torsdag 21. mai 2015

Næringslokale til salgs!!

Eg har nemd det før og delte igjen prospektet til meklaren på facebooksida til Gavehuset og fekk då mange spørsmål om eg skulle legge ned igjen!? Lokalet blei lagt ut med meklar for snart eit år sidan og der har det lagt heile tida...
Vi hadde fleire interesse for lokalet då eg la ned i 2013, men vi hadde då avtale om utleige med tanke for kjøp. Ting blei vanskelig etter røyktuviklinga der og forståelig vanskelig å drive. 
Då det ikkje lenger var leigetakera med oss la vi det ut for sal. Vi har hatt fleire interesse for å leige, men dette er absolutt ikkje mitt område og derfor er det kun mulig ved eventuelt ny eigar. 
Eg sa til meklaren at eg heller skal selge litt under takst enn å begynne å tulle med utleige sjølv.

Eg nytta i dag kun litt under halve lokalet og klart er det dumt at Langevåg sentrum sitt "beste" lokale står halvtomt...
Å eg tenke det kunne vore så masse her og mykje av det kunne eg tenke meg å starte sjølv!! :) Behandlingslokale (kiropraktor treng vi, gjerne alternativt etc.), fotostudio og butikk, kontor av eit slag, før tenkte eg kafe men no håpe vi det er på stell i gata her ;) men mulighetane er mange berre ein har ideane...
Steik kor eg kosa meg i denne lille hula ♥ berre så dumt at eg ikkje kan vere der så masse som eg ønska!
 Bilda her tok eg før eg opna i November 2014...Ikkje vanskelig å sjå at ein butikk endra seg fort og ikkje minst fyllast med varer ;)
Det er derfor kanskje berre å håpe at det kjem nåkken inn som har betre greie på slikt slik at det blir masse "liv" i gata igjen :) Eller kanskje er det nåkken som ser for seg å kjøpe lokale og starte opp ny drift av eit kvart slag...

Fleire har spurt om ikkje eg kunne begynne på igjen med leiker etc. Men, eg har knapt helse til det eg drive i dag så då kan eg ikkje utvide meir foreløpig.
 På slike stader treng oss små, koselige og innbydande nisjebedrifter med god atmosfære!!
Eg meina det er nok av senter, kjedebutikkar, mas og jag overalt så la oss også få behalde det intime og unike her i Langevåg...

Eg trur vi kan ha behov for mykje meir enn det vi har her i dag...det er berre å finne på det og tørre ;)
Ha ein fantastisk dag!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...