tirsdag 7. oktober 2014

Vindfull tur

Ein sjøvfi av meg og skatten min
 
I dag formiddag tok eg, Tim Are, "Nora", "Sky" og "Mille" ein kjøretur med retning Barstadvika. Vi gjekk oppover i herlig haustver gjennom bjørkeskogen og opp mot Romestrandhornet eller  Festøykollen som det ofte blir omtalt som.
Vi storkosa oss og var superspreke...Kjem oss lenger opp og vi møtte vinden, vi gjekk ganske så lang opp før vi satt oss litt i le og tok oss ein kopp kakao og kaffi. Medan vi satt der var det to damer som snudde då vinden kom i så kraftige kast. Vi surra oss inn og gjekk på med friskt mot -  og ja, friskt var det på både den eine og andre måten!!...
Vi gjekk eit stykke til oppover før vi måtte snu...eg gjekk å holdt Tim Are fast for at han ikkje skulle flyge avgårde og då blir turgleda ikkje rett så glad som den skal vere. Dermed blei det til at vi satt snuten nedover igjen litt skuffa både eg og sprekingen min, men vi var berre samde i at vi tek opp igjen turen om ikkje så lenge!!...
Ønske til Tim var at neste gang skal besta og besten, Tom og Katja også vere med ;)
"Nora" klar for tur...
 Ei spikkepause i "bjørkeskogen"...Tim Are var sikkerhetssjefen på turen der han hadde med sin eigen kniv...
 Vakkert mot Sula, Hareid og Breisundet...
 Festa Timmen i langline slik eg hadde kontroll på han når vinden gav han motvekt drog eg ;)
 Her har vi søkt ly...
 Intulla i vindtette klede skulle vi prøve oss på ein sjølvfi...det blæs og det visast... ;)
 Etter vi begynte å gå ned igjen kom eg på at eg måtte ha bilde av toppen...surt å snu så nære målet, men fin tur var det uansett!!
 Vakkert mot Hjørundfjorden...
 Vakje mykje hjelp i å stå bak denne varden, men på veg ned stoppa vi her for å prøve å ta bilde, njaaa litt misslykka...
 Våre svarte skatta "Sky" og "Nora"...
 Så prøvde vi på bilde lenger nede og funka greit det...
♥ Tim Are ♥ Mille ♥ Sky ♥ Nora ♥
♥ Tim Are ♥ Mille ♥ Nora ♥ Sky ♥
 Nora med kløv...
 Kan ikkje anna enn å bli sjarmert av disse to...
 Tim Are turvenn og fotograf...
 Enda ein koselig rast på veg ned igjen...
 Tim Are har sett nåkke i den forheksede skogen!!...Lille skuespilleren vår hadde litt av kvart på lur ned skogen :)))
Den forheksede skog med mange historier og action undervegs i regi av guten vår...
Rakk eit møte udusja her heime og gledde meg til ein varm god dusj...men, så har Sula Kommune stengt vatnet til i morra tidlig...Jaja, godt eg har familie som eg kan dusje med så då får eg enten kjøre til mi lillesøster eller heim til ho mor og han far...
Fin dag og alle "tanka" var for ei tid bokstavelig talt blåst vekk ♥♥♥
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...