torsdag 23. februar 2017

Valpeplaner for våren 2017

Vi er på hytta og eg skulle berre ut ein tur, men før det mååååå eg berre dele dei nye planane for 2017!!


Bilde frå Nora sitt siste kull...

Vi er så heldig å få kunne nytte herligste Loke på Nora sitt siste kull!!... Han har eit fantastisk gemytt akkurat slik som Nora har og ei super helse på begge foreldrene gjer at vi håpe dette kan bli eit herlig og sunt kull...

Må legge ved stamtavla på - for oss ei spennade kombinasjon!!...

Anita og Kjell nytta ein hannhund (Boppalooza Novemberbigwig - som er halvsøster til Boppalooza Jungman Jansson bestemor - Jungman er far til Nora)...Novemberbigwig likte eg veldig godt og dei nytta han på si første avlstispe frå Fonkebakken (ho hadde samme mor som min første hannhund Fonkebakken`s Cassie)...Det kullet resulterte i fantastiske Kelly!
Har hatt ønske om å bruke ein hannhund etter ho, og no var den rette kombinasjonen på plass og vi finn ho igjen som bestemor til Loke.
Ikkje berre kjenne eg godt til mors linja til Loke, men eg var i Danmark på Nordisk Raseråd for nåkken år sidan, og då fekk eg sett nåkken flotte hunda ikkje mindre enn tre generasjonar!!
Fantastiske Jelly (Moonstruck Jelly Baby) henna flotte sønn Solo (Starworkers Handsome As Hell) og hans herlige sønn Picazzo (Starworkers Make People Talk)...
Må også nemne fantastiske Sune - Black Mica`s That`s Enough i denne spennande stamtavla!! Sune er etter Collin som også ligg bak på Nora sitt første kull - nok ein fantastisk hannhund!!


Loke er ikkje berre vakker men jobba godt - i tillegg har dei fått vist det på prøve og han fekk lett sin 1 BK på jaktprøve...

Har virkelig trua på at vi igjen har funne ein god match til ho og gler meg til å sjå kva dette kan bli!!
Men, no må ho først begynne å løpe, få augelyst ho igjen og så skal vi få ei paring...så får vi etterkvart sjå om det bære frukte, men du kor eg gler meg og kryssa fingre for at alt skal gå vel!!
Er du eller nokon du veit interessert er det berre å ta kontakt og anbefala deg å vere ute tidlig med å sette seg på liste for kan ikkje rekne med eit så stort kull som sist.

Bilde av Loke...

Bilde av Nora...

Ha ein herlig dag!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...