torsdag 5. juni 2014

På tur med herlige barn

Ho mor har gjort klart for servering...
 
...til Blåfjell gjekk turen i dag :)
Katja og Ingeborg var klare etter skulen, jovisst skulle dei sjå eit program før turen, så medan dei såg på fylde dei muffinsformene med røre...ja, det blei røre både her og der, men syns jentene er flinke så ordna sjølve. Dei gjekk på butikken for å handle inn til middag og muffins...Medan eg klargjorde middagen, laga dei muffins og såg på tv.

Emrik blei med Tim Are frå barnehagen så dei fekk litt mat før vi tok turen opp til fjellet.

Utrulig bra å kunne ta med seg nystekte muffins, ei fin "gulrot" på toppen det...I dag blei vi der ei god stund, såg på turistskip og barna sprang rundt, leika, ropte og herja. Traff også ein sjukepleier som eg har hatt så god kontakt med på sjukehuset og ikkje minst her i Langevåg...ho he berre vore fantastisk støttande og er så glad for å ha kunne prata med ho innimellom...

Vel heime hadde Tom fått lasagnen i ovnen og vi kunne spise varm kveldsmat!!
Er så ufattelig heldig som har så herlige barn, og sjølvsagt snille og greie venna som blir med på tura ♥

Tim Are ser ned og prøva å få kontakt med vennen sin Heine som bor "rett der nede"...Det er både langt ned og bratt så lenger fekk han ikkje gå ;)
Fire kjekke barn som beundra utsikta...

Det er ikkje lett å gå på tur og veffal ikkje fjellet, men eg elska det og med vondt skal vondt fordrivast...du må ikkje bli forbausa om du treff meg på fjellet med rennande tårer...eg grin ikkje asså, dei berre kjem ta seg sjølv når det er så innigranskauen vondt!! ;)
 
Tim Are når vi starta på vegen oppover: "Du skjønna ho mamma klare ikkje å gå så fort for ho har så vondt i ryggen...men en dag blir ho bra og det blir fantastisk for ho!" :) Herlig den guten våra, så omtenksam og snill ♥♥♥Så Emrik: "Du går jo veldig fort for å ha knøkke ryggen!!" Prøvde å forklare han at den ikje var knekt men operert, og då ville han sjå arra...

Kjempeflinke barn som er kjekt å ha med seg på tur...Dei blir med når dei vil, kan ikkje ta dei med kvar dag i fare for at dei blir lei for det er kun lystbetont, og snart må vi på nye spennande plassa ;)
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...