fredag 29. januar 2016

Vi må tenke oss om...

Ein ting er sikkert og det er at dritvatnet våra får dtitfin utsikt før det blir skylt i fjorden, ja det er ein fjord og ikkje havet..!!

...ein, to og gjerne tre fire gongar før viktige beslutninga takast. Spesielt når ein skal anlegge eit reinseanlegg for morradagen og framtida, er dette noko som vil ha verknad på heile lokalmiljøet og det burde takast særskilt omsyn til beliggenheit og kva utslepp dette vil gi.
Kloakk er ikkje berre kloakk, men ein del som naturen ikkje klare å bryte ned sjølv!!!
Sulaposten sist veke...

Så om eg berre kan klare å sjå forbi at kommuna vil nytte ei slik perle til eit kloakkrenseanlegg så er det ikkje berre området, utsikta og det at naboar blir berørt som tala dette rett imot.
I dag har vi ca. 1500 menneske sin kloakk som går urensa rett i sjøen på Sunde!! Det er jo gale nok og tala klart om at her må det reinsast. Men, om vi les og høyrer riktig så er det ikkje eit fullskala renseanlegg som vil kome men eit anlegg med ca. 50% rensing!! No når dei ønske å få heile Sula inn på dette anlegget så vil det tilsvare ca. 9000 personar i dag (og husk at kommuna aukar) som med 50% rensing vil det sei at bakteriar og drittvatn til ca. 4500 persona vil havne i Storfjorden her på Sunde...det gir ei tredobling i utslepp for oss som bur her!!. Då vil eg påstå at det handla om meir enn berre nåkken naboa som bli råka av anlegget, då er det heile indre som blir råka med tanke på badeplassa og tur på sjøen for hygge og fiske. Alle som bruka fjøra til aktivitet, barnahagane og andre som er ned ved fjorden og skal leve med dette.
Kva det gjer med den flotte fiskeplassen og livet under overflata tør ikkje eg å tenke på. Kva med dei fine badeplassane i Solavåg, og spørsmål frå runda i går "vil bakteriar etc. følge strømningar mot Valen og danne grobunn for lukt etc. der?". 

Så til plasseringa som er tragisk nok...men, dette ligg sopass lavt i terrenget rett ved Storfjorden at det er i faresona til Åkernesrenna, ja kva om denne går ei tid etter anlegget er i gang og set dette ut av spel. Når bølga har roa seg og oppryddinga starta vil vi ha behov for å gå på do og då vil altså kloakken til 9, 10 eller 11000 gå urensa rett i fjorden. 

I går bytta eg ut dei firbeinte (og dritposane) med ein pose med ark og penn...Frå dør til dør gjekk det, dei fleste skreiv velvillig på, nokon måtte få litt meir informasjon, andre måtte eg diskutere litt med for og imot, så var det nokon som ikkje ønska å skrive under og det må vi også ha forståing for i eit demokrati. (sjølv meina eg det skjer pga feil informasjon).
Dei ringte meg heim og eg noko uvillig måtte innsjå at eg måtte bli med då folk begynte å låse dører og slukke lysa...Men, eg sprang til neste hus som eg kunne kome på den tida og fekk meg litt latter og to underskrifter til. Kunne ikkje heilt gi meg så vi stoppa ved eit siste hus.......to lunkne pizzastykker og eit stort glass saft har vel neppe smakt betre nokon gong, to underskrifter blei det også :))
Det å bruke ei av dei flotteste naturperlene vi har i Sula og Sunnmøre (eg er ikkje rette til å sei det, men ein av landets flotteste utsikt!!) blir for meg heilt ufattelig å berre sjå på at dei gjer. 


Eg måtte litt sukkande innsjå at målet med 300 underskrifter ikkje var lett på ein ettermiddag og kveld...
No har eg fått meg ein kaffikopp og beskua stormen som er under opprulling rundt verdas vakraste fjord, skal ein tur på behandling og forhåpentligvis får eg stå litt i døra på butikken her i håp om å få fleire namn på arka våre :)


Stormen kjem snart til Sunnmøre og Sula, og samtidig håpa eg på at arka fyllast slik at vi saman kan få ein skikkelig gjennomgang av denne saka slik at alt av informasjon kjem på bordet. 
Vi må stå saman om å verne om naturperler og nærmiljøet våra!!
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...