lørdag 28. februar 2015

Laurdag...

 ...kjem ikkje unna at eg skulle hatt betre starta på dagane, men i dag satsa eg på at det gjekk fint og fort over...sjølvsagt gjor det akkurat det ;) For i dag kunne eg ikkje bevege meg frå rygg til side utan at det reiv slik i at eg kunne svimt av! Men smertene bruka ikkje stoppe meg og er slettes ikkje redd dei, men i dag klarte eg ikkje snu meg uansett kor eg tok i...så det blei eit trykk i pumpa og eit par minutts pusting før eg prøvde igjen og då med mi staheit gjekk det fint, og samtidig heilt greit at dei tre andre søv så slapp dei å sjå grimasjane mine :)))
Kvalm blir ein men gjekk fort over og i bakhand har eg...ja eg har sagt det før men ein god ting kan ikkje seiast for ofte - eg har Godt og Blandet!! ;)

På eit firekvinnesrom med forskjellige personlighet må ein vere klar for ei problemløysing...såååå godt at eg tok med meg dei digre øyreklokkenene mine!! Ikkje berre helde dei blesten ute på tur, men også ganske lydtette ;) så det starta med musikk på så må eg spare på straumen og det funka utan lyd også :) JIPPI så rare som eg er så låg eg i natt med råååååsa øyreklokker og fikk betre nattkvalitet...steike det lønna seg innimellom å ta med litt ekstra!
I dag tidlig enda stille og mørkt på rommet ligge eg der med mine sære påfunn... ;)
For ein hundefamilie eg er ein del av ❤️ Etter eg var på badet kom eg inn til ei koselig melding frå Tove og det at var det nåkke eg trengte var det berre å sei frå! ❤️❤️❤️ Tusen takk!!!...Ekje farlig å vere lagt frå dei næraste med slik omtanke som fleire har vist meg.
Trappetreninga går veldig bra...litt svimmel så tek det litt rolig ;) tok video som skulle vise kor flink eg er (jadda ein heil masse sjølvskryt!!) men fekk den ikkje inn via telefon så får eventuelt legge den på fjesboka...
Etter eit par topptura var eg fullstendig gåen og klar for senga...tek på med dissa turane til toppen(av trappa)!! 
Litt rart det her med at ryggen er lengre ut enn rompa mi!!...har jo liksom ein sving inn på ryggen og ut med rompa, sånn er det veffal ikkje no!!...Kanskje ikkje så lett å sjå på bilda med det er ganske så tjukk ryggen har fått...
Her står eg asså med sida til (du kan sjå det på den streken i buksa) kan veffal ikkje skryte av ei veltrent sprettrumpe no da!!...og når eg kanskje har det, har eg liksom ikkje for vane å legge ut så forbaska masse bilde av meg sjølv ;)
Liksom greit no når mine næraste og venner ikkje er her så får dei med seg at alt går greit likevel...

Så må eg berre få skryte av dei så jobba her!!! Så utrulig snille og greie (ja nåkken sei ikkje det, men då må dei ikkje vere så vanskelige!)ja så langt har eg berre gode ord ❤️ Går i gangen og dei smile og gir meg positive tilbakemeldingar og sei eg er då flink som er ute å går!! Etterpå kjem dei inn med vatn, ei stund seinere "du har det bra? og du har vatn, vil du ha nåkke anna, kanskje kaffi?" Ja takk!! :) Eg er sjølvhjulpen stort sett, får litt mat og handduka servert...syns folka her er så flotte!!! 
Ikkje den værste maten her asså...men den derre hersens movikol (eller kva dei sei) kunne dei berre tatt sjølv!! Den er mindre god men skal visst funke fint for magen...men hallo!!? Er jo ikkje magen eg er operert i ;) hihihi...skjønna dei asså, men mage er mage og det der ekje godt ;) 

Så toppa heile "laurdagskvelden" seg då eg fekk besøk av Anne Lise og herligste Mathilde!! Utrulig kjekt med den omtanken eg har fått og den sette eg svært stor pris på!! ❤️❤️❤️ Det at Anne Lise tek med seg lille Mathilde og kjem heilt frå Rakkestad sei sitt!!! Så lenge sia eg har sett ho at det gjorde å ufattelig godt ❤️ Etter dei reiste låg eg med tårene trillande på puta...berre så glad for at eg er så heldig å ha så flotte folk "nær" meg men likevel så langt unna...men no skal det ikkje bli lenge til eg kan besøke dei i Rakkestad :)
 
Skjønne Mathilde sat godt på fanget mitt og som Tom sa på telefon etter snappen han fekk...Ikkje vanskelig å sjå kven det er dattera til ❤️
Dei hadde med seg kaker som vi koste oss med til kaffen, ein svær gavepose med truser og snoooooop...så har litt å trene av meg etterkvart ;)

Tusen takk for all omtanke frå alle mulige kanta ❤️ Men de som ikkje er med i hundesirkuset skjønna sikkert no at vi har ein stoooor herlig "bonusfamilie" i disse flotte retrieverfolka!!...
Ha ein fin laurdagskveld rundt om ❤️
Klem -Anja- 


  

fredag 27. februar 2015

Ein slags Karlson på taket

...Nja vi kan samanliknast på fleire måta eg og denne hr Karlson. Først er vi vel passelig tjukke begge to, han har propell på ryggen og eg har den i heile kroppen eg har plaster på ryggen!!...Medan han er litt småfrekk og sur, er eg kanskje litt fleipete og blid :)))
Jauda litt forskjell er det likevel men i dag festa eg meg mest til likheitane... Eg har no bandasje på ryggen dog litt lengre ned enn Karlson hadde sin propell...der eg frå før hadde innsving på ryggen har eg no fått ganske så stor hevelse, men det er nok ikkje så rart etter så godt som dei har røska i den. Kan sei det slik at det er lite godt å snu seg då det rive godt og då kjem kvalmen. Nesten så eg må trykke på pumpa for kvar stillingsendring og ligge slik til verken tek til igjen, så poffe på med nytt og snu meg igjen ;)
Jaudå...ser bra ut så langt, men "bra og bra"...

Var ute med fysioterapeuten igjen bikka tolv og trappene tok eg fint, men hadde ikkje trudd anna (må skryte som Karlson der eg kan) ;) derimot tidligere i dag blei det kun få skritt då det ikkje var mykje tess i meg, låk, svimmel og kvalm - pusta meir som ei sjøløve for å unngå å spy...det er visst normalt at smertene blir sterkere to dager etter operasjon. Smertepumpa dei tok av før eg gjekk i dusjen i dag tidlig er på igjen og skal ha den veffal til søndag.
 
Nydusja, heilt usminka og spydårlig i senga...med fatet på brystet og skiva klar for å få i meg nåkke slik kvalmen ikkje skulle få overtak. Jaja dette er litt av rekovalensen det også, tok på å skulle få seg ein dusj gitt...

Men, så litt tilbake til han derre Karlson...nåkken som huska at han skulle ha medusin mot alt og det var massevis av snop blanda i ei herlig røre...Eg dreg det nok ikkje fult så langt, men nåkke friskt gummisnop hjelpe på kvalmen der eg treng berre ein dings og den værste kvalmen slepp taket!! Så til den derre snickersen som eg tute på den er søt og salt med nøtter og ein slik liten bit funka også fint...Trur det er første og forhåpentligvis siste gang de høyre meg opphengt i snop!! 
Eg ligg smådårlig i senga meg augene igjen og då eg åpna dei kom det ei kjend dame i kvit Ullevål uniform, ingen pleier men Ragnhild frå røntge, og dei hadde skjønneste Shiva frå a-kullet vårt!!! Der står ho å smile vettu med Snickers og godt&blandet!!!...for ein service og omtanke ❤️❤️❤️

Det er var min beste medusin i dag ;) Det her funka for meg!... ;) 

Etter det koselige  besøket tok eg ein Karlson og vips steig forma - er det dette som kallast plasebo!!??...Jaja det får så vere for det funka for meg! :))))
Underhaldning på tv'n og lunsj...funka det etter ein litt dårligere start på dagen ;)  
Halv to kom eg meg på nytt ut av senga og plasserte meg i godstolen på den lille stua her, fekk servert lunsj og rikelig god underhaldning under stafetten!! Var oppe på beina innimellom for å ta mine grasiøse øvelsa og dei blei sjølvsagt utført med 
stil...På innspurten var rommet fylt av pleiera og alle hadde eit håp om at ingen alarmaskulle gå ;) eg sat berre å håpa og sa at det gjerne kunne kome ein grunn for eit blodtrykksløft, men nei ingenting som tyda på det og jubelen stod i taket då Northugen sklei først over mållinja...
Min kjære følgesvenn i korridoren...
På same måte som Karlson har sin propel som framkomstmiddel har eg trillerten min eller profesjonelt kalt preikestol, ja den funka den asså og ikkje minst når eg får dra med meg pumpa mi. Enn så lenge funka det og eg begynne å prøve meg utan i periode eg ikkje er så svimmel...elles er det nåkken som har gode råd for å få høgre blodtrykk!? Ja eg gidd ikkje tenke meir på eit par idiota for eg kjenne at dei er så uvesentlig for mi påvirkning at eg ikkje lenger får trykk forskjell...   

Det er visst fredag og alle ønska god helg på Facebook og det gjer ofte eg også, men kva bilde kan eg liksom legge ut!? Meg usminka i trusa godt skjult av sjuketrøya, med støttestrømpene opp til knea og slangen dinglende frå handa? Jaaaa sææææærlig...det kan jo gi einkvar vonde draumar :))))
Dei siste fredagene har eg tatt eit glas raudvin i dag helde eg meg til vatn og kaffi...men vil uansett ønske alle sammen ei herlig og for nåkken ei hektisk helg ❤️❤️❤️ Eg har inntatt husmorferie og snappa heilt av ;)))
Klem -Anja-
Mi kjære søster sa på telefon at ho digga det første bildet av meg med håret rett ut etter operasjon...berre for å bevise at forma er stigande så slenge eg med nok eit usminka bilde av ei redusert skrulle, men droppa resten av skrotten for å  bevare nattesøvnen rundt om ;) I'm no beautyqueen!!...

torsdag 26. februar 2015

It's a masterpiece!!

This is me!! ;)
 My new masterpiece!!..."heil naken" og dele med dåkke ;)
Handverk på høgt nivå spesisltilpassa meg!! :) 

I dag har eg vore på røntgen og gav dei litt luksus som dei sa... Dei begynte å klargjere sengerøntgen og lurte på om eg klarte å flytte meg over sjølv eller måtte ha hjelp? Ja det klare eg, men skal eg ikkje stå da? Åj eeee kan du det da? Jepp ekje det best da? Jo så absolutt, men vi er ikkje vand med slikt...det er jo luksus for oss dette. Røyse meg ut av senga og dei sei eg kan bruke dei, men eg klare meg fint...så kjem det Oj det var utrulig, dette er skikkelig luksus for oss :) Kjekt å kunne overraske litt her også ;) 
Så kjekt å sjå Ragnhild på røntgen som var å hilste på valpane for eit par veke sidan...ho er jo så koselig og kjekt å sjå eit kjent ansikt.

Blei fole lite søvn i natt berre halvanna time...Så då var det godt med ei bok og den la eg frå meg halv fem...
Det blei litt langdrygt i går kveld og natt...hadde ei på rommet som var redd og engstelig for å få smerter og har kava litt stakkars...men heldigvis får ho sove ein del og har faktisk ei søt snorking :) Tenkte å muntre ho opp i dag, men ho er fole grinete syte og klaga same leksa til kvar som kjem inn og ho snakka med i telefon...men no er eg flytta på nytt rom med ei koselig dame :)
I tre- halvfiretidag måtte spørre ein sjukepleiar som kom innom (måtte vente til det kan ikkje drive plinge på dei for "ingenting"), eg spurte om eg fekk for masse smertestillende for den pumpa går så ofte...ikkje det at eg kjenne det så godt, men den går så ofte og fekk til svar at det er same dosa men slangen er så tynn... Så om eg prøvde å døse av skvett eg når den hiv inn litt...men slik er det å vere var då er det godt eg har gode bøker og skal jaggu ikkje rekke så masse her så då kan eg døse av når eg vil...men snakk om bok ser litt dobbelt etc så det blir lest opp igjen ein del men bere kos det da ;)
Det er etter forhalda veldig bra med meg hoven men ser bra ut og godt å ha smertene på ein anna måte enn vanlig ;) 
Helde humøret på topp for det gjer dagen og smertene betre, ja så blir det sikkert betre for dei som jobba her også at vi ler litt og ikkje berre klaging...

Andre legen som opererte meg var her og vi fleipa godt og sjukepleierane smilte...vi trenger sånne som deg sa han for han hadde hørt at eg hadde vore ute å gått etc. 
I og med det er så "unormalt" at ein er oppegåande etter ein slik operasjon måtte ej berre spørre fleipete om det kun var pingler rundt her. og då flira han og sa at det var bra eg var så eg er... ;)
Han forklarte godt og sa at det var eit bra stort stykke arbeid som var gjort, og ikkje minst var det visst nåkken dyre greier (plate/stag) dei hadde satt inn bak der...steike eg har sikkert stege i verdi!! :)
Narkosen i går var tung for alle som ligge på magen med rumpa i været ligge i tung narkose ;) Herremin jaja veldig kjekt å høre men når vi først fleipa så må eg tåle å høyre såpass...ser synet for meg og det er ikkje særleg vakkert :))))) men rekna med dei he sett det før og kanskje verre ting også :) hahaha...
Avslutta med å sei at eg har vondt sjølv om eg er i godt humør!! Og det trudde han på.

Så har fysioterapeuten vore innom i dag og vi har vore på tur og gjort øvelsa...etter ho gjekk har eg vore på tura sjølv og gjort alt av øvelsa og repetisjonar eg skulle ta. Det er så kjekt å kome igang allereie det er sjølvsagt "litt" vondt men det er ikkje farlig med smerter så det her går fint...I tillegg til faste coctaila så har eg smertepumpa som fiksa det.

Var på devold å handla før eg for og disse kompressjonsstrømpene var fantastiske!! :)

Har faktisk god mat her så spise litt...er litt spesielt når eg spise på sjukehus og fly, då tenke eg alltid på onkel som ikkje er her lenger ❤️

Akkurat no av alle ting har eg så sykt lyst på snickers og godt og blandet surt...litt rar er eg men slik er det berre ;) hihihi...

Ha ein herlig dag og kveld rundt om dei som kan ❤️❤️❤️
Klem -Anja-

onsdag 25. februar 2015

Status...

Status...
...Etter forhalda har eg det veldig bra!! :)
Tidlig oppe i dag for "spriting" og førebuing, jada eg sat på nettet med tv i bakgrunnen då sjukepleiar skulle vekke meg...
Dagens outfit: ei trøye som knappast bakfram, ei truse som er henta frå 50-talets gutteshorts, utvaska strømper omlag same tidsepoke med blå plastgreier utanpå - nåkken av dåkke som veit kor klamt det e!?... ;) Fikk meg ein salig coctail av piller og vips klar for operasjon.

Så bikka sju kom dei å henta meg.............henta meg!, ikkje som å gå sjølv men i rullestol!!!! Herremin eg har aldri før hatt så store problem med å halde latteren inne før :))))) 
Vel framme blei møtte av ei blid dame, og ein portør som ønska meg lykke til blei eg satt midt på gulvet. Detvar det senge til høgre, nåkke tomme som dei hadde klart til eg var ferdig andre låg der nåkken i. Så begynte det å straume på med trillande stola ein skulle nesten tru E6 vart slusa innom...kanskje vi burde snakke rushtidsavgift? Eg satt der med fliren laust...rullestolane var lina opp i to rader og nesten klar for startskotet!! Ja eg såg for meg kappløpet i Top Gun :))))
Etterkvart blei eg henta av koselige grønkledde folk som klargjorde meg...så er det lite eg huska, einaste eg tenkte var "når eg våkna er det gjort!!" 👍
 Ferdig sprita og klargjort...
Enda nærare...skulle nesten hatt bilde i den trillande stolen :)))
Her er ryggen før denne operasjonen...det kunne vore betre snitta den på hofta men pytt pytt...I'm no beautyqueen...
Ein del tima seinare meeeeget bedugga klarte eg å sei ja etter at det var sagt namnet mitt fleire ganga...spurte kor det gjekk men var ufattelig groggy i dag ville snakke men klarte ikkje, men det er sikkert på grunn av at eg blei lagt i tung narkose...så klarte eg å sei "å beina mine virka" poff så var eg litt vekk igjen ;)
Supre folk der asså!!! Alle smilte og hilste så eg berre låg der å smila...
Då eg fekk igjen talensmakt var eg ikkje vond å be!...så eg prata masse med sjukepleieren min superkoselig!! Så fekk eg så fine og gode tilbakemeldingar ❤️ eg er ikkje og har aldri vore god på å ta imot "ros"...men ho sa det fleire ganga at ho var så imponert over korleis eg takla ting og innstillinga mi ho hadde ikkje opplevd det. Det var jo kjekt å høre må eg sei! Før ho gjekk av vakt kom ho igjen og sa at ho var så imponert at ho blei rørt ❤️ Kanskje litt teit å poste det her, men tok det til meg og det gir jo ekstra motivasjon...akkurat slik alle dåkke som har sendt meg gode tanka og lykke, sendt ufattelig fine ord til meg og den omtanken de vise!!!...ej e rørt og føle meg så takknemlig ❤️ Tusen takk for bilder eg har fått på melding, Instagram og delt på Facebook av valpane som er levert...
Eg får min coctail som dei kalla det til faste tider, så har eg smertepumpe som dosera innimellom, der kan eg også ta ekstra ved behov.
Han som var sjefsoperatør kom innom og sa at operasjonen gjekk bra!!!...han lova ingenting 
men håpa at han skal ha klart å dempa litt på 
smertene men bra blir eg ikkje - eg lika ærlege folk!! Han har skrudd ut litt "gammalt" og skudd inn nytt, klemt sammen protesa og stiva av over den...laga større plass til nervane og klemt eller nåkke sånt den nerven som blei strekt for masse under første operasjon. Han er usikker på om foten blir betre men det er forsøket verdt :) 

Så blei det vaktbytte til ei koselig dame frå Voss :) Ho hadde fått beskjed om at eg takla smertene bra...prata godt med ho også og latteren sat laust (Joda kjære eg prøvde å ha den lavt)...
Ho var der då eg kom meg på beina prøvde då først eit ekstra trykk på pumpa og med preikestol som hjelpemidde gjekk det fint...men, med mitt lave blodtrykk var ho redd eg skulle stupe i bakken, imponert over teknikk og meistring ❤️ så det gjekk fint, ingen fall og deilig å bevege beina og bøye dei bakover...ho sa berre "Du er fantastisk!!" å rista på hovudet :) 
Må sei det er godt å ha det med seg ❤️ 



Meeeeget lite oppegåande...heil ærlig heilt "naken"...
Kanyler i fleng
Pumpeknappen 
På beina !
"Korridorpasient"! :) 
Det her blei masse sjølvskryt, men i den perioda eg er i no tek eg imot all positivitet...for eg vil ha minst mulig men samtidig god smertelindring,for det var ein stor operasjon som gir mykje smerte og ikkje minst vil eg klare meg sjølv.

Akkurat no i ettermiddag har det vore heilt greit med kateter så slippe eg for masse fellestoalett (eg kresen overhode ikkje 😉)...Blei liggande halvanna time på gangen då det var arbeidera på rommet...greit no med kun eg og ei til.
Sjukepleierane her vil ha meg på beina i dag og det blir bra...ho eine gjekk forbi døra og gliste då ho såg eg sat i senga og dingla med beina ;)
Eg skulle visst syte og klage denne gangen for ikkje å bli sendt for fort heim...men, det funka ikkje for meg!!!.......sorry, men blir det frustrasjon så trur eg de vil sjå litt klagestatusa på Facebook for å få det ut.

Sjølv om stemma er groggy etter sånn derre slange så har eg prata med dei heime ❤️❤️❤️ 
Massevis av meldinga i ventetida har det blitt og så har dei fått oppdateringar innimellom. På snap er det masse rart...men så fann eg ut tidligare at eg skulle vere heilt ærleg og det funka for meg, og de velge sjølv om de vil sjå meg "naken" for bloggen min er så masse, alt det eg har beskreve og meir til...den funka også godt som terapi ;)

Får mange meldingar og det er så godt...mange med omtanke og ønska eg no blir betre. For fire år sidan (og vegen fram til no) gjekk eg gjennom eit helvete som forandra livet mitt og dei rundt meg...Heldigvis ikkje dødelig, men smertehelvete som ikkje kan forklarast, ja kanskje ikkje så lett å sjå det på meg heller ;) Mange skjønte ikkje kvifor eg "datt ut" av ting og ikkje var som før, derfor vil eg dele denne vegen med dåkke...denne gangen skal eg ikkje vere taus og håpe det etterkvart skal bli ei betring...
Uansett skal eg ikkje legge meg ned om det ikkje blir så eg håpa...EG SKAL LEVE LIVET MITT ❤️ EG HAR FÅTT DET I GAVE AV DEI FANTASTISKE FORELDRA MINE ❤️ det skal levast så godt det går...eg er klar for klemma og gåtura, og eg vil ha gode opplevingar til minnebanken saman med familie og vener...til mi store fortviling vil nok huset ikkje vere strigla, men med barn, hunda og masse glede er de velkomen når eg kjem heim...eg er ei som lika gode vener og ein god prat, ja kanskje litt god mat og drikke...
Det her blei litt meir enn eg tenkte, men skrivekløa tok meg...ja eg har lenge tenkt på å legge vekk telefonen og ta det igjen for eg er nummen i den ein arma og rykningar i den andre, men det er berre på grunn av at eg låg så lenge på magen og armane sikkert ikkje i beste stilling ;)
Tusen takk for oppmerksomheita ❤️ det varma...
Klem -Anja-

Akkurat ferdig å skrive så kom sjukepleieren inn, ho måtte gå og eg fekk hjelp av ein koselig herre som har bodd på Stranda i fire år og vi prata om fjella og turar...så gøy!!! Eg gleda meg til å kunne begynne i det små og skynde meg langsomt :)

tirsdag 24. februar 2015

No e eg klar!!...

Fekk meg ein herlig luftetur i surt vêr her i Oslogatene og etter vel ein time i treningstempo var skrotten varm og ryggen stiv. Så no er det berre å få kvelden og natta overstått så kl. 06.00 i morra tidlig blir eg vekt!...
Etter sjukepleiarar, operatør og blodprøvetakera fekk eg til slutt besøk av anestisilege...kjekt med tilbakemeldinga på at dei er imponert over korleis eg klare å takle smertene. Joda, men no skal det snu og eg skal bruke energi på å LEVE LIVET å ikkje bruke den på å måtte takle smerter ;)
Dagens mellommåltid... #gogreen
Beina høgt og varma av mamma's heimestrikka ullragga...To hjarter ❤️ Mamma sa eit for meg og eit for ho...
Jadda litt av ein kveldssyssel, ja rein må ein vere før operasjon...
Sånn ser ryggen min ut frå før av...vakrere blir den nok ikkje, men håpet er å få den betre ;)
Så no blir det slumring før morradagen...sjølvsagt spent men skal bli godt å få det overstått.
Blir lagt i tung narkose i morra så er nok ikkje "tilbake" før seint i morrakveld.
Ha ein fin dag alle som kan ❤️ Spesielt til mine kjære...dåkke skal få alle mine krefter og energi i morra ❤️❤️❤️
Klem -Anja-



Spent...

Det er eit par mørke daga no...spent med både opersjon og det som er igjen der "heime"...Men, vi må berre sjå framover mot alle dei fine dagane som forhåpentligvis kjeme ♥♥♥ Lykka og det positive må vere at vi ikkje let oss knekke for saman er vi sterke og backa opp kvarandre når det tregs...Saman går vi vegen og blir sterkare for kvart steg and we got the love ♥ Love my family ♥♥♥

...veldig spent!!
Eg håpa så inderlig at operasjonen går fint og at eg kan vakne opp til ein litt "tøff" rekovalens og at det etterkvart berre blir betre og betre. Eg har fått beskjed om at langt frå bra kan eg blir, men håpet med denne operasjonen er at e kan få betre livskvalitet...Som dei fleste av de veit og ser så prøva eg å gjere det beste med det livet eg har fått, men det vil ikkje sei at kvaliteten er så bra innerst inne for den er berre svært så låk, men eg kan ikkje stoppe å leve av den grunn...det verken kan eller vil eg!!...
Men, no er det berre eit lite håp om at eg skal kunne bevege meg, ligge i ro, kunne slappe av med litt mindre smerter :) Eg har håpet og faktisk litt trua på dette og ønska at dissa herre på Ullevål kan utrette mirakler!! hahaha...jaja, det er jo lov å håpe at eg kan komme meg dit eg va før første operasjon eller!?...
Gjer det eg veit du, så håpa eg det ikkje blir for lenge til at de høyre frå meg igjen. 
Det blir sikkert nåkken rare daga her på Ullevål, men eg har med meg lesestoff og skal få dagane til å gå sjølv om eg mest vil vere heime med mine nære aller kjæra....Meiningslaust at eg skal vere her og ikkje der..........men, eg fekk beskjed om at no måtte helsa mi før alt anna så håpa eg berre at all mi styrke og gode tanka som eg sende "heim" kjem godt med ♥♥♥ uendelig glad i dåkke...
Storm har det vore lenge og er det rettferd i denne verda då blir det forhåpentligvis slutt på faenskap om få daga...

Så om nåkken daga kanskje får de sjå litt av rekovalensen her og etterkvart i skogen heime med min kjære familie og herlige fribeinte...
Klem -Anja-

søndag 22. februar 2015

Valpete søndag formiddag

Herlig leik i snøven ute!! Uansett kor lyst eg har på vår og rydde opp rundt huset så er det herlig med rein og kvit snøv...
Valpane storkoste seg ute i formiddag først var dei fire så måtte "Gråtass" inn å bade seg for å blir klart til å reise heim. Egvar ute litt med filla mi for å tørke ein flekk i trappa, lille "gråtass" gjekk opp og stod der så sjarmerande som aldri før ♥ 

 Valper i interiøret hadde eg ikkje heilt sett for meg...Men eg kan vel kalle det det med eit par lykter, ei mjølkespann og plante midt i trappa ;)

Då g gjekk inn og dei tre var igjen ute kom "Mille" ut for å passe på dei...ja, betre valpepasser kunne eg sikkert ikkje hatt ;) Ho springe rundt og set dei på plass når dei treng det, sei frå om det kjem folk slik at eg får sjekke dei. Elles er ho stille når ho er ute med valpane nåkke heilt anna enn kva ho er når ho står ilag med dei andre store. Veldig greit for meg at det er ei vakt i hagen om noko skulle skje...
 Beste valpevakta i hagen "Mille"...

"Keesha" har mista halsbandet og det er fint å bære på og springe av garde...i iveren så flyge bandet gjennom lufta :)

Eg er i full gang med å gjere klart for å vere vekke nåkken daga så det har vore bretting av klede, vaske klede, tørke klede om att og om att ja slik går no det ;)
No skal vi fortsette søndagen med hygge ilag med familie og etterkvart ein tur til Sunde...
Ha ein fin dag vidare...
Klem -Anja-

tirsdag 17. februar 2015

Opplevingar den siste veka


...har vore innhaldsrik for både oss og valpane :)
Det blir ein del bilder innimellom, men når veret er for dårlig blir det meeeeget dårlig med bilder.

 Ferdinand og Tim Are koser i stua med "Oransj" på laurdagskvelden...
Sjekk ut den sjarmøren her da!!!...Fineste Charly på besøk ;)
Ut må dei sjølvsagt om det regna også...det blir berre ikkje så lenge i gangen, storm og regn er ikkje det kjekkaste ;)
 På besøk med farmor og det var str stas å få sitte å klappe på ein valp Tim Are gjekk rundt på senteret å lot andre også få hilse på ;)
 Leik og kos i valpebingen...
 Mandag 16.02.2015 var tida inne for veterinæren med helsesjekk, vaksinasjon og idmerking...

Har hatt massevis av moro denne siste veka og kjøretura har det blitt...ja, det er dei skikkelig god på og ikkje eit knyst å høyre ;)

Litt bilder frå den siste halvanna veka er å finne under lenkane her...

Litt vemodig går tida med alle disse skjønne mot slutten, og dei skal til nye heima bortsett frå to av dei som blir igjen her med oss...
Klem -Anja-









Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...