tirsdag 30. mai 2017

Krafttak mot kreft ♥

Den lille bygda vår har ei dugnadsånd utanom det vanlege...Kjære Maria som hadde lyst å gjere noko etter at fleire her har bli råka av alvorleg kreft. Med henna herlige engasjement og gode humør er det ikkje vanskelig å stille opp...eg tør jo aldri låse meg til noko lang tid i forvegen, men det er utrulig kva ein klare berre ein vil og med litt hjelpemiddel.
Eit par kake og ei kioskvakt er ikkje så rare greierne men greit å få bidra der eg har mulighet.
Maria ønska velkomen ilag med Liv og Tim...


Fantastisk sang av 3 klasse ved Solevåg skule som opna arrangementet med tre sanga og den første var Månemannen som gav meg både frysningar og tåre i augene. Ikkje særleg god film, men må berre dele den med dåkke!!
Herlige barn som sang så fint...John Arne Riise gav sjølvsagt "high five" til alle som kom mot ha då dei var ferdig å synge sangane...

John Arne Riise og Øyvind Vebenstad lagde ei perfekt ramme rundt arrangementet. Visste jo at Vebenstad er goe på slikt, men Riise var også super i rolla si!!...

 Anna og Vilde frå MGP junior sang fleire sanga og sjølvsagt autgrafskriving ;)
 Eg såg godt frå kioskhjørnet...
 Eg laga til blomsterarmband til Liv og corzage til Timmen...
Etter Tito Magic som avrunda dagen fikk barna lov å prøve å halde duene...

Det har altså vore ei innhaldsrik veke og har ikkje hatt ork eller tid til å sjekke bilde og dele, men no skal eg prøve å gjer det frå dei foreskjellige delane. Satt meg ned for å sjå bilde frå dei fantastiske arrangementa i Solevåghallen søndag, ja så oppdaga eg at bilda og videoen som eg sletta frå telefonen ikkje var lagra. Så bilde og video av Tim Are sitt stolte augeblikk då han og Liv overrakte gåve til John Arne Riise og Øyvind Vebenstad er altså bortevekk... Eg som alltid er så nøye med å sjekke at alt er lagra før eg sletta bilde etc frå telefon...i går såg eg at maskina hadde lagra og sletta frå telefonen for å få plass til meir..............Den følelsen når eg slår på maskina i dag og ser at filma og bilde frå søndag ikkje er lagra på maskina..................Typisk meg å klusse det til ;) Skulle ta bilde av Timmen ilag med Mr. Riise og eg klarte det faktisk ikkje, men så såg Riise at eg hadde "drete på draget" og spurte om vi skulle prøve igjen...alltid likt den fyren (fuck Jantelova) og han er enda meir likandes enn eg trudde! Heldigvis er det lagra...men alt etter Tito Magic er sletta, frå avslutninga der dei gav gåve og ikkje inst frå Sigvart Dagsland konserten.
Men, men akkurat som då vi hadde Bjarne Brøndbo spillande på orgelet vårt så skulle eg file og det vart eit bilde..........jaja ein dag får eg det sikkert til, men eg er ertt dritdårlig på sånn "kjendisstyr" - å det er jo ikkje akkurat så lett å trene på heller, slik som høgdeskrekkenmin blir langsomt betre etterkvart so eg når nye toppa...men kjendisa er det ikkje så masse av i skauen og fjella der eg vanka for det meste.
Eg trøsta meg med at opplevingane har vi om dei ikkje er foreviga, men videosnutten ilag med Riise skulle eg absolutt hatt, men men...
Eg og Timmen venta på at konserten med Sigvart Dagsland skulle begynne...
Han vart forseinka då Widerøeflyet måtte snu, SAS flyet som han var ombooka på var ei 1/2 time forseinka, og då han var komt til Vigra å kom seg gjennom første tunnelen så var det raud blink - med det var det stopp før den siste. Men når ein venta på noko odt osv.! Det var ein utrulig fin konsert!... 

Ha ein minnerik dag
Klem -Anja-

fredag 19. mai 2017

Namn og bilde av m-kullet

Å hjelpes kor fort tida har gått!!...Skulle sjølvsagt tatt skikkelige bilde av kva enkelt valp før, men det har berre ikkje blitt. Må ha hjelp til akkurat det og ikkje lett å huske på det når folk er innom, men  går etter treninga då ville Cecilie hjelpe meg - tuuuuusen takk!...


*****************************************************
Vi har igjen ein hannvalp til den rette familien!! Er du interessert i ein trivelig og herlig liten gut så ta kontakt med oss...
I tillegg skal vi ha forvert til ei av tispene - men her må du ha interesse for eit samarbeid med oss, trene ho og følge dei råd vi gir. Det er ikkje berre å "få ein gratis hund" for det følge med eit ekstra ansvar ovanfor oss...
******************************************************

Ikkje av beste kvalitet så vi skal prøve igjen, ikkje alltid lett å få fram uttrykket og spesielt kroppane med slike matvrak ;)
Dei leika seg i graset som var litt vått så derfor litt rufsete, men det er slik det er her og ingen "glansbildetilværelse".


Regnr. NO38871/17 Kvasneset`s Ment To Be



Regnr. NO38872/17 Kvasneset`s Made No Mistake



Regnr. NO38873/17 Kvasneset`s Match Maker



Regnr. NO38874/17 Kvasneset`s Mayday Mayday



Regnr. NO38875/17 Kvasneset`s Must Have Been Love



Regnr. NO38876/17 Kvasneset`s Made With Love



Regnr. NO38877/17 Kvasneset`s My Kind Of Love



Regnr. NO38878/17 Kvasneset`s Makes People Talk



Regnr. NO38879/17 Kvasneset`s Make It Happen



Regnr. NO38880/17 Kvasneset`s Make A Wish



Regnr. NO38881/17 Kvasneset`s Make My Day Come True 


Det var gårsdagens bilde av dei 7 veker gamle valpane...
Klem -Anja-

torsdag 18. mai 2017

Å for ein festdag ♥

Bildet av meg, mamsen og Keesha var tatt av ei som kom på toppen då vi satt der...

I dag som elles vanleg låg eg tidlig våken i senga...eit par tima før salutten håpte eg å få sove litt til for å ha mest mulig å gå på i løpet av dagen.
Sju salutta fikk eg med meg og utrulig nok ikkje ein einaste firbeint som laga lyd. 
Det gjekk sjølvsagt i eitt frå første minutt...Klargjering av kaker, lufting av hunda, foring, vasking etc. Skulle gjerne satt meg for å sjå litt 17. mai sending, men då stivna eg så det turde eg rett og slett ikkje, for her må hjula haldast igang om dagen skal gå rundt ;)
Så var det å få valpane ut i luftegården sin og dei andre ut, så ser eg bilen og tenke shit den er som vanlig ikkje eit glansbilete...Eg tek på spylarslangen og ser at eg må fine ein svamp...kunne ikkje gå inn til Tom å spør så derfor stjal eg ein i bua til fadern. Så høre eg frå badevinduet "ka i svarte du drive med!?" Det var gubben som meinte eg var spikk spenna gal...å ja er nok det, inn igjen og måtte dusje igjen, ut og få inn valpane og akkurat tidsnok til å kjøre forbi Fiskerstranda 2 minutt før toget skulle gå. 

Eg og valpane før festen starta...

God tid i Langevåg så nedom gravstedet til Svigerfar...Hadde kjøpt rose til han, men då buketten som vi fikk då vi vann BIS oppdretterklasse i helga var så fin ville eg ta med den. Kva er vel betre å sette på grava hans enn den? Han som alltid syns det var stor stas når vi kom heim med rosetta og premiar som hundane har vunne. 

Etter litt venting skulle vi få høyre Katja lese ved minnesteinen før kransepålegging. 
Her står dei klart til å begynne...
Trykk og høyr dei flinke elevane her...

Etter "Ja vil elsker" og toget begynte å gå for dei fleste av oss innover til Solevåg der vi no høyre til. Vi satt frå oss bilen og gjekk toget i møte slik Timmen fekk følge toget eit stykke. 
Litt mat, leika og mingling på skuleplassen før vi for heim for å fortsette festen på skikkelig "Våra vis" ;) Koldtbord med alt for mykje mat, godt å drikke og kaker...

Etter siste kakebit skifta eg og mamsen sko og gjekk på tur. Folk gjorde store auge då dei møtte oss på veg til fjells, ein ville neppe gløyme den turen der, dei fleste syns vi var sprek og ei ville ta bilde av oss på toppen!!...Vi syns det var veldig varmt men absolutt rett å ha festdrakta på heile dagen. Heldigvis med oss litt leskande og nede på veg heimover stoppa vi med min kjøre bror for ein kaffi med noko oppi ;)
 Mamsen på veg oppover...
 Med sjølvutløysar fekk vi eit par bilde...

Takk for den lille, samansveiste og sterke familien vår ♥ eit par søskenfamiliar mangla men dei var med oss i tankane...
Ein utrulig kjekke 17. mai ♥♥♥
Saman er vi sterk og det er det ingen som kan øydelegge...
Klem -Anja-

Draumande N-kull

Kan vel ikkje sei anna enn at eg er ein draumar...satt å gjekk gjennom alle namneforslaga mine på n og fann ut at det ikkje passa til dei og...