torsdag 1. mai 2014

Hytta ♥ her finn vi roa...

Beste plassen...heimesnekra kjøkken som er slik eg lika det og sjarmerande på sitt vis, ekstra kos med friske lavendel i vindauget...
 
Det er vel slik at vi alle deltek veffal litt i "ein hektisk kvardag" og treng litt ro innimellom...
Er det ein plass eg finn roa så er det på hytta vår i skauen ved Drolsum på Vikersund ♥ Eg har omtrentlig frå første dag storkosa meg der sjølv kor gammalt, utslitt og shabby det var har det alltid vore nåkke spesielt med denne plassen! Tok litt tid før eg kom over skrekken for utedassen, men det gjekk det også! :) Men, no har vi gjort masse her opp igjennom åra, prøvd å holdt det ved like, lett oppussing og beskjæring rundt.
Då vi i 2009/2010 tok over hytta blei det litt meir gjort, då kunne eg begynne å sette mitt preg på hytta. Tek litt tid, men litt etterkvart blir det meir og meir eg som set preg på det.



Her kosa eg meg kvar morgon før hytta vakna til live...då er det meg og dei firbeine rundt føttene mine, men her har jaggu "Sky" lånt plassen min ;)
 
Vi har no pussa opp alt den er jo ikkje så stor, så det var igrunn fort gjort, men vi har igjen vindu etc. Vårt ønske no er å få bygd på eit soverom og ein god gang slik at det blir litt meir romslig og ikkje minst bedre plass for klede etc. Etterkvart blir det nok eit anneks for å ha meir plass, men i første omgang får vi ta rommet slik at det blir meir behagelig i sjølve hytta :)
No i påska fekk vi ta vårreingjeringa og elska det!! Tom og naboen rista godt på hovudet når dei såg meg gå i dusjen på kvelden...men det gjer så godt for sjela å få gjer litt, så får heller kroppen svi "litt" ;)
 Hytta på nedsida...her har vi begynt så vidt med beskjæring..
 Her ser dåkke forvandlinga vår...Skulle berre spa vekk litt grastusta og røtter og lage bedre mark, men når vi la ned så masse arbeid så måtte eg og Katja på innkjøp av blomster ♥
 Syns du det blei fint!??...Her planta vi Azalea, Helleborus, 2 roser, Muscari og buxbom..

Eg har alt gløymd den fæle turen heim i påska, då eg vrei meg i alle retningar og stod å kjørte, det kom frå Tom "jaja, blomsterbedet ditt blei nå fint det!!" Han syns jo det er heilt tullete kor eg styra, men om eg ikkje hadde gjort det dei tre siste åra hadde eg "bikka over og tapt" og det har eg jaggu ikkje tenkt å gjer enda :)
I og med alzheimerlight slo inn har eg meld på utstilling i Drammen 1. juni og vi får oss ei langhelg på hytta der vi reiser onsdagen :)) JIPPI ein tur til fø sommarferien!!... 


No er gubben snart ferdig dusja, så då skal vi og ei småsjuke Katja snart reise på Sunde å spise middag..Tim Are har lagt der i natt og er sikkert klar for ny fjelltur i dag ♥ ja, det håpa eg også at eg blir når skrotten har blitt varm :)

Ha ein fortsatt flott 1. mai ♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...