søndag 26. juli 2015

Sunnmøre i mitt hjarte

Eg veit kvar eg bur og eg veit kva vi har å forhalde oss til...vill og vakker natur, mykje drittver som er gløymd etter ein solskinnsdag der gradestokken næra seg og kanskje smyge så vidt over 20 grader ein flott julidag!!... Eg kan sjølvsagt velgje kvar eg vil bu, kan som fleire til tide ønske å flytte til eit litt mildare klima, men eg får heller kle på meg ullskjorta i "sommarvarmen" å nyte den vakre naturen for det kan ein berre ikkje bytte vekk!
Ikkje langt unna Geiranger no...
I år blei det ikkje sommar på hytta foreløpig men det er lov å håpe på ein liten tur som dei 20 siste åra, men det har bitt Sunnmørsk sommar ♥ Jaggu ikkje dumt med kortreist sommar sjølv om veret ikkje er det ein helst foretrekke...Vi tok oss ein todagers i hunderfossen slik at det har blitt gjort har sagt det til barna i fleire år at det skal vi prøve å få til, men vi kjøre forbi kvar gang.
På veg heim kjørte vi om Vågå, Lom og Geiranger!!...Eg fikk igjen ei inderlig ro når eg kjørte over Strynefjellet og skjønna ikkje kvifor vi ikkje nytta denne vegen oftare, så no trur eg vi legg om reiseruta til hytta ;) Vi var så heldig å få fint ver i Geiranger så vi kosa oss med utsiktsstopp og russling mellom dei vakre husa nedi sentrum...

Første utsiktsstopp...Så kom ein turist som ville ta bilde av oss alle ;)
 
 Ååååå hjelpes - mamma og pappa!!... 

 Sååå mange fine og sjarmerande hus!!...

 Geiranger sjokolade er til å bli sjarmert av både eksteriør og interiør...det er like herlig som sjokoladen!! Å ja, det blei med litt forskjellig heim ;)
Herligste trollskattane ever!!...

Veldig fin tur og herlig å ta seg tid til å sjå og nyte Sunnmøre...noko vi skal bli enda flinkare til ;) Vi har iufattelig mange og flotte skatta rundt oss ♥♥♥
Takknemlig for meir påfyll i minnebanken...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...