søndag 16. mars 2014

Svibel - herlig vårglede

Svibel er både elska og hata...kan godt forsikre at eg elsker dei vakre fargane og den herlige dufta av jul, og på samme tid er den like herlig på våren...ei duft som markera to periodar vinteren og jula i november/desember og våren i mars!

Visste du at svibel eller hyasint som det heiter i utgangspunktet er ein vårblomst som dei aller fleste forbinde med jula. Dei åra eg dreiv butikk hadde vi avskåren svibla på våren det meste blei svinn men som faghandel med respekt for seg sjølv meina eg at vi skal ha tilbodet og fortelle kundane at dette gir ein fantastisk vårfølelse...

Måtte ta med sviblane ut på trappa for litt bedre bilder...Kan vel ikkje sei anna enn at dette er vakkert ♥
Sviblane står i to vasar på eine stuebordet og fylle heile etasjen mi si herlige duft...det er vår i stua med vakre farga og herlig duft...
Ha ein vakker søndag ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...