torsdag 23. februar 2017

Valpeplaner for våren 2017

Vi er på hytta og eg skulle berre ut ein tur, men før det mååååå eg berre dele dei nye planane for 2017!!


Bilde frå Nora sitt siste kull...

Vi er så heldig å få kunne nytte herligste Loke på Nora sitt siste kull!!... Han har eit fantastisk gemytt akkurat slik som Nora har og ei super helse på begge foreldrene gjer at vi håpe dette kan bli eit herlig og sunt kull...

Må legge ved stamtavla på - for oss ei spennade kombinasjon!!...

Anita og Kjell nytta ein hannhund (Boppalooza Novemberbigwig - som er halvsøster til Boppalooza Jungman Jansson bestemor - Jungman er far til Nora)...Novemberbigwig likte eg veldig godt og dei nytta han på si første avlstispe frå Fonkebakken (ho hadde samme mor som min første hannhund Fonkebakken`s Cassie)...Det kullet resulterte i fantastiske Kelly!
Har hatt ønske om å bruke ein hannhund etter ho, og no var den rette kombinasjonen på plass og vi finn ho igjen som bestemor til Loke.
Ikkje berre kjenne eg godt til mors linja til Loke, men eg var i Danmark på Nordisk Raseråd for nåkken år sidan, og då fekk eg sett nåkken flotte hunda ikkje mindre enn tre generasjonar!!
Fantastiske Jelly (Moonstruck Jelly Baby) henna flotte sønn Solo (Starworkers Handsome As Hell) og hans herlige sønn Picazzo (Starworkers Make People Talk)...
Må også nemne fantastiske Sune - Black Mica`s That`s Enough i denne spennande stamtavla!! Sune er etter Collin som også ligg bak på Nora sitt første kull - nok ein fantastisk hannhund!!


Loke er ikkje berre vakker men jobba godt - i tillegg har dei fått vist det på prøve og han fekk lett sin 1 BK på jaktprøve...

Har virkelig trua på at vi igjen har funne ein god match til ho og gler meg til å sjå kva dette kan bli!!
Men, no må ho først begynne å løpe, få augelyst ho igjen og så skal vi få ei paring...så får vi etterkvart sjå om det bære frukte, men du kor eg gler meg og kryssa fingre for at alt skal gå vel!!
Er du eller nokon du veit interessert er det berre å ta kontakt og anbefala deg å vere ute tidlig med å sette seg på liste for kan ikkje rekne med eit så stort kull som sist.

Bilde av Loke...

Bilde av Nora...

Ha ein herlig dag!!
Klem -Anja-

torsdag 16. februar 2017

Tidenes spleisefest ved fjorden!?

Håpe vi etterkvart med god smvittigheit kan fiske, rake krabber etc. utan fare for å få i oss for mykje dritt..


...Ja no er det visst ei tid for ho her å prate litt dritt igjen!...
Alle innlegga mine om det her minne ikkje mykje om interiør, blomster, hage og elles ein del om det eg starta bloggen med for fleire år sidan ;)) ja, men samanlikning til "rosablogga" har eg aldri ville hatt også har det med idear etc utvikla seg til å bli til ein skikkelig kvardagsblogg med litt terapi og utløp for frustrasjon...og det her kjem nok under siste kategori ;)
For eg synes kloakkdebatten er faretruande stille, ja eg har liksom sagt mitt ein gang men ein god ting kan aldri seiast for ofte!

Eg skreiv nåkken innlegg og måtte berre la dei ligge i kladd som litt "krasse" innlegg gjer. Meeeen må ta fram litt av dei så derfor la eg ut eit og no kjem eit til...spara på det værste kruttet for å ikkje virke fullstendig gal ;)
 Koselig ved fjorden og la oss håpe det kan fortsette framover...

Men, kva er vel ikkje godt med saka slik ho ligg i dag? Det er fortsatt snakk om ein fjellhall der all kloakken frå Sula og det meste frå Ålesund skal inn i skjerma omgivnader. 
Ja og missforstå meg ikkje for det er steike bra!!...Det var nokon som spurde meg i ein diskusjon "kva skal til for at du blir fornøgd da!?" - Fornøgd blir eg den dagen vi kan klappe oss på skuldra og vise til at vi har tatt omsyn til naturen og dei som leve i og med den. For sjølv om eg får det nære så er det ikkje berre panikken over å øydelegge for dei som nytta området for friluft eller dei som måtte få betongklossen nær inntil husa sine. 
Men, det er faktisk alt vi ikkje ser som bekymra meg mest!! Kanskje er det for at eg ikkje har stor nok peiling på bakteriar og strømningar i fjorden?. Eg kan også lese og vise til Molvær sin rapport om at Storfjorden er ein betre resipient enn Borgund- og Hessafjorden, men då han presenterte dette i kommunestyret presiserte han alt for lavt og "litt på si" at det var kun utarbeid ang kva av fjordane som var best eigna, og ikkje om Storfjorden er "god nok". Å ein del folk vel å ta desse orda om at Storfjorden er bra og slik er det...Men når kammaren og papira er kjørt vekk så er her altså mengde med avfall igjen - kva skjer med dette?? Silanlegget som det først var snakk om er strøke over for alltid vil eg håpe og tru  - ja, det som forundra meg mest her var faktisk ein del av dei eg var rundt å snakka med, og flest av dei eldre menn som ikkje skjønte kva eg meinte og såg sikkert på meg som sprøyte gal for at eg kunne ha noko imot eit silanlegg når vi ikkje har reinsing i det heile i dag!!...
Om eg skal sei det EG meine så er det betre i dag enn det ville blitt!!...for no veit vi at dritten er der om eit slikt anlegg skulle kome så hadde folk tatt det som god fisk (som det hørtes ut på alle at no blei det reinsing!) og dermed hadde vi fortsatt å fiska nedi der, svømt og kost oss!!
Men klart er det også betre i dag med tanke på kor mange utslppe kjem frå og eventuelt vil bli når så mange vil bli kobla til!

Det som også forundra meg i dag er at folk set ned krabbeteiner rett ved kloakken i dag og om desse blir seld så lykke til...om dei går seg reine eit døgn ved brygga spilla inga rolle dritten er med dei!
Om det hadde blitt silanlegg så var sjøen like forureinsa berre at vi ikkje ser det.

Kva skal til for at vi skal få ein så rein natur og fjord som muleg!? Eg sit nok ikkje på svaret, men eg skal ikkje vere heilt stille før eg har fakta og forsikringa på at det som gjerast er rett og lagt ope på bordet!


Kom ikkje å sei at fjorden ordna dette sjølv for det har eg og ikkje minst andre svært kyndige folk gidd nok av eksempel på!!
Fjorden ligg å skyll  vatnet fram og tilbake med straumane som vi ikkje ser på overflata. Når vatnet som er "reinsa" blir spylt ut på havbotnen og etterkvart får same temperatur som havet vil det stige til overflata...så eg berre undra meg på kva som vil skje? Kva reinsing vil det bli? Kvifor er det så stille og lite informasjon? 
Eg skal ikkje lage meir styr, men eg vil berre at vi skal ta vare på det vi har rundt oss på ein god måte!! De veit vel alle kva natur vi har her??
Eg har igjen hatt folk frå "heile landet" innom dei siste vekene og kvart eit menneske uansett ver har påpeika for ein fantastisk plass vi bur på!!...Så er det opp til oss alle om den skal vere like fantastisk for dei som kjem etter oss og ikkje minst at vi kan nyte det meste medan vi er her!


Eg skulle så gjerne fått alle svar og når dei kjem som strålande nyheite og eg kan senke skuldarane på at vi har tatt vare på folk, dyreliv og natur her så skulle vi alle hatt tidenes spleisefest ved fjorden!!!...Sang, musikk, god mat og drikk - ja ein skikkelig fest!...

Så les eg infoen frå administrasjonen som driv å jobba med det beste alternativet...dei ser no på å plassere fjellhallen enda lengre inn. For det første håpa eg fjellet blir sjekka pga for nokre år tilbake var det snakk om å legge vegen i tunnel gjennom fjellet men det var så rote at det ikkje var mulig.
For det andre........som har vore mitt argument heile tida - har de sjekka å legge fjellhall i Sulafjellet!!???...
Det må vel vere betre å få det til Langevåg og i rør ut i Breisundet ut i ope hav? Å for å presisere igjen så snakka eg ikkje om å sleppe det i Hessafjorden men ut forbi...
Er er kansje dum og blond, men eg kan ikkje skjønne anna enn det må bli beste for fjordane.
Men kom gjerne med forklaring på kvifor dette ikkje går??
Er det kostnadar så vil eg gjerne sjå forskjellen på indre og ytre...vi må i så fall tenke langsiktig, vi kan betale det over 5 år ekstra kanskje? Vi må ikkje gløyme at naturen får vi ikkje igjen uansett kva vi betala...  


Eg blir også betenkt når eg les i media og ikkje minst sosialemediar korleis folk spyr ut galle om diverse avfallshandtering. Det ser ikkje ut som om folk ønska å tenke på miljøet rundt...Det er fakta at vi er alt for slepphendte og det ser ein på alt som vi finn igjen ute i naturen.
Folk må begynne å ta seg saman! Eg skal ikkje uttale meg så mykje om anna avfall då eg har ein mann som jobbar i Årim, men litt klare eg å tenke sjølv etter knappe 10 år i avfalls bransjen...


Skal gi meg i denne omgang, men måtte vi berre få den beste løysinga med den reinaste fjorden, og beste festen ved fjorden ever!!... :)
-Anja-

onsdag 8. februar 2017

Giskemonibba 687 moh

Keesha ved toppvarden med vakker utsikt mot Storfjorden...

Eg hadde vel ikkje heilt sett for meg at vi 8. februar kunne gå på slike tura tørrskodd, men vi har alt anna enn "normalver" for tida.
Så i dag satt vi oss i bilen å kjørte til Ørskog for å ta turen for første gang til Giskemonibba. Eg og Cecilie vart litt forseinka då eg måtte kjapt (med litt forviklingar😂) innom apoteket, men Tanja og søstra venta på oss på avtalt stad før vi kjørte i følge innover. 
Litt nedtur då vi såg at bommen var låst så vi prøvde å få tak i nokon som kunne hjelpe utan hell...plutselig kjem det ein bil bak og gleda var stor då han kom med ein nøkkel!! Så det var dagens reddande engel. (Vi kunne sjølvsagt gådd frå bommen, men i dag var det litt meir enn flau vind og med nåkken minus var deg so kaldt at raua blei kald før eg visste ordet sv det!)...
Berta og Keesha ved toppvarden...

 Keesha nyte utsikta i blæsten...
Utrulig fin tur med lett stigning til toppen først eit stykke på grusveg før vi gjekk i frosta gras og skare snø omkvarandre. 
Vi var godt kledd men steik kor kaldt...vi gjekk i sopass raskt tempo at vi klarte halde varmen, men når nordavinden kasta seg rundt oss frå alle kanta sleit vi med å halde hendene varme og snørret igjen ;)   

Syns det gjekk så fort og greit at eg vart "positivt skuffa" over at vi alt hadde nådd toppen!!
Vakker utsikt heilt klart og vi sat oss ned bak varden slik at vi kunne få oss ein liten matbit før vi hutra oss ned igjen...
Sola kom seg over eine fjelltoppen i det vi nådde toppmåneden vårt så då fekk vi sol dei siste metrane og oppe på toppen, ikkje minst på veg ned, så det vil i grunn sei at vi bomma på sola men traff på vinden i dag ;) 
 "Søstre"...

Alle var samde i at det var ein fin tur, og vi vil gjerne på tur igjen men gjerne med mildare trekk!
Oppover var det nesten umulig å prate då blesten tok med seg orda og hørselen ikkje strakk til...men på veg ned vart det både meir sol og mildare trekk...
Takk for turen ❤️
Klem -Anja-

mandag 6. februar 2017

Antibiotika-resistente bakteriar...

Eg tek meg ofte i å tenke på fjorden vår på ein måte som eg gjerne skulle kunne sleppe no. Men, kan vi det? Eg er redd debatten er så stille at eg ikkje heilt tør det før fakta ligg på bordet...
Tanken kjem over meg når eg møte folk eg har prata med ang problematikken av silvatnet so, det var snakk om for eit år sidan berre skulle får renne fritt ut i fjorden utan at dei folka ante kva vi gjor, ja for eit reinseanlegg var vist så bra...dritt var sjølvsagt vekk, men kva med den værste dritten - den vi ikkje ser!?...

Eg har lest ein del om antibiotika-resistente bakteriar, og nei eg er nok ikkje ein kløppar på bakteriar og heller ikkje så veldig skulert i så måte, men alle kan vi få litt kunnskap av å lese svart på kvitt.

Antibiotika-resistente bakteriar er som artikkelen eg lenka til overalt!!...men vi kan gjere noko med det er mi meining. 

"Nyere forskning peker mot at motstandsdyktige bakterier kan finnes i de aller fleste miljøer der mennesker og husdyr ferdes, forteller professor Yngvild Wasteson ved NMBU Veterinærhøgskolen.
Disse bakteriene har enten utviklet seg i kroppene til dyr eller mennesker som har brukt antibiotika, eller de oppstår på grunn av antibiotika som lekker ut i vann eller jordsmonn."
Her har vi heilt klart rota til fjorden vår!!.......alt vi har i oss kjem faktisk rett i fjorden, og vil ikkje tenke på kor mange antibiotikarestar som kjem ut her! Vi kan ikkje tenke kun Sula og Ålesund sjølv om det er katastrofalt nok, men tenk på alla andre kommune som ligg langs storfjorden som peise kloakken sin her!?

Kva er antibiotika-resistent!...

Vi har alle eit ansvar om å ikkje bruke antibiotika unødig, vi har alle eit ansvar om å ta vare på naturen vår...Så eg venta litt utålmodig på kva som skjer i debatten ang reinseanlegg ved Storfjorden!...
Kanskje bekymra eg meg unødig, men det er i så fall mitt problem...og det er greit så lenge avgjersla i saka ikkje blir "vårt problem!" Å for all del husk!...ikkje berre vent på eit "godt svar for deg til eiga vinnings skuld" bry deg også om andre og naturen!!..

Vi er så nøye med at dyreforet skal vere fritt for antibitika, er det ikkje på tide av vi bryr oss med kva som blir spylt ut i det sunne matfatet våra!???
Ønska alle ein bakteriefri dag!!... 
-Anja-

Draumande N-kull

Kan vel ikkje sei anna enn at eg er ein draumar...satt å gjekk gjennom alle namneforslaga mine på n og fann ut at det ikkje passa til dei og...