fredag 20. januar 2017

Love Don`t Bother Me

Hils på vårt kjære og nye tilskudd til flokken ♥ Kvasneset`s Love Don`t Bother Me...
Saga - skal tru kva ho vil fortelle oss etterkvart!? Men ein god begynnelse er det, syns veffal eg!..
I går fekk eg ein stor bukett med dei mest fantastiske roser frå valpekjøpera  Det å få blomster er ikkje kvardagskost for ein blomsterdekoratør og då blir eg både glad, takknemlig og rørt...klarte å halde tilbake sjølv om det var vanskelig, men kunne ikkje begynne å grine ved første møte ;)
Måtte ta bilde av rosene, vår nye herlig kruttønne (vi diskutera fortsatt namn, men etter at eg besøkte svigermor med ho i går og ho sa at Saga var så fint så tenke eg det er greit å bruke det) og meg sjølv da som alltid tek meg steike bra ut så derfor kutta vi litt ;) ...

Hils på vårt kjære og nye tilskudd til flokken ♥ Som innlegget er dette det nye namnet på det nye tilskuddet til floken vår, og ja det passa perfekt!!...Det var kun eit namn som var planlagt til ein av dei 13 i dette kullet så at vi fikk ei av mine golåta frå den spede ungdomstida mi var berre flaks. 
Men då vi i går sat å diskuterte namnet henna og Katja skulle kose så hadde ho ikkje ro på raua og ja ho drit i kjærleiken berre ho får styre som ho vil...
Vi har nok igjen tatt "kruttønna" i kullet og med det håpe eg vi skal få mange fine trenings stunde!!
Tom vil ha ho med på jobb om dagane så det her lova godt!!...For det er ingen hemmelighet at alle hundane er ekstremt besatt av kjerringa i huset så kanskje eg skal klare å halde fingrane litt frå fatet slik at dei finn kjemien og får utfalde seg utan innblanding av meg. Men, heilt ærleg korleis gjer eg det??


Som alle i kullet på 13 er ho bedårande vakker og sjarmera på rampete vis. Kan ikkje sei anna enn at eg er dritsliten no og set faktisk pris på å få mindre å vaske...for når vi er akkurat ferdig å vaske etter 13 stykker så begynne vi på nytt igjen når nummer 12 har gjort frå seg ;)

Takknemlig for at alle har/skal få slike flotte heima ♥♥♥
Klem -Anja-

mandag 9. januar 2017

Utstilling 2017

Når eg tenke på fjoråret så blir eg så takknemlig og glad!!
I år er det ikkje berre eg som ser på terminlista, men Katja er nesten meir ivrig enn meg og det er jo berre så gøy!!

Vi har satt oss ut nåkke vi ønska å reise på, klart kan det kome noko i vegen så det ikkje blir men det her er utgangspunktet vi satt når vi las terminlista då den kom i fjor...

Om der er valpekjøpera rundt om så har lyst å prøve seg så hyl ut om der er ei i nærheten der vi skal så kan vi hjelpe om det trengs...å ikkje minst få møte dåkke er jo kjekt i seg sjølv :)

Vi håper å få til disse:

18-19.02.2017 - NKK Bø
13-14.05.2017 - NKK Ålesund
03.06.2017 - NRK stor cert Gjøvik
04.06.2017 - NRK Gjøvik/Lillehammer
24.06.2017 - NRK avd Sunnmøre på Nordfjordeid
25.06.2017 - NRK avd. Sogn og Fjordane
01.07.2017 - NRK avd. Trondheim og Omegn
02.07.2017 - NKK Trondheim på Leangen
12.08.2017 - Norges Jeger og Fiskerforbund
13.08.2017 - NRK avd Midt-Hedmark
26.08.2017 - NRK avd Ringerike og Omegn
27.08.2017 - Workingtest??
30.09.2017 - BSBK Bønes 
01.10.2017 - NRK avd Bergen og Omegn
18-19.11.2017 - NKK Lillestrøm

Gode minne frå fjordåret der vi mellom anna fekk ein ny champion!! 
 Katja sitt høgdepunkt i fjor der ho debuterte på NKK Trondheim og tok Cert i hard konkurranse søndagen på NRK!!

Det blei litt det asså...og i tillegg er der nåkken som kræsja med andre ting vi skal på.
Her er veffal eit greit utgangsfpunkt for å få med seg litt så får vi ta ei oppsummering ved års slutt...

Om det er valpekjøpera som ikkje vil stille så kan vi eventuelt sjå på hunden, klippe og stille den for dåkke. Eller om de berre vil kome for å hilse på blir vi veldig glad for det :)

Klem -Anja-

Treng du hundeleike!? - Prosjekt Katja til Crufts

Katja laga leiker i mange farga og litt forskjellige størrelsa...


...Jepp eg sa hundeleike eller berre dingsa som valpen og hunden din kan bære rundt på? 
Her i huset har vi opp gjennom tida hatt mengde med leike og bamsa som hundane har hatt av ymse slag og kvalitet. 
Så begynte Katja å lage dei aller beste til våre firbeinte som ho lærte av vår kjære valpekjøper og gode venn!
Det er ikkje alle som verken vil eller har tid til slikt så derfor kan Katja lage til dåkke så slår vi to fluge i ein smekk!!
Katja får tjene seg penga til det som for tida er henna livs stor draum, og du får flotte leike til hunden din!! Ho tenkte litt på den ideen då ho såg liknande leike på ein stand ved utstillinga på Lillehammer i sommar...og no skal ho prøve for lysta på å reise er jaggu stor! Så for ein normal knute tek ho kr. 50,- så dei større og med mange farga tek ho 70,- Det vil også bli laga enda større...

Det har seg slik at vår kjære datter har blitt bitt av hundebasillen...ho fikk blod på tann etter ho debuterte i ringen i Trondheim og kunne nesten ikkje vente til neste utstilling, og no ser ho fram til Bø i februar :)
Men, etter ho hørte om Crufts så har ho eit brennande ønske om å reise dit på bursdagen sin og sjå flatten i ringen dagen etter!!...Eg trudde det var til London og shopping ho ville, men nei ho ville sjå flatten i ringen og det varma jo hundehjartet mitt det.
Det skjer mykje på hundefronten mykje som mange barn berre kan drøyme om, og derfor syns eg ho faktisk må jobbe seg heile vegen til Crufts...



************************************************************************
"Katja til Crufts"
************************************************************************

Å finne ting å kunne gjer for å betale reisa var ikkje enkelt heilt til ideen om å selge leikene ho laga.
Så no vil ho produsere så aldri før og ho er godt igang så no håpe ho der er eit lite marked for ho "der ute"!!...hadde sjølvsagt vore kjekt å kunne få oppleve Cruftsdraumen ilag med ho no når ho fylle 13 år i mars så vi får sjå kva ho kan klare å sanke inn...
Lite utval av farga og størrelsar...

Om det her kan vere av interesse så send meg gjerne ein mail eller ei melding på messenger/telefon 
Eg må berre ønske Katja mykje lykke til med prosjekt "Katja til Crufts"!! :)
Klem -Anja-

NB! Har jo eit stort ønske om at ho skal lykkast for eg kan jo ikkje la ho reisa aleine dit så då får eg hjelpe ho litt med å markedsføre salet!...og trur ho set pris på kvar ein som dele og vil kjøpe ei lita leike eller to-tre :) 

tirsdag 3. januar 2017

Love Love og enda meir Love...

...Ja tenk at vi har så mykje Love rundt oss - heile tretten som har det i namnet og i tillegg til dei ein gjeng til.
Eg hadde ei fin liste då eg begynte å skrive inn namna, men så like eg så godt Love at alle tretten måtte få det!! Ja du veit kjærleik, draumar, hjarte, love og svarte fribeinte kan godt assosierast med meg.

Haaaay...my name is Love  

Det er ikkje klart kven som skal ha kva valp enda og heller ikkje kva farge som får kva namn...meeen det som ER klart er kva namn som har fått kva regnr. og ser du eit namn her som fanga akkurat deg så gi beskjed så skal vi prøve å tilpasse det din hund...


Hann - NO56644/16 Kvasneset's Love Me Like You Do
Hann - NO56645/16 Kvasneset's Love The Way You Lie
Hann - NO56646/16 Kvasneset's Love At First Sight
Hann - NO56647/16 Kvasneset's Love Of My Life
Hann - NO56648/16 Kvasneset's Love Under Cover
Hann - NO56649/16 Kvasneset's Love Lavender Heaven
Tispe - NO56650/16 Kvasneset's Love Yourself
Tispe - NO56651/16 Kvasneset's Love Don't Bother Me
Tispe - NO56652/16 Kvasneset's Love Don't Cost A Thing
Tispe - NO56653/16 Kvasneset's Lovestory
Tispe - NO56654/16 Kvasneset's Love Is All You Need
Tispe - NO56655/16 Kvasneset's Love Me Tender
Tispe - NO56656/16 Kvasneset's Loveletter To Frida

A bit of love from -Anja-





mandag 2. januar 2017

Godt Nytt År!!

...Vi har no lagt eit innhaldsrikt 2016 bak oss, og med blanke ark, nye håp, og enda fleir draumar går vi inn i det nye året med lyst til å få realisert nokon små ting, noko går under draumar andre berre enkelt små ting.
Vi har nåkken skikkelig godsaker her i heimen, men dei er verken drikkandes eller etandes...men dei fylle oss med glede på ein unik måte!...Men, tru meg det er ikkje berre rosenraudt for herremin kor 13 valpa tissa og drite, og om det lukta!? Ja det gjer det ;)

Veit ikkje heilt kvar eg skal begynne og slutte, kva skal eg ta med og kva skal eg la ligge...eg har faktisk ein del eg absolutt vil ta med og dele slik at eg kan ta med litt i det nye året og kanskje andre kan ha glede i same slengen.

Men akkurat no nøya eg meg med å ønske alle eit innhaldsrikt år og husk karma is a bitch!! ;)
Klem -Anja-

Draumande N-kull

Kan vel ikkje sei anna enn at eg er ein draumar...satt å gjekk gjennom alle namneforslaga mine på n og fann ut at det ikkje passa til dei og...