lørdag 23. mai 2015

Skal du ha deg einebustad i Langevåg!?

Berre å trykke på bilda for å få dei opp i større format!!


...Ja, då kan kanskje dette vere eit alternativ for deg!?...
Vi har no bestemd oss for ny destinasjon og dermed skal vi legge ut huset våra her i Langevåg for salg.
Det ligg nær sentrum der du finn daglegvarer, apotek, bank, politi og diverse nisjebutikkar forøvrig kort veg til både skule og barnehagar.
Huset ligg høgt i rolig boligområde som har stor tomt og med utsikt til Ålesund og heile Breisundet.
 Veldig glad i denne uteplassen vår der vi kan sitte i badet på kveldane og berre nyte det, herlig sommartida med velduftande blomster rundt...
Akkurat no bære det preg at vi så smått har begynt med opprydding og container har fått plass like ved husveggen ;)

Det er mulighet å lage til for utleige i kjelleren som per i dag inneheld gang med eigen inngangsdør, stor stue, kjøkken, to soverom og bad...
 Stor kjellerstue med vedomn, varmepumpe og varmekabla i alle rom...
 Kjøkkenet er også stort og i tilknytning til det ligg det største soverommet som har utgang til hage. Eit mindre soverom i tilknytning til bad med wc, dusj, vv og vaskemaskin...

Frå det minste rommet då det var nyoppussa i januar 2014, men blir no nytta som kontor...

I hovedetasjen er ein liten gang, stue, kjøkken, bad og eit soverom, det er utgang til stor terrasse på både stue og soverom, i tillegg er det utgang frå bad til luftebalkong.
 For nåkken år sidan tok vi vekk veggen mellom stua og kjøkkenet. Etter det blir det ofte litt ommøblering ;)
 Stort soverom med str skyvedørsgarderobe, der er skyvedør ut til veranda...
 Stort flislagt bad med dusj og stort hjørneboblebad, plass til vaskeaskin og tørketrommel...

Trappa opp til 3 etg...

Øvste etasje har du trappegang, tre soverom og eit klesrom/oppbevaringsrom.
 Trappegangen i 3 etg...

Dette er det minste soverommet med inngang til klerom...
 Det er eit romslig rom som vi har nytta både til barnerom og kontor...Det andre store har utgang til ein luftebalkong og for tida er det utterom med ein del bila utover så bilde kjem seinare ;) Men, det er same oppussingsplater på veggane og laminat på gulvet.


I 4 etg. er det loft med god høgde for oppbevaring...

Om nåkken skulle vere interessert, sjå eller høyre meir, eventuelt sjå nærare på det før det blir lat ut med meklar er det berre å ta kontakt med meg eller Tom på telefon eller mail!!

Tom: 941 54 947 - tom@kvasneset.com
Anja: 900 18 619 - anja@kvasneset.com

Vi går ei spennande tid i møte der vi både skal rydde og tømme hus, men ikkje minst det å skulle starte på nytt hus og akkurat det er det vanskelig å vente...hovudet er full av idear :)
 Hahaha...berre for å vise kva hus det er så tok eg eit bilde eg fann via heimesida vår, og dette er vel ca 9 år sidan ;)

Håper det vekker interessa med nåkken og du må veldig gjerne dele denne lenken med dine venner på facebook!! :)
Ha ein herlig dag!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...