er no…Måtte berre politikerane budsjettere med meir til eldreomsorgen slik at dei alle skal få eit verdig liv til det siste med god pleie og masse b e s ø k a n d e familie rundt seg!!...

God å få ut litt…håper det ikkje blei for masse ;)
Frustrasjonsklem –Anja-

søndag 18. august 2013

Kosedag...


Bilder frå Indianerskogen...spennende og veldig artig!!...
 
...Lørdag og ein heil dag berre til barna og "meg sjølv"!!...
For meg som jobbar mot smertene kvar dag, har hatt svigerforeldre som har trengt meg meir enn eg eigentleg har hatt ork til, er det faktisk uendelig herlig å tenke på at eg har hatt ein dag, der EG låg å sløva litt på soffan medan barna leika og skravla med søskenbarna sine...fantastisk å berre skulle vere tilstades for barna sine!! 
 
Eg tok meg ein kjapp tur for å kjøpe maling, lerret og litt småtteri...barna storkosa seg med blanding av fargar og ikkje minst utfolde seg i kunsten :)))) Dei skjønnaste skattane laga dei fine maleria - fantastisk å sjå på dei, ikkje minst den flotte malerfrakken til Alva som hadde dei vakraste fargane under arma.
Alva, Vetle, Tim Are og Katja laga vakre maleri...utrulig kjekt å sjå kor dei kosa seg!!...
 
Litt etter var det opplett og vi tok oss ein tur i Indianerskogen!! Eg og onkel Stig med dei fire eldste barna kosa oss med tur og leik i skogen, Timmen som liker så godt indianera hadde store forventningar blei glad når han såg alle aktivitetane og "husa"...Herlig å kunne komme inn å få servert ferdig middag ala Irja, så berre kos og avslapping med dei minste, kvalitetstid med Katja då ho fikk sitte oppe lenger...eit glass rødvin i litt bedre forfatning enn dagen før ;) tidelig i seng med skattane mine...

Tusen takk for ein herlig dag...skulle ikkje tru det måtte vere nødvendig å kjøre så langt for å få ein slik dag, men slik er det og no er vi innstilt på å få mange fleire slike daga...
Klem -Anja-



lørdag 17. august 2013

Ein liten avstikker

Fredag formiddag bestemde eg meg for å ta med barna til Bergen for å besøke søster, svoger og mine tre skjønne tantebarn...
Tenkte litt på det tidligere, men eg var så sliten og låke etter begravelsen at eg låg rett ut ei stund og var tidelig i seng. Eg var trøtt og låke fredagen også, men lysta til å sjå familien og ikkje minst glede barna mine med den turen vi skulle ta for nokon veker sidan vegde meir enn forma mi...
Måtte forklare dei at vi ikkje kunne bli ei veke no, men kun til søndag for Katja begynner på skule igjen mandag.

Turen var ekstra lang denne gangen når ein er låke i kroppen og skal kjøre aleine i regnværet...men heldigvis har vi tålmodige barn så turen gjekk greit og eg kunne puste letta ut når eg var ein av dei siste bilane som kom med ferga over Sognefjorden...måtte eg stå over her veit eg ikkje kva eg hadde gjort, kanskje testa om bilen kunne køyre på fjorden som dei nyaste tvreklamene ;)
Men, det blir jo berre tull å tenke på...ferga kom vi med, ein del fine forbikøyringar og så strake vegen til Kjenndalstoppen!!...Eg var berre så utkjørt når eg kom fram - som du ser på bilda, greit å berre vise elendigheita, for eg har ingenting å skjule...har faktisk funne ut at skal ein prøve å skjule alle feil og manglar får ein ikkje gjort anna dei første dagane før psykiatrisk klinikk venta!...så la gå, be yourself and be proud of it!! Skal leve etter det også snart ;)



Beste medisin av alt.........få ein stor og god klem med søstra mi!! Svoger og tanteskattane......kan også ta med eit glas rødvin for det smakte ekstra godt og ikkje minst trur eg det gjor litt godt for sjela akkurat då ;)

Så godt å endelig få den turen til Bergen som eg og barna har venta på heile sommaren, berre synn vi ikkje kan vere så lenge...men plutselig er vi tilbake igjen og då må vi prøve på ein dag ekstra...
Klem -Anja-

fredag 16. august 2013

Gratinert Gyros


...Er ein stor favoritt hos min kjære!.. Han liker så godt potetmos eller stappe, så då er det greit med litt god smak til.
Gratinert Gyros er enkelt, kjapt og godt...du velger sjølv om du bruker heimelaga stappe (som absolutt er best) eller om du laga det av posestappe som eg oftast gjer, eg krydrer godt med forskjellig krydder alt etter humøret ;)

Sett omnen på 200-220 grader...så steiker du passe mengde med gyroskjøtt og laga potetstappa.
Smør ei ildfast form, legg først i potetstappa, så gyroskjøttet, hell over 3 dl med matfløte og til slutt ost på toppen...
Steikast til osten har fått fin og gylden farge...server med god salat og litt brød!!...


Håpe det frista...
-Anja- ;)


Matbloggtoppen

lørdag 3. august 2013

Gje meg handa di ven...

Dei siste døgna har eg søtte ved min svigerfars seng...holdt han i handa, hjelpt han gjennom det siste og prata til han...

...når det kveldar, det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og venlege tankar fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg tenne stjerner i myrkaste natt.
Gje meg handa, di, ven når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

Varme tankar og hender som trøystar er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg gjev langt meire enn store ord!
Lat varmen frå ein som er glad i deg tenne stjerner i mørkeste natt! 
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

      -Sondre Bratland


Ei tøff tid er historie og ny tid ventar...Det har vore nokon tøffe og "vanskelege" dagar, men mest av alt er eg glad eg har klart å vore der for han...

Den siste natta sov han så fredelig og han hadde det ikkje vondt meir ♥♥♥ Stille og roleg hadde vi det i natt der eg og dei fantastiske sjukepleiarane på Medisin 5 ved Sentralsjukehuset i Ålesund passa på han...ja sang gjor eg også...

Kvil i fred kjære svigerfar...vil alltid huske deg ♥♥♥
Klem -Anja-

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...