søndag 20. september 2015

Åååå for ein draum!!

Klokka er 07.07 og eg har fått lufta og mata dei firbeinte...har eg nemd tidligare at alle som ikkje er i jobb som snur døgnet burde fått seg ein hund som må ut å tisse!? Nei?, då sei eg det no...eg har barna som eg vil og må vere oppe for om dagen også sove (om eg ikkje søve så ligge eg veffal i senga) om natta...mi meining er at det er viktig å kome seg i ei fast rytme uansett sjukdomsbilde for å få ein så normal kvardag som mulig, lettere vil det også bli å sjå mot jobb eller anna "dagsfyll".
Me and my love ♥

Men, var ikkje døgnrytme eg tenkte på i dag tidlig, men for ein fantastisk draum eg hadde!!... Eg drøymde at eg var SMERTEFRI!! Å hjelpes kor fantastisk og i eit øyeblikk i løpet av natta trur eg kanskje at eg var det, ja at draumen var så overveldande at eg eit augeblikk var der :))) Det var vel ein rar draum tenker kanskje dei fleste...men for meg var det fantastisk!! Eg har ikkje vore smertefri sidan januar 2011 og det er vel ikkje rart eg kjenne på det savnet?? Å leve eit "normal" liv med smerter store smerter 24/7 gjer faktisk noko med ein. Om eg brukar  smertelindring er der fortsatt ein del smerter og samtidig forsvinne eg sjølv på ein måte.........eg er ikkje meg, den Anja som Tom sa til meg etter vi hadde vore å tatt familiebilder for to veker sidan. Då hadde eg visst fått igjen det "uttrykket", ja ikkje veit eg heilt kva han meinta men noko må det vere etter så mange år ilag - eg tenkte då at det måtte vere for at eg hadde det kjæraste rundt meg og vi fikk det foreviga, men kanskje er det noko med at eg dei siste 4 1/2 åra har vore fullstendig tappa for "meg" - eg har gidd det eg har kunna av meg sjølv til alle og kun søtte igjen med smerter...men, det har blitt litt endringar i livet og no i sommar har smertene fortsatt, men eg ser no at livet kan bli så mykje betre berre alt rundt meg "fell på plass"...Slik ein kunde som var innom "eg trur du få eit heilt nytt liv når du flytta Anja!" og eg trur ho har veldig rett...


Her er bilda av oss tatt for 2 veker sidan...alle er tatt av Paul Brown - Brown Foto.
Firkløver av både to- og firebeinte ♥
 
Skattane mine ♥♥♥
Uansett krevande daga så tek eg mest med meg det positive slik at ein kan ha ein lettare kvardag, så må ein huske å smile og prøve å ha godt humør for det hjelpe faktisk på ei dårlig form!! Er ein negativ og sur, klaga og syte litt må sjølvsagt vere lov! så trur eg faktisk ein blir dårligare enn ein i utgangspunktet er...

Draumar er fint og ha...men, det er liksom alltid nåkke som ikkje heilt stemme som når du ligge å får smertelindring og plutselig ser du ein bankmann som lege/operatør!!...kva kan det ha seg?? Eit sikkert tegn er veffal at akkurat då var eg ikkje i trygge hende og det kan kanskje samanliknast med det som har skjedd meg!?...

Eg ser fram til og ønska fleire slike draumar velkomen, og om draumar ein gang kan bli til virkeligheit så blir eg verdas lykkeligste menneske!! Ja smertefri om det så er for ein dag eller ei lita "ferieveke"!! Det skal eg fortsette å drøyme om :) 
Meg og tre av fire valper frå sist kull..


Ha ein herlig haustdag ♥♥♥
Klem -Anja-

lørdag 12. september 2015

Tur med ny vri

Ååååå du herlige tid!! Fredag gjekk eg rundt her heime litt "småuggen" i kroppen, med ei sjuke Katja ❤️ Såg ut på det fantastiske vêret og tenkte i dag er rette dagen for å sjå solnedgangen på nært hald :) 
Snakka med mamma på telefonen, så ringte ho opp igjen kort tid etter...ho mettede vere med!! Ikkje berre kunne ho tenke seg ein tur, men eg fekk ikkje gå aleine.

Kjørte ut til Sandvika og begynte å gå med sola varmande mot oss...Sky koste seg i skauen og fikk endelig springe litt fritt, ja til vi kom til gjerdet då måtte ho i line igjen. Vi gjekk utover og lyset endra seg heile tida, vi gjekk fort utover mot målet - målet å sjå sola frese seg ned i havet.
Vi passerte skiltet/plansjenmed Flesje og gjekk gjennom grinda igjen.
Vi fortsatte i høgt tempo for å kome lengst ut før sola forsvann...Vi passerte nysgjerrige villsaud som haldt avstand og Sky var nok like nysgjerrig men kunne nok tenke seg å hilse litt betre på dei.
 Mine to beste turfølge...
Sjølvfi av eit turglad trekløver...

 
 Lite stykke igjen før vi var heilt ute...

På smal bumpete sti gjekk sola ned i havet..."Kor blei sola av!?" - å då kom plutselig eit lite spørsmål kvar er Kalvestad?? Vi gjekk heilt ut til Naturreservatet, men nåkken få svømmetak kunne vi gått i land på Hareid, eller vi kunne fortsatt rundt fjellet, hadde det vore lyst skulla eg prøvd med opp til Eltrane ;)
Eg måttte innsjå at eg har vore på Kalvestad tidligare...Veit ikkje heilt kvar eg var men tenkte i og med at folk sa det var såååå langt ut, tenkte eg at Stikk ut
! kassa var heilt ute...

 Å borte blei ho...
 Å plutselig var vi heilt yst på Sula...så no har vi gjort det også ;)
Berre nåkken svømmetak og vi kunne vore på Hareidlandet... 
Jaja, siste Stikk ut! turen på Sula fann eg ikkje, men det viktigste å vere nær sola då ho forsvann gjor vi...Så var det berre å kome seg heimover, og stien var ikkje lett å klare å følge då nattesynet kobla inn så det var berre å gå ca sti. Passerte igjen der eg trudde kanskje boksa var, men var jo ikkje rå å finne no. Vi flira godt og snakka om alt vi to pompel og pilt finne på, så må eg berre ta det på meg "alle MINE påfunn" - eg gjekk der i eit håp om at Nordlyset snat skulle vise seg..."E skal gi de Nordlys e!" sa mamma og vi holdt på å le oss ihjel. Inne mellom grindene igjen holdt eg på å gå på tryne og tok meg inn fleire ganga der er surra fram, tilbake og sida også ;) 

Då vi nærma oss grinda såg vi to lykter kome imot. Det var to koselige damer som også var på tur for å sjå om Nordlyset kom...

 Å mørkt vart det...Vakkert mot Hessa og Ålesund :)

Det blei ein dobbel så lang tur som planlagt, og postkassa må eg ut igjen i dagslys å finne utan å bli distrahert av solnedgangen ;)
Vi blei begge samde i at det var ein herlig tur med ny vri - å lommelykt er slettes ikkje dumt å ta med...

Det blei ei lang natt med øreverken til Katja som sette nye høgde og då verken gav seg kom kvalmen av medisinen ♥♥♥ 
I dag har min kjære bursdag, men først no skal eg og Tim Are på miniturnering :)
Ha ein fin dag rundt om!!
Klem -Anja-

torsdag 10. september 2015

Trolsk morgontur :)

I dag var det herlig rein og fuktig luft ute...Med lite sikt var eg og Bobby'en klar for ein fin tur rundt vatnet!! Eg er berre så utrulig heldig som ikkje berre har ein men fleire fantastiske firbeinte turkamerata som berika livet våra ♥♥♥ Ei firbeint glede som er berre heilt fantastisk!!

Superkoselig å gå rundt vatnet i dag, og så utrulig bra å møte på Tove med hundane!! Der fikk vi prata litt og ikkje minst Bobby lære å sitte fint å sjå på andre hunda (vi har slitt litt i sommer med at så mange berre sleppe hundane bort til mine at det bli "hilsefantom" av dei, så til frustrasjon for dei vi møte og vil hilse så er det hilsestopp her asså!!). Fint å treffe folk og slå av ein prat og super trening for min lille "klump"...


Vel tilbake ved bilen treffe eg to herlige damer og klart då går praten svært så lett om alt egentlig :) 

Utrulig kjekk start på torsdagen for både to- og firbeinte der vi fekk fin trim, naturen frå ei litt anna side og koselige folk i tillegg!! :)
Ha ein herlig dag ♥ dagen blir det du gjer den til...

Klem -Anja-

tirsdag 1. september 2015

Medan eg skriv viktigare ting

...tok eg meg akkurat ei lita "pause" å letta på trykket her det er jo det som er så fantastisk fint med å ha blogg, eg kan lette på trykket slik at andre ikkje får det som renne over og folk som bryr seg, er nysgjerrig eller berre vil sjå og høre råd til ting som kan gjeraste eller korleis ein kan takle ting. Uansett er det velkomen til å lese heilt ærlige kvardagslige ting om familieliv, hunder forhåpentligvis meir blomster igjen, det å takle kroniske og streke smerter blir det ein del av - men heilt enkelt det er ikkje barnemat og slettes ikkje dumt å få råd om, og ikkje minst "Anja`s stil" - både interiør og klede, ikkje heilt som alle andre!! Ja så mine skatta er litt forskjellig... 

Ja så no fyltes kaffikoppen og litt is i skåla det er ikkje ofte, men hjelpe sikkert på å fordøye inntrykka i går!! så er eg klar for å berre få ut litt andre ting, la vekk dokumentet om "viktige ting" for å få ny flyt inn i hovudet ;) 
For dei som venta på oppdateringar ang "ny huset" så kjem det asså, men ting går ikkje så fort...I helga overnatta vi på Sunde for å få jobbe meir effektivt, men det går ikkje alltid slik ein ønska når kjerring var sengeliggande og stort sett kun klarte å lage kveldsmaten på laurdag, men eg stod opp då eg hørte ein fugl feis søndag morgon...lufta og mata bataljonen med hunda og småpusla litt før "huset vakna".
Søndagen hakket litt meir oppegåande og vi fikk gjort litt (grunna ei dør og beisa ein vegg, det er stort det for ei som meg!!), ja Tom litt meir enn meg med klargjering før fagfolk ;)


Mandag morgon satt eg meg i flyet kl. 06.35 med ein varm kaffikopp og klar for ein dag i Oslo. Starta alt for dårlig med for lenge sittetid i flyet, men då er det fint at eg har tabletthjelpera "kravla meg opp på beina" ja og fikk bra med fart i dei, når dei kjem opp i maksfart før jogging så går dei faktisk fortare enn dei som småsprang for å rekke flyet :)) Gubben han lika ikkje å gå på tur med meg og begynne å skjønne det no, skal få på ein brytar...tre stille: av, på og middels...Håpe avbrytern funka når nervesmertene trer inn så kan eg berre skru på av også vips forsvinn dei også! :)) 

Vel framme på Ullevål var det først nye røntgenbilder så inn til doktormannen...Sjølv trasig og lite kjekk informasjon så var det ting eg ser på som litt "positivt" innimellom all "elendigheta" - akkurat no har eg nok med å fordøye det som "skjedde" også ser eg kva som kjem av det, men ein positiv ting er at eg faktisk kan hoppe i fallskjerm!! Ja han sa det asså...nåkke eg aaaaaldri trudde eg skulle gjer og heller ikkje vil, men ser muligheten med å kunne kome meg på Slogen, Hornindalsrokken eller Jønshornet for då kan eg slippe å gå nedover :)))
Skulle ringe heim når eg var ferdig, jauda då eg kom ut frå sjukehuset ringte eg til Tom og begynte å gå nedover, de kan tru det var mykje informasjon eg hadde å gi for eg kom meg til Majorstuen, innom nåkken butikka på Bogstadvegen før vi la på og eg ringte til mamma, ja ho fikk kortversjonen gjennom slottsparken og bort til Karl Johan...telefonane gjekk greit slapp "å sprkke" for det hadde vore unødig bekymring for dei heime...Zara tok over hovudet og eg fekk kjøpt nåkken ting til barna. Så blei det ei sulling som eg huska lite av før ein super venn kom til byen for å hilse på ♥ You made my day!!...Lunsj, kaffi og masse skravling og sulling rundt i byn, superdeilig å prate om alt og få lette seg på ein grei måte ;) Gjekk forbi butikka, men hadde ikkje lyst på nåkke!! Men, skoa som eg så gjerne skulle hatt fann eg på siste Lille vinkel butikken eg gjekk i ;) tusen takk for tipset Eirin...
Etter vi sa hade skulle eg sulle litt til, fikk telefon frå mi kjære storesøster...

 Not in shoppingmood så derfor var eg tidlig på flyplassen kaffi og blad var liksom heilt greit...å skoa var veldig god å gå i resten av dagen ;)
Vakkert å kome flygande inn over Sunnmørsalpane i eit magisk lys som eg ikkje kan gjengi i og med eg ikkje sat inn til vindauget...

I dag litt meir opplyst og klok på skade...men må berre fortsette å utvikle måten å meistre ting på...
Innrømme at eg er liten i dag, men sola skin og det skal eg også ;)
Klem -Anja-

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...