torsdag 25. juni 2015

Thank you for the flowers...

Sant nok...ikkje ofte eg har levert blomster i bunad, men eg har gjort det også ;) - Sååå no sei eg berre...Thank you for the flowers ♥♥♥

Det er ingen hemlighet at eg er veldig glad i blomster og har vore det sidan eg var lita, eg skulle alltid vere "blonsterbutikk" når vi leika og mine barndomsvenninner blei flirfull då dei hørte eg skulle gå blomsterdekoratørlinja...
Ja dei siste åra med store smerter har liksom blomster vore litt som medisin for meg...
No går eg av som blomsterdekoratør og vil prøve å halde liv i plantar og berre ha snop for auga her heime...

...Tusen takk for gode kunda (dei fleste når eg sikkert ikkje her), og hyggelig atmosfære i butikken. 
Det har vore veldig fint å kunne få ha denne perioda med seg som enda eit minne når eg no går vidare utan butikk!!
Jepp, meininga var å sommarstenge i juli, men tirsdag ettermiddag 23. juni betemde eg at no var det på tide å avslutte...Heldigvis har det i starten gitt meir enn det har "tatt", men eg innrømme at når det blir mykje negativt rundt (som snakk som eg nemde i eit blogginnlegg) så blir ein sliten skrott tappa ganske så fort...

Vi kjører opphørssal ut juni og håpe du vil hjelpe oss å tømme butikken for alle fine og "nye" varer!!...

Det var eit voldsamt impulsivt greier eg fann ut i oktober i fjor, men det var kjekt og hadde håpt eg skulle få kose meg med blomsterdekorering hist og pist i lang tid framover. Ikkje alt går som ein håpa og eg er nok ikkje redd for å sei frå heller ;) 
På Ullevål fekk eg tilbakemeldingar på at blomster blei kasta og lite sal, eg ville derfor opplyse folk litt og skreiv då "heller lykkelig av dumhet...enn klok av skade" og det står eg fortsatt for, eg vil vere med på å opplyse kvar retning ting går i. Ikkje minst fortelje folk viktigheita av å bevare handtverke våra, kvar vil vi ende til slutt om vi ikkje sei frå!? 
Det har som eg skreiv vore ein del snakk (eg var sikkert litt krass, men står sjølvsagt 100% for det eg skreiv - men utrulig nok fekk eg mange flotte tilbakemeldingar på det ) på bygda og til meg direkte som tappa ein litt for energi…så vi valde dermed å ta ferie med julistengd og gjekk for -30% på butikken før stenging. 
Men, det har vore lite besøk og etter eg snakka med dei på butikken på tirsdag så bestemde eg meg for å stenge dørene for godt…og no er det faktisk ikkje slik at eg opna opp igjen, ja veffal ikkje i desse lokala (kva som eventuelt kan skje ein gong i framtida etter eit slags healingmirakel skal eg ikkje uttale meg om).
Men, ståa er slik at eg ikkje kan vere i butikken anna enn ein time her og ein time der, og med så lite besøk i butikken er det sjølvsagt ikkje lønsamt å drive på den måten. Vi gjekk inn med frisk pust i november og ville fokusere mykje på blomster med litt interiør og gleda var stor blant mange. Berre sidan oppstarten har vi kasta blomster for rundt kr. 150.000,- og slik kan ein ikkje drive butikk ;) 
Langevågen som har blitt så stor burde hatt 2 blomsterbutikkar slik det «alltid» har vore, både med tanke på sunn konkurranse og ikkje minst har vi forskjellige uttrykk liksom litt for einkvar smak…Men, det er ei kjennsgjerning at den store konkurransen vi har frå dagligvarebransjen så er det umulig for oss å klare å matche prisa (stort sett), klart når innkjøpa våre til tider er høgre enn det dagligvarene sel det ut for så sei det sitt. 
Eg vil berre for all del håpe at bygda nytta seg av tilbodet til Binderiet for kvardagsblomster også, for ein blomsterbutikk klare seg ikkje utan sal av daglegdagse blomster, dei leve ikkje over kun på bryllaup, gravferd og runde daga. Akkurat som dagligvarene må ha «brød og mjølk» salet… 
 To av brudene vi har hatt...så glad for at det siste eg gjor i butikken før salet var å lage til te brud ♥♥♥
Blomsterbinderi i forskjellige farga og fasongar til diverse anledningar...
 Vi har kost oss med massevis av lekre blomster og fått laga diverse både til konfirmasjon etc. Berre så synn at så myke av disse herlighetane må gå i bosset... 
 Her er massevis av fine blomster til 17. mai og eeeenda meir kom rett etter bildet vart tatt, det bugna for å vise at vi har blomster ;)  Akkurat til 17. mai var vi så heldig å bli tom for vårt store lager av gravvasa...

Eg skulle sjølvsagt ønskt for meg (som rekreasjon og kreativ utfolding, og no kjenne eg berre ideane poppa opp med ein gang den delen av hjerna bli kopla inn), for dei herlige ansatte i butikken og ikkje minst for dei kundane som bruka oss – vi har nåkken trufaste som det skjære meg i hjarte å måtte stenge dørene for, men vi treng fleire enn dei til å få hjula til å snurre slik dei skal (spesielt når eg ikkje kan vere der sjølv).


Håpet var at etter ein tredje ryggoperasjon på Ullevål i år så skulle det få ting til å snu og eg skulle vere litt meir tilbake enn tidligare, men det vil seg liksom ikkje. 
Så no må eg berre bruke det eg har av krefter på dei rundt meg og litt på det som gir meg meir krefter som hundane og den fantastiske naturen vi omgir oss med… Meir å gjer med meg er det ikkje og eg tør ikkje, og så lenge eg går på beina så får det vere…
Det er ikkje fult så vemodig denne gangen som sist, for eg veit at eg får tida til å gå med å vere ilag med mine nære og kjære, pleie helse både i ro og ikkje minst ute i naturen med mine firbeinte vener.

Lokalet i sentrum ønska vi å selge men det har vist seg å ikkje vere så lett...Så dermed går vi for utleige om nokon er interessert i det så ta kontakt!?? 
Interessert i kjøp eller leige!? Ta kontakt med Tom - 941 54 947 ;)

Onsdag var det ei som spurte om eg skulle stenge - nei, planen var ikkje det sa eg, planen var å ha sommerstengd...Men problemet er at vi bruka butikkane for lite sa eg.
Ja oss går vel over bekken etter vatn og så skrike vi når dei er vekk sa ho. Ja det har ho så rett i, og mamma måtte tilføye "det er for seint å snyte seg når nasa er vekk" ;)


Då vil eg nesten takke for meg...vi blir her nåkken daga slik at vi får solgt ut ein del varer og helst vil vi sjølvsagt ha vekk alt ;) Fint om du vil hjelpe oss å tømme!! 

Tusen takk til dåkke som har kjøpt, og bestilt blomster som har vore med på å gi meg litt balsam for sjela...eg har kost meg med akkurat di bestilling ♥♥♥
-Anja-

søndag 21. juni 2015

Midtsommar på sitt beste

Vi fikk gjort litt småtterier ute i sola før vi for innover på Sunde, der blei det jobbing på Tom, mamma og pappa...med gravemaskin etc. Eg og Katja kunne kjøre rundt for å handle litt som trengtes ;)
Etterkvart gjor vi klart for grilling, så kom eg meg på beina etter litt sofatjeneste og gjekk tur med hundane. Det blei grillings og tenning av storbålet og kor vi koste oss på berga!! Barna har fått nye dyr og no har dei begynt å bli vand med at vi sitte å ser på dei så no slappa dei heilt av med oss nær dei...

No kjem det først ein del bilder av dei nye "husdyra våre" ;) Kjempe fine er dei og begynne å bli vand med at vi beskua dei...Sjekk skrifta på ryggen til Tim Are!! Treng vel ikkje sei at han tek oppgåva seriøst...
For dei som vil sjå større bilde så er det berre å trykke på bilda!!

Dei kan godt beundre det store bålet for det er lenge sidan det har vore sååå stort :)
 Slettes ikkje dumt å få cruiseskip i bakgrunnen...
Tim Are har laga eige bål og haldt fyr i det heile kvelden...
 Det kvelda etter ein superfin dag!!...
 Eg og Tom måtte kjøre ein tur til Kjellaug i Langevåg i ti-elevetida, og på veg inn igjen så måtte eg stoppe å ta nåkken bilde...
Tim Are still going strong...Han har kost seg på berga både fredag og laurdag då han har laga eige bål og ville sikkert ikkje avslutte ;)
 Lite pinnsvin i kanten på veg opp til vasskummen...Vi visste kor gjengrodd det er blitt der, men Katja ville vere sikker ;) Kanskje burde ein begynne å skoge litt??
 Her er vi øvst på Legane og ser bort til bya...
Ein liten tur uttom Sandvika blei det også...Katja håpa på at neste år å ta seg ein båttur, så båten må ut på sjøen igjen...

Herlig dag avslutta med å sjå restane av slinningsbålet før vi for heim for å få vekk bållukta...Tim Are overnatta med besta og besten og er i dag klar for meir grilling og kos på berga. 
Ser ut som dei får det fint og fritt her inne...

No skal vi kose oss ilag både to- og firbeinte!!
Klem -Anja-

lørdag 20. juni 2015

Ein slik dag...

Ein slik dag er det godt å kome til Sunde for å finne roa på ein litt betre måte...Å når veret er slik blir det berre enda betre!!


...I går var ein slik dag eg heldigvis sjeldan har der eg ikkje ville vere oppe. Etter barna var komt på skule og eg heime igjen der eg måtte legge meg på soffan og hadde ikkje lyst opp igjen. Heldigvis kom ein slik dag der eg ikkje kunne ligge, for eg måtte på buitkken for å lage klart alt "brude tilbehøret"...

Men, ein må berre bite tenna saman og gjere det beste utav slike daga det at folk ser meg humpe rundt og innimellom får svikt i beina får så vere det er berre slik innimelom...
Kjekke folk innom butikken som trudde eg trengte å kome meg heim ;) ja skulla hatt meg ein tur ut å gå :))
 Ein ting er veffal sikkert, det er ikkje vondt å ha ein slik hage!!..
 Tim Are i godt humør og veldig glad i dei firbeinte..."kan du ikkje tale" Bobby!!? :) 

Herlige gutane våre ♥♥♥

Det blei ingen gåtur, men kos, russling og leik i hagen på Sunde!! Det å sjå på andre jobbe er eg ikkje så god på, men hadde med meg dei firbeinte slik at vi kunne spankulere rundt huset og ned på berga...
 Humla som aldri er i ro lenge nok til å kunne få tatt eit greit bilde av ;) Her sit ho på ein av rhododendronfavrittane "Blue Peter"...
 Eg går berre å venta på at "Sky" skal bli diger ;) 
 "Bobbyen" er stort sett berre ein herlig gut asså...

Er faktisk i "hagen" dette også :) Kom ned på berga og der gjekk det ein andefamilie akkurat ut i sjøen...

Kan ikkje sei anna enn at det blei ein fin dag trass mykje smerter...
Eg er og sei det igjen - eg er sååå taknemlig for at eg klarer å "fungere" sjølv om det til tider røyner på :)
Gleda meg til fin midtsommarfeiring med mine kjæraste i kveld!! 
Ha ein herlig dag og ta vare på dei rundt deg ♥♥♥
Klem -Anja-

Gaustatoppen 1883moh

Tilbakeblikk på oktober så har eg litt lagra i minnebanken...Det vart nok ikkje heilt den hausten eg såg fram til i fjella og som eg alltid...