mandag 30. mars 2015

Feels like I'm on top of the world

Herlig å kome seg litt opp...

Ja slik er følelsen fem veker etter eg sist gjekk rundt på Sunde...dog ei litt anna løype i dag! Fire og ei halv veke sidan operasjon og det er på tide å hente energi "i fjellet" eller bør eg sei av fjellet ;) 
Vi gjekk frå foreldra mine ut til gartneriet og opp Leirvågdalen, oppe i Sundsmyra skulle vi berre gå rundt den nye løypa, men eg måtte opp på knausen og skulle så ned Oddmundmarka - men den nedgangen gjekk vi forbi, og opp til sildasteinen så på toppen av nakkane. 
"Sky" på Sildasteinen...
Årresmeis - toppen av nakkane det blir jo nesten som ein topptur å rekne!!...Ned igjen i myra og heim igjen. 
Før eg, mamma og "Sky" gjekk denne turen så var vi fleire ute på tur nedi storhaugen ilag med alle fire hundane...
Det var veldig godt å sette seg i godstolen med ein kaffikopp. Etterkvart måtte vi heim igjen og litt stiv og støl i det det går tregt å kome seg opp av stolen.......så høre eg frå papsen "veit du kva Sveriges nasjonalsang heite" I det eg fortsatt ikkje har komt meg heilt på beina svara eg "Ja, du gamla du fria" det gjekk berre eit par sekund før eg skjønte kva han meinte :)))
Ja eg er vel meir som Sveriges nasjonalsang der eg virka steikgamal i skrotten, men samtidig fri - ja eg er virkelig fri når eg får gå i naturen, og vand med å bli litt dårligere etterpå er eg frå før...kan nesten ikkje huske korleis det var å fungere fint etter ein tur.
  
Herlig dag i fantastisk natur med skiftande vêr ❤️ Ligge fortsatt litt foran skjema og håpe det aldri sprekke... 
Klem -Anja-

fredag 27. mars 2015

Det kribla!!...

Deilig duftlys og blomster gjer det litt ekstra i ein småbarnsheim...mamma passa barna i går kveld og hadde med seg ein av mine favorittroser ❤️

...i fingra, tær, mage, hjarte og sjel ❤️ Ja kva skal eg sei og gjer...har så innmari lyst å begynne på nytt med hage, hus og heim!! 
Har jo hatt lysta lenge og trudde eg ikkje skulle klare å vente i fjor, og kva eg gjer i år veit eg ikkje! Nåkken som vil kjøpe huset vårt??? Ja for blir det solgt har vi inga valg og berre MÅ begynne ;)
Eg skygga tv'n for tida då eg er redd eg ser alle programma eg såg sist helg, og det hjelpe så lite når Katja elska oppussingsorogram. Men denne veka har ikkje eg og barna sett noko tv, vi har vel mest kost oss...
Så slike blad burde eg holdt meg vekke ifrå...men tidelig oppe, stille i huset, knekkebrød og litt fint lesestoff gjer morgonen herlig...

Tenkte eg skulle rydde litt og stikke innom butikken for å kjøpe litt blomster og påskestæsj - sia alt av det ligge på hytta. Ein kaffi først og litt drøyming om kva eg skal gjer om ei veke, ein månad eller to og ikkje minst kvar bur eg neste år!?...

Eg har plana, ønske og draumar å følge og no føle eg det er greit å starte...
Får ikkje forlyste meg på hytta i påska i år heller :( Det værste med det er jo at eg ikkje får beskjære rosene og rusla i verda, ja å klipt og raka planta blomster etc. 
Har begynt å beskjære litt ute og må lage det litt koselig utanfor dørene...sjølv om eg aller helst vil begynne ein anna plass ;)

I mellomtida får eg bekjempe mi indre uro for ting eg ønska å gjer...kanskje legge vekk alt som inspirera meg, men like gale at tankane mine veit kva dei skal pendle seg inn på...

Nyt fredagen på din måte ❤️ Det skal eg gjer...
Klem -Anja-


Å høgdepunkta er...

...Alle flotte kommentara helst frå barna,men i dag også kommentaren om ein same!! Det her er skribla på senga ein torsdagskveld før påske Dagane går opp og ned slik eg rekna med, så må eg berre velge å heile tidagrave fram det positive for å ha kvardagsglede og ny energi til timane etter ein "nedtur". Må sei det er utrulig positivt å kome seg rundt vatnet når det er så sinnsykt låkt som i dag, men med musikk på øyrene og stavane i handa kom eg meg rundt...tankemessig gjekk det i kullplana, ja "Sky" sitt første kull og plutselig begynte eg å tenke på "Nora" sitt neste og faktisk allereie klekt ut eventuelt eit til på"Sky"...har sagt det før at eg blir svært så kreativ når eg har skikkelig vondt. Derfor håpa eg at disse toppane kan hi seg for eg begynne å bli sliten av mine eigne tanka og påfunn ;)))

Blei lite gjort av det småsysselet eg skulle heime, ja forutan vask av stuevindu blei det nada!!...
Hadde lovd barna kinamat idag så for å ikkje skuffe dei kjørte vi innover. Det blei eit par butikka for masse men fekk meg eit par påskebøker og barna eit par ting fordi dei er så kjekk og grei ❤️ også for at eg set pris på at dei hjelper til her heime...

Tim Are i garderoba på skulen i går: "Nå nei du!!...det trur ej ikkje mamma mi orka for ho har akkurat sydd igjen ryggen IGJEN!!..."
Han har jo på ein måte rett, den er jo sydd sammen igjen...Men, det her ser jo ikkje akkurat ut som ein rygg da!!?... Det du faktisk ser er at den fortsatt er veldig hoven.

Bestilte med mat heim og koste oss (vi må spise slike ting som pappa ikkje lika no som han er vekke). 
Pappaen min nemde det var folkemøte ang kommunereforma og det er jo såpass interessant at eg måtte bevilge meg litt sterkare drivstoff for maskineriet mitt og kome meg avgarde, og eg håpa eg klare å fortsette å vere med. Lite fres i dag men det var nå nåkken små ting som festa seg... Då ei spør ordstyrar kva ei stor kommune hadde å tilby kvinnene - ja då tok han imot mikrofonen og rusla seg bortover gulvet "eg har veffal ingenting å tilby dei"... :)))

Så var det gamle Magerholm som sa diverse og måtte ha med ein liten ekstra replikk... "Om ein same som var i militæret og rota fælt, så blei det inspeksjon og han fekk spørsmål om kva han gjor om han rota slik heime, nei då berre flytta han teltet!!"... :)))

Litt pluss og minus, men heldigvis er det gullkorn og små ting som gjer at når eg legg saman pluss og minus så gjekk eg ut i pluss enda ein dag...så bunkra eg opp både til reserva og minnebanken, og eg skal prøve å huske å ta det fram når eg treng det som mest...

Nattaklem -Anja-


tirsdag 24. mars 2015

Grøn start med #teapigs

...på det som ser ut til å bli ein fantastisk herlig dag!!
I dag tidlig gjekk turen rundt vatnet og jaggu klarte eg å kome meg opp slynga frå Jarnesløa!!...
Vel heime litt mat og eit glas med konsentrert grønn te.
Litt ute å sulla med valpane og begynte å beskjære rosene...rekna med eg går på same smellen som i fjor at eg ikkje tek nok men men det gjekk nå greit i fjor berre nåkken tunge greiner.
 Teapigs - Matcha #GoGreen...
Matcha er en superhelt blandt teer. En superkonsentrert grønntepulver som gir energi og ro på samme tid. Fullpakket med antioksidanter og vitaminer. Den har blitt drukket i Japan i en evighet. 1 kopp tilsvarer 15 kopper med vanlig grønn-te. Vi har den på butikken om du vil prøve ;)
Herlig Helleborus som har titta opp frå joda...
Så er det alle krukker med forskjellige roser som må beskjærast ja åsså den store tønna med lavendel har fått snaua seg...

Fekk koselig besøk av "Marco" i dag og dei tre søskena leika seg. Etter det kom pappa ein tur og fekk ei flaske raudvin som skulle vere steike god så gleda meg til å smake.
På ettermiddagen kom også Bjørg ein tur innom å skravla litt over ein kaffikopp :) Koselig med besøk av både to- og firbeinte i dag!! 

Elles var det i dag tidlig oppe med valper kan veffal skylde på dei, men det har vel mest med at eg legge meg så tidlig skrotten funka best tidlig på dagen. Bruka litt tid på å kome meg i gang men i går funka det ikkje, men kva gjer vel det at skrotten ikkje virka med så fine folk rundt meg!!...Mamma og pappa kom utover med forskudd på bursdagsgåve!!!...NY JAKKE kva har eg gjort som fortjena det!!? i perfekte energifarga som skal løfte meg til fjells etterkvart!! :)
Dei hjalp meg å bære bord så då slippe gubben det når han kjem heim.
Vi spiste og koste oss så ville Tim Are lage til litt kos seinere på kvelden...
Ja kvifor ikkje litt frukt, bær kesam og sjokolade det var veffal 70% da ;) på ein mandag...

Må vel berre rekne med litt nedtura innimellom, for tidlig å sei kor det går enda, men har trua asså!!...

Herlig når veret snur så om frå storm til "sommer"!!
Klem -Anja-

søndag 22. mars 2015

Lurt...

...meget lurt å sjå på x antal "Norges styggeste rom" og "Tid for hjem" ein søndag akkurat no...det krible i fingrane etter oppussing/renovering/bygging, klart vil eg begynne på det "nye huset" men får jo såååå lyst å gjer ting her heime også, jabåde inne og ute sjølv om det storma og regna ute.
Ja sjølv om ikkje alt blir slik eg kunna sett det for meg blir eg full av oppussingsenergi!! 
Elles rare samtaleemne i familien gullfisk vs valp :)))))

Jaja, ein får gjer det som går så i går var eg og Katja på tur rundt vatnet, etter ein kvil heime tok vi med oss valpane på turned i sentrum...Herlig familie filmsløvings på kvelden.
Katja, eg og "Sky" på tur rundt vatnet i deilig vårsol...
Innom butikken ein kjapp tur på heimvegen der eg hadde 5 minutts  "terapi" med å lage fleire slik dekorasjonar som har felt i smak med fleire...
Så kunne eg få halde hund i band då vi tok med oss valpane på tur i sentrum med innlagt godbitsøk i butikken og tusenårsplassen med Breisundet rett ut...

I dag har vi igjen fått kost oss ute i stormen med hundane innimellom litt tv sjåing og frustrasjon over oppussingsnekt ei lita stund til. 
Besøk med svigermor/farmor, for så inn til mamma og pappa på deilig middag og familietid ❤️❤️❤️
Her med meg går det framover med fortsatt grei hevelse i ryggen, nedtrapping av dei tyngre smertelindringane og med det litt låkare i operasjonsområda i ryggen og hofta der dei tok ut bein. Folk har spurt kor det går ang smerter og det er sjølvsagt vanskelig å sei når det fortsatt er operasjonssmerter og går med lindring. Men no i kveld må eg vel 
berre konstatere og innsjå at smertene som har plaga meg stort når eg sit er tilbake no når eg har gått ned på bruken av medikament. Akkurat DET, det er litt dritt å kjenne på tenke eg men lite å gjer med, og eg har fortsatt ikkje mista trua på betring!! Men hjertebank, nattsvette og litt anna småpjask er ikkje akkurat deilig det heller så då får eg berre velge av to onde :)
Snart lading for ei ny veke der eg, barna og dei firbeinte skal vere heime aleine...Tom skal ut å farte litt hit og dit med jobben.
     
  
På morrakvisten hadde Tim Are og "Sky" ei skikkelig kosemosestund... 
 
Klem -Anja-

tirsdag 17. mars 2015

To lys på ein kveld ♥

Det har vore mange fine solnedganga dei siste dagane, men i dag var den spesiell fin...då lille søstra mi ringde måtte eg mobilisere med til loftet for å ta nåkken bilder.
Bilda av Breisundet her er tatt frå loftet våra...

I dag var det også sagt at Nordlyset skulle vise seg over store dela av Norge...eg gjekk til vindauget å "leita" fleire ganga og hadde mest gidd opp så ringe mi kjære søster igjen 
Etter at kameraet til å begynne med ikkje heilt ville det same som meg så fekk eg tatt nåkken bilder. Er verken kjøredyktig eler klare å mobilisere meg så fort for tida så det blei kun frå vindauget gange to i dag...
 Tatt i same vindaug som tidligare på kvelden...

Då er er veldig klar for natta 
Klem -Anja-

Første runde nådd

...JIPPI!! Eller? Kanskje litt rart å rope hurra for ha gådd rundt vatnet, men i deilig vårver i dag måtte eg berre nyte heile runda etter at vi i går gjekk eit stykke for så å snu tilbake. Så då ligge eg litt før "tidsskjemaet" mitt, men endra nok ikkje planane enda då dette berre er bonus. 
Kan ikkje sei at tempoet er så stort, men akkurat passe til å gå å skravle i ;) og etterkvart skal det nok gå i Anjatempo igjen...
Egentlig skulla gubben begynt å gå ilag med meg no han som meina eg alltid går for fort!! :)

Tusen takk for lufteturen Janita!!...allereie klar for neste ;)

Kom heim å laga meg ein deilig kaffishake...2 espresso med litt is som eg røre godt i maskina til Katja ;)


Trenge vel ikkje sei at det er pytonrart å gå utan hund!!?...
I morra blir det gårtur til butikken for litt blomsterdekorering ♥♥♥
Klem -Anja-


mandag 16. mars 2015

Fantastisk dag ♥

Treng vel ikkje verken beskrivelse eller ord for er vel ingen problem å sjå at det er er balsam for sjela...
Katja sit på berga å laga ting med strikk medan Tim Are og Tom prøvde fiskelykka...
Besten og Tim Are...
Herlige og glade barn på ein fantastisk vårdag på verdas vakraste plass...

I går søndag var det massevis av kos i hagen på formiddagen og ut på dagen tok vi med oss alle hundane inn til mamma og pappa for "lufting" og ein herlig middag. Så først var vi på berga nedfor huset deira og koste oss store og små, samtidig som det var første turen for "kling og klang" ned på berga...
 Bobby med litt drivved...
Bobby og Keesha...
 Bobby med drivved og Keesha ser etter kva som skjer "bortider"...
Lille Keesha...

Herlig avslutning på veka og kan ikkje sei at starten på den nye har vore dårlig heller...

Nyt tida og dagen!!
Klem -Anja-

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...