søndag 10. mai 2015

Ei meeeeget oppegåande helg!...

...så eg må berre takke alle herlige hundefolk for at vi har det så kjekt i og rundt ringen! :)
I går fekk vi også tid til ein tur på fotballcup med Tim Are på formiddagen, før vi møtte i hallen for ettermiddags utstilling. 
Tim Are spelte tre kampa der det blei tap, seier med god margin og så eit knepent tap...

I går laurdag på NRK avd. Sunnmøre si utstilling debuterte "Bobby" og "Keesha" i ringen med sine 4 1/2 mnd. og kan ikkje sei seg anna enn meget fornøgd!!
"Bobby" vant 4-6 mnd og slo 6-9 mnd hannvalp og blei då beste hannvalp - BIR og BIS 2!!
"Keesha" vant 4-6 mnd og slo 6-9 mnd tispevalp og blei då beste tispevalp - konkurrerte mot sin bror og blei BIM.
"Chico" til Sølvi og Jarle hadde ikkje heilt dagen i ringen og bakte litt kake med vispinga si ;) fikk VG og det er slettes ikkje nederlag men rom for forbetring.
"Nemi" til Janita fikk CK, beste veteran og BIS veteran!! :)
"Keesha" til venstre og "Bobby" til høgre...
"Nemi"

I dag møtte vi til nye runder med venstresvinga i ringen. Valpane var for små for NKK si utstilling og ei høgløpsk "Sky" blei heime, så vi hadde ingen hunda å stille men eg stilte to "eigenproduserte" å så gøy som det er!! :)
"Chico" fekk ein omgang til med saksa og eg brukte ei tid på å gå han ned...etterkvart kom bevegelsane meir til sin rett ;)

Vi går i ringen og det eg håpte for i dagen i dag gjekk fint og vi fikk raudt. På utsida fikk eg kommentar på at han tar denne klassa i dag, ja du tar sikkert certet også!! Neeei, du tulla sa eg :)
Inn igjen og vant klassa med CK. At vi skulle ende som BESTE HANNE med RESERVE CACIB og det STORE CERTET hadde eg aldri drøymd om etter forestilinga vi hadde føre oss i går!!... Så utrulig kjekt og stolt oppdretter!!
Utrulig glad så no skal vi berre få stramme han litt mer opp med sykling, å du steike no skal både eg og "Chico" få betre linjer eller litt meir eleganse ;) ja for vi som går så masse i fjellet bygge muskla og er kanskje ikkje like grasiøse :)))
"Chico" in action...
 "Chico" ute ved hallen...
 "Chico" ute ved hallen med sine fine rosetter...

Så til slutt i dag var det gamlemor "Nemi" som bli 11 år i juni!!...Beste veteran og billett til "best in show veteran" - av mange flotte veteraner endte "Nemi" som BIS 2!! Veldig kjekt og superstolt av gamlemor!! :)
 "Nemi" in action i den store ringen...
 Blir her snart oppropt som BIS 2!!...
Meget godt fornøgd med BIS 2 og bilde med best in show dommer...

Medan eg og Katja var i hallen var Tom og Tim Are på trailkjøring og det var visst så spennede og kjekt at Tim Are ikkje kjem til å få sove i natt ;)

Pappa var heime med oss å henta alle hundane med seg heim til seg. Å tru meg eg var nær ved å få hjarteinfarkt av telefonen: "Sky" har hoppa ned frå verandaen!! Uten eit pip sprang ho visst bort til pappa for litt kos, så det var nok at ho såg han i hagen og ville rett og slett berre joine han.......Mamma som stod i verandadøra hylte til og klarte ikkje sjå ut for verandaen for ho var redd for kor det gjekk. Ja, det blei "Sky" fly in the sky!! og eg kan fleipe slik no etter at det gjekk så bra. Bobby og Keesha hadde klatra ut av hundegarden der så dei kom seg også ut, er det slik at når "mor er borte dansa hundane i lufta!?". 
Gjekk over kvar tomme av Sky når eg kom heim og der var det berre god muskulatur som kjentes. 
Avslutta dagen med ein tur med alle hundane, og no pakka eg klart for nåkken daga på austlandet...Tek litt "husmorferie" for å klippe rosene mine på hytta og litt ymse anna ;)))

Takk for ei herlig innhaldsrik helg...velkomen ny veke!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...