lørdag 22. november 2014

Gavehuset Anjas♥Skatter

Overskrifta var først "Namnet er klart" og skulle publiserast mandag/tirsdag men nåkke gjekk feil så derfor kom det ikkje før i dag...dermed blei det overskrift som vårt nye markedsføringsnamn - Gavehuset Anjas♥skatter.
Heilt sidan eg bestemde meg for å åpne igjen har vi vore innom kva slags namn som skulle brukast…Eg var vel klar på at Gavehuset måtte eg gå bort ifrå, men NO har vi i tre veker sagt butikken og Anjas skatter, det fell liksom litt feil då vi har brukt eit namn om butikken i mange år. Då eg kjøpte Gavehuset i 2008 var det innarbeid og merkenavnet eg betalte for…
Må berre dele nåkken tidligare bilder frå Gavehuset...
Trykk på bilda for å sjå dei betre...


...Ja, det er mange Gavehus rundt om i landet «Gavehuset Gol», «Gavehuset Bikuben», «Gavehuset Brekstad» «Gavehuset Bryn» og enda fleire, men du har berre eit Gavehuset AS og det er det eg har hatt sidan januar 2009 og det har aldri vore stopp i bruken for å sei det enkelt: Vi har aldri seld Gavehuset AS, det blei oppretta nytt Gavehuset Langevåg i 2013 som leigde lokalet våra. Då dei ønska å flytte ut beslutta vi å ville selje bygget pga at eg ikkje er nokon utleigar eg er berre ei enkel butikkdame ;) Men, å sjå det stå tomt etter så mange år reiv i hjarte...så då var det berre å prøve å åpne dørene igjen for å få blomster i sentrum igjen, samtidig litt gaver og interiør som høyre med i eit Gavehus :) Heldigvis har vi leikebutikk i sentrum og då slepp vi å tenke på det og eg kan nytte meg av halve lokalet!! Det har seg slik at eit lokale med lager og bakrom på over 300m2 er vanskelig å halde i shape og veffal når helsa skranta, så var det berre å dele opp. Om eg hadde leigd er det stor forskjell på å leige 100m2 og 300m2 prismessig, men for vår del spilla det inga rolle då vi foreløpig eig lokala sjølv. 
No har vi endra litt slik at vi kjører undertekst/merkedsføringstekst - Gavehuset AS Anjas♥Skatter som blir ein vri som vi og kundane kan kjenne oss igjen i...  Vi var inne på tanken å kun bruke Anjas skatter, men alle vi har vore i kontakt med så forbinde dei plassen og butikken med Gavehuset og blir heilt feil å ta det vekk. Vi har fått tilbakemeldingar kvar dag om at det er kjekt at vi åpna Gavehuset igjen og det blei nesten feil å gløyme namnet sjølv om eg sa at namnet ikkje var på plass…

No etter dette innlegget blei skreve har Gavehuset Langevåg AS bytta namn til "Gavebutikken det glade hjørne" - så då blir det ein overgang der det igjen blir eit Gavehus i hjarte av Langevåg sentrum og på den plassen det høyrer heime ;)
Ja, eg har tenkt litt gjennom kva som har vore på Gavehuset gjennom tida og det er jaggu mykje!! Men, tidene forandra seg og det gjer også trendar og etterspørsel. Men, ein ting forandra seg ikkje og det er at de skal kunne få klassisk og tidlaus interiør og pynt med litt av tidas krydder innimellom!...

Skjønna at det kan bli snakka om og ikkje heilt forståing med det ang namn, men håpe forvirring av namna legg seg og folk skjønna litt kva "merkenavn" i bunn og grunn er ;)
Ha ein mindre forvirrande kveld 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...