onsdag 26. februar 2014

Eit lite stykke Thailand...

...i stua ♥
Denne gangen tok vi med oss mange små skatta frå herlige Thailand. Før har vi kjøpt med oss massevis av gaver til veldig mange, men i år blei det gaver til dei næraste og resten til oss sjølve.
Det blei litt av det samme som tidligere klede, nips og naps...så måtte Timmen ha med seg tromma si heim ♥ mamsen fann seg både lampe, nye putetrekk og løpera, buddafigura, duftlampe med forskjellige "favorittdufter" og massevis av "pleieprodukter" som vege meir i kufferten enn nødvendig men så kjekt å få det med heim!! Så på vakre Kho Larn var det skattejakt i sanden etter dei mest sjarmerande corallane som har fått plass på brett og i lyslykt, kosta nada men vegde nok dei også ;)

Vi sit igjen med fantastiske opplevingar, kvalitetstid og gode minne ♥ Herlig å kunne fungere litt bedre enn eg gjer her heime...sjølv om eg lika å få med små skattar heim, er min beste fangst ved å vere i varmen, å kunne få gi alt eg kan for barna mine
Tim Are har hatt litt av ei oppleving då han fikk spille tromme med sjølvaste PK Støbak og Odd Arne Sørensen - to nye heltar som han sist sa han savna i dag tidlig...

Stua er fylt med vakre taiorkidear og vakker duft frå eit fantastisk land ♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...