fredag 27. mars 2015

Å høgdepunkta er...

...Alle flotte kommentara helst frå barna,men i dag også kommentaren om ein same!! Det her er skribla på senga ein torsdagskveld før påske Dagane går opp og ned slik eg rekna med, så må eg berre velge å heile tidagrave fram det positive for å ha kvardagsglede og ny energi til timane etter ein "nedtur". Må sei det er utrulig positivt å kome seg rundt vatnet når det er så sinnsykt låkt som i dag, men med musikk på øyrene og stavane i handa kom eg meg rundt...tankemessig gjekk det i kullplana, ja "Sky" sitt første kull og plutselig begynte eg å tenke på "Nora" sitt neste og faktisk allereie klekt ut eventuelt eit til på"Sky"...har sagt det før at eg blir svært så kreativ når eg har skikkelig vondt. Derfor håpa eg at disse toppane kan hi seg for eg begynne å bli sliten av mine eigne tanka og påfunn ;)))

Blei lite gjort av det småsysselet eg skulle heime, ja forutan vask av stuevindu blei det nada!!...
Hadde lovd barna kinamat idag så for å ikkje skuffe dei kjørte vi innover. Det blei eit par butikka for masse men fekk meg eit par påskebøker og barna eit par ting fordi dei er så kjekk og grei ❤️ også for at eg set pris på at dei hjelper til her heime...

Tim Are i garderoba på skulen i går: "Nå nei du!!...det trur ej ikkje mamma mi orka for ho har akkurat sydd igjen ryggen IGJEN!!..."
Han har jo på ein måte rett, den er jo sydd sammen igjen...Men, det her ser jo ikkje akkurat ut som ein rygg da!!?... Det du faktisk ser er at den fortsatt er veldig hoven.

Bestilte med mat heim og koste oss (vi må spise slike ting som pappa ikkje lika no som han er vekke). 
Pappaen min nemde det var folkemøte ang kommunereforma og det er jo såpass interessant at eg måtte bevilge meg litt sterkare drivstoff for maskineriet mitt og kome meg avgarde, og eg håpa eg klare å fortsette å vere med. Lite fres i dag men det var nå nåkken små ting som festa seg... Då ei spør ordstyrar kva ei stor kommune hadde å tilby kvinnene - ja då tok han imot mikrofonen og rusla seg bortover gulvet "eg har veffal ingenting å tilby dei"... :)))

Så var det gamle Magerholm som sa diverse og måtte ha med ein liten ekstra replikk... "Om ein same som var i militæret og rota fælt, så blei det inspeksjon og han fekk spørsmål om kva han gjor om han rota slik heime, nei då berre flytta han teltet!!"... :)))

Litt pluss og minus, men heldigvis er det gullkorn og små ting som gjer at når eg legg saman pluss og minus så gjekk eg ut i pluss enda ein dag...så bunkra eg opp både til reserva og minnebanken, og eg skal prøve å huske å ta det fram når eg treng det som mest...

Nattaklem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...