mandag 10. mars 2014

Katja 10 år ♥

I dag er vår første store skatt heile 10 år!!...Det var eit ønske frå bursdagsbarnet at ho ikkje måtte så tidlig opp i dag etter ho hadde overnattingsparty lørdag er det greit å kvile litt ekstra ut så då var det berre å dra det så lenge så mulig og vekke ho med ein deilig, sunn og god smoothie...GRATULERER med dagen kjære skatten min

Katja med hunden sin lille "Mille"...Katja kjøpte mange kjola til ho i Thailand og dinne plukka ho der ut som bursdagskjolen som Mille skulle ha i dag...

Ho hadde med ei venninne heim og dei kosa og styra på nyrommet til Katja, ho ville nok få enda litt meir orden før gjestane kom...heilt klart og ferdig er det ikkje, men det kjem litt etterkvart ;)
Her blir det laga bursdagsmat som bursdagsbarnet sjølv ønska så det blei pastasalat, pizza, tropisk aroma, Brownies og gele i tillegg heiv vi på litt bollar som falt i smak...mi kjære mamma kom for å hjelpe og tok med tropisken ♥
Før gjestane kom måtte eg ta med meg Katja ein kjapp tur ut for "eit par" bilder...her måtte det handlast raskt då det var både surt og kaldt!! Første forsøk var skivebom rett og slett, trur det er første gang det har skjedd, men eg stod der å knipsa utan at minnekortet var skikkelig på plass og dermed tomt kort!!...........sjølvsagt såg det ut som det blei bra bilder, så neste forsøk måtte gå raskt ;)
Uansett om fotografen ikkje var heilt bra i dag, så må eg sei at eg er meget fornøgd med motivet ♥ er så stolt av skatten vår, skjønn jente som er like fin inni ♥♥♥

Litt bilder av jenta mi må eg sjølvsagt dele i dag, "ny" bursdagskjole og ikkje minst den flotte ponchoen som var bursdagsgåve frå besta og besten...

 Etter ein lang dag måtte eg få nåkken bilder av "småjentene" i huset...Katja: "Når vi tok bilde i sta var ej varm, men no mamma e ej so varm at det koka"...
Litt sliten av dagen, men så godt at jenta blei fornøgd ♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...