mandag 27. mars 2017

Suuuurpriiiise!!....

...og overraska er berre forordet!
Eg har gått her i over to veke som ein liten zoombie og tenkt rare tankar...
Berre slik at de kan sjå for dåkke koleis det er - eg er ein kontrollfreak som ikkje lika å bli overraska ;)


Eg kan sjå tilbake til tirsdag 7. mars - Eg og Berta tek oss ein tur på fjellet ilag medan eg prata i telefon med ein forvert syns eg noko ser rart ut på Berta. Vi har ikkje hatt hunda med innbilt drektighet før så kjenne under buken på ho og der er litt forstørra patta. Legge på telefonen og går siste stykket til toppen i det eg febrilsk prøva å få tak i Tom.
 Klarte faktisk å ta bilde av ho sjølv om eg nett hadde fortått at noko ikkje var slik det skulle...

På toppen tek eg på ho og ser godt etter og pattane er smått rosa.
Til slutt ringe Tom tilbake og ber meg ta det heilt rolig for det er teknisk umulig då vi har hundane skilt så lenge.
Veterinæren hadde fullt, men eg kunne jo ikkje vente til onsdag med å få ho sjekka så han berre måtte ta meg imot...å der står eg å rista litt og ser ei, to, tre ja og litt fleire fine blære. Visste ikkje om eg skulle flire eller skrike så veterinæren sei det så bra - ser ingen problem med dette, ei så harmonisk og stabil tispe klare det her veldig bra!! Det roa jo meg litt og etter mange tanka så er jo Berta berre ei som flyte med og samtidig gjer akkurat som ho vil trygg og stødig.Veterinæren tenke 4-5 veker...det passa sjølvsagt ikkje inn med løpetida så ho har nok stått uhorvelig seint, men eg trur kanskje det kunne vere oppi 6 veker? (Veffal etter tida då ho løpte og ikkje minst så stor som ho er). Så håpe at det skal bli valpa iløpet av dei første dagane...
Då rekke eg å vere med på fødsel og ha kontroll over valpane, Berta og det som er rundt før eg set meg i bilen for eit kontrollert stemnemøte mellom Loke og Nora

Vi har ikkje vore i nærheiten av andre hannhunda så Bobby må vere faren...når og kvar det har skjedd ana eg ikkje, men eg veit ein ting og det er at spermen ikkje svømme gjennom nøkkelholet!!...

Så no gler eg meg til å presentere dåkke stamtavla til det komande kullet vårt:





Kvasneset`s In Long Desember Night
 
 SE U(U)CH JEUW-13 WW-14
Caci`s Hit The Road Jack  
IE CH GB CH Clandrift Dark Legend 
SE U(U)CH JWW-08 Caci's Strip and Tease 
 Kvasneset`s Himmelske Honoria (res. CC)
 SEU(U)H VWW-14
Boppalooza Jungman Jansson
 Kvasneset's Frøken Lisa (CC)
 
Kvasneset`s Just For Fum (CC) 
 

SE VCH NORD UCH INT UCH Inkwells Final Guess 

 Belsud Black Taurus
SE U(U)CH Inkwells Guess My Name 

Lavender Sky Black Brianta 
NUCH NVCH Kvasneset`s Braveheart 
 Multich Carnival Night Black Brianta 

Berta er ei herlig tispe som er både vakker og god å trene med...Vi hadde planer om kvalifiseringsprøva no i år, men vi får ta igjen treninga om nåkken veker.
 
Bobby er ein herlig gut...

Nåkken som syns den ser spennande ut eller!?
Det gjer veffal eg så no håpa eg på veffal ei svart tispe!...

Eg og Katja reiste til Birmingham "nysjokka" - heilt overraska og det er faktisk forferdelig når ein kontrollfreak ikkje lenger har kontroll over situasjonen....
Gler meg no veldig og går her med ein mange som til tide dansa polka rundt ræva......så spent blir ein når ein ikkje heilt veit kva som skjer ;) 
Veldig takknemlig for den jenta vår som klappa mora på skuldra og sei: "Det her går så bra mamma! Søren eg skulle ha stilt ho i år, men no må vi passe valpa!" 
Full pels og skitfin og ikkje minst skulle vi ta treninga til nye høgde, men vi får begynne så smått om nåkken veker ;) 

Eg veit ikkje kva som er værst at Berta er ung, at det er fare for gule valpa som ikkje er ein sjukdom berre ein fargefeil som gjer at du ikkje kan stille dei, eller at eg ikkje har den kontrollen som eg ALLTID har!?... 

Ein lære så lenge ein leve og det her med hund blir eg ikkje utlært på - men det tok 20 år med tispe og hannhund ilag før eg skulle få eit uplanlagt kull! (Har vore med på ei tjuvparing før, men den såg eg og tok sprøyte. Det var før mitt første kull og hadde eg visst betre hadde eg ikkje tatt det vekk den gang. Hadde eg sett det denne gang så hadde eg mulig gjort det samme, eller ikkje turd å ta sjansjen? Men det blir berre synsing)...

Set umåtelig stor pris på dåkke herlige og gode vener som eg har som har komt med så fine ord!! No ser eg med glede fram til fødsel og gler meg til veker med herlige små - det blir nok ikkje marsipangrisa i år, men kanskje har vi levande "påskekyllingar" men like elska uansett...
Kanskje må eg takke Berta og Bobby for at dei sat til liv den kombinasjonen som eg ønskte å ta litt fram i tid (etter det kullet som er planlagt etter Berta i 2018) men som eg sat på vent pga at begge bære gult...

Kombinasjonen er for oss veldig spennande og dei to utfylle kvarandre veldig godt!!
Har du lyst eller veit om nåkken som har lyst på valp så ta gjerne kontakt!

Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal...