tirsdag 26. august 2014

Oppmuntring i kvardagen ♥

 ...kalte mamma det, og det gjorde utrulig godt akkurat i dag ♥ omsorgsfull den mammaen min...
Mamma kom med disse nydelige rosene i dag...
Rosene står fint på stuebordet og varma ♥ mitt...
Mamma kom på døra i dag med heilt nydelige roser og med hjerte sjokolade med "Tenker på deg" ♥ det er godt å ha med seg at det er nåkken som står meg nær når det er ekstra vonde daga... 
Kan meg handa på hjerte sei at vi har lagt nåkken år med store utfordringar og masse store smerter bak oss. Det var fantastisk å få "ein ny start" på hytta i sommer, med dei vekene fikk vi satt vår lille familie i fokus og ta avstand til masse anna.
Kom heim som eit nytt menneske, men fortsatt med smerter i bagasjen...var oppegåande litt, så blei det nesten ei veke eg så vidt var på beina. Ved første mulighet til å klare ein fin tur tok eg den og lada batteria, herlige inntrykk verdas flottaste utsikt...
 
Ryggen og foten har blitt bedre enn dei sengeliggande dagane, så hadde vore greit å slippe ekstrem vond nakke og stikkingane til hovudet i dag, slik at eg kunne få komt meg ut i sola og laga til nåkken krukker ;)
Men, istaden har eg tatt det heilt rolig slik at Tim Are får kome på si første fotballtrening med jevngamle, og så har vi visst eit foreldremøte for klassa til Katja. Kvardagen stoppa ikkje opp og venta på at smertene skal forsvinne, så ein må berre bite tenna sammen og møte dagen med eit smil :))))
Tusen takk mamma!!! Du gjorde ein litt mørk dag veldig lys ♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...