søndag 29. november 2015

Sulanissen og Svansnissen

Første søndag i advent og premiere på "Sulanissen og Svansnissen" - Eit flott førjulsspel av Jens Arne Molvær!!

Sjølv om vi har hatt det hektisk den siste tida med både "det eine og det andre" så har vi her i heimen hatt nedtelling på det som skulle få oss i litt ekstra julestmning - "Sulanissen og Svansnissen" ei forestilling av dramaelevane ved kulturskulen i Sula. Vi har sett den tidligare men i år litt ekstra stas då Katja var med og premiera gjekk utrulig bra!!
Forestillinga var flytta frå Friheim til amfiet på Langevåg skule og syns nesten det var enda betre!! Men, det kan sjølvsagt ha noko med at vi satt så nære...

Eg hadde  med kameraet og tok litt bilder av dei utrulig flinke, dyktige og flotte barna!!
Trykk på bilda for å få dei i større format...
 Full snøballkrig mellom nisseleirane...
 Herlig drakamp!!
 Sulanissebarna og Svansnissebarna i kvar sin leir...
 Den kule reven...
Hald i skjørtekanten til mor di du!!...
"Glad i deg"
 Sulanissen og Svansnissen dreg i kvart sitt nissebarn...
 Kvar sin gang med arm og fot i veret gjer underverket ;)
 Tuuuuusen takk for ei herlig forestilling og for ein fin gjeng!!
Sulanissen med si SulaSigrid...

Eit fint avbrekk frå oppussinga og utrulig kul forestilling med flotte barn og herlige replikkar!! Nesten så eg vil ha med meg dei to neste forestillingane...Så har du mulighet anbefala eg på det sterkaste å sette av mandag eller tirsdag til herlig god underhaldning i Langevåg.

Ønska de alle ei herlig, rolig, koselig og fin adventstid...
Klem -Anja-

tirsdag 24. november 2015

Det går framover!!...

Litt av overflatene vi miksa med...Det er spennande asså ;)

...og det gledast!! 
Eg har satt meg som mål å vere inne andre helga i advent, ja sjølv om eg helst vil inn til første!! :))
Vi er sjølvsagt ikkje ferdig, men det viktigste er å ha ein plass vi alle kan sove, kjøkken til å kose seg på og stua til å samle opp ein haug med folk!! Jadda, for eg er ikkje heilt folkestygge enda og tek imot besøk etter vi har komt oss inn.

Beste hjelpa ❤️
"The wall"...
Slik ser det ut når vi montera kjøkken...og dette er berre litt av kaoset!!..
Slettes inga dårlig utsikt når ein skrur saman kjøkkeninnredning!!.

Her er snart vår nye heim...

Sjølv om det gjenstår ein del så kan eg fint leve med og ta litt etterkvart ettersom vi har tid og ork...
Søndagsmorgonen låg eg i senga å såg på dette synet!!..

No er det natta og håpa på litt berre litt søvn så er ein så mykje meir opplagt i løpet av morgondagen.
Riktig god natt, sov godt og draum masse herlige draumar ❤️
Klem -Anja-

mandag 23. november 2015

Naturmedisin på sitt beste ♥

...Herlig...

Dagane går og vi får gjort litt innimellom slaga...Det er ein kamp på fleire måta, men det som gir meg litt ro er at eg kan ta med meg hundane og barna ut på marka og ned til sjøen  Ikkje berre er det denne fantastiske fjorden som gir meg ro, men det å kunne sjå hundane springe fritt og barna kosa seg ♥ det gir for tida livet mitt meining...
Barna, hundane, naturen og familien min er naturmedisinen eg treng for å kome meg gjennom dagen!!...Eg drøyme meg vekk i småting innimellom, og då gjerne litt utanom det vanlege berre for å få litt variasjon ;)
...På veg opp igjen så kom det ei lita snøbyge...

Må berre sei det er forferdelig tungt å gå med slike smerter dag ut og dag inn! Har gjort det i snart fem år så det er elles ikkje noko nytt, men det er vel det at det no tæra ut kreftene og motet mitt...

 JIPPI vi skal til sjøen!! :)
 Trur "Berta" vil bade, men kan nok vente til våren ;) 
Mille er nok den største av alle hundane - skikkelig tøff lita dame... 
Nåkken som kan sjå kva Timmen drege på her!? :)
Hundane i full firsprang på veg ned mot sjøen igjen...

Men, eit godt lyspunkt er at dette gir meg ei ro som eg sjeldan har...så eg håpa dagane skal bli lettare når vi flytta inn, og eg kan sette meg ved sjøen med ei herlig ro 
Fantastisk var det å få litt pudder som var her eit par daga og akkurat nok til at eg fekk julefølelsen...så no må eg på loftet å få fram staken og stjerna, lit på Sunde også må det nok opp litt her i Langevåg også ;)
Klem -Anja- 

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...