torsdag 29. juni 2017

Eg har 3 ønske...

...Eg har 3 ønske og mange draumar, så akkurat dei ønska er ikkje så masse, men eg kan posjonere dei ut litt etter litt ;) 

Det begynne så fint med at eg ønska meg til tre forskjellige plassa som eg faktisk har lita tru på at eg får til, men det er absolutt lov å drøyme!!
* Draumen om Provence!! Eg kjenne eg får tåre i augene og det knyte seg i brystet...Ikkje alle veit at mi svigermor har vore sjuke i mange år, og frå Timmen var liten har eg hjelpt ho masse. Gjennom sjukdommen henna har eg brukt fantasien og interessa for ting slik at ho skulle kome seg gjennom det. Når anfalla var store så brukte eg "draumen om Provence"  snakka ho ut av det verste med naturen, markane, dufta og maten som eg såg for meg. Eg har ufattelig lyst å få oppleve Provence ein gang...ta med kameraet og oppsøke markane, naturen og alt det har å by på. Skal tru om det er mulig å få ein langweekend dit ein gang!?

Utrulig nok har eg veldig lite bilde av lavendel delt...overraskande då dette er ein av mine desiderte blomsterfavorittar!!..


* Nord-Norge av alle nære og enkle ting!! Eg vil sjå naturen, midnattsol, gå på nye stader, ete fisk, gjerne sjå på livet, høre musikk og berre ta inn det det nordnorske har å tilby!...
I og med vi har hytta sør-austover så blir det alltid til at vi retta oss den vegen, men kanskje vi ein dag reise på utstilling nord for Trondheim, eller berre tek oss ein tur "utanom det vanlege"!?...


* Av alle ting Kilimanjaro!! Natur og turar gjer mykje at eg klare å halde med oppe og igang. Då Lise og Bjarne sat å fortalte så engasjert over den flotte turen dit vart eg "betatt"...Eg veit ikkje om eg har drøymen om fjellet for at det i seg sjølv omtrent er utfordrande, ulogisk eller uoppnåelig for meg som ønska det - svaret har eg ikkje men likevel har eg ein draum om å kunne prøve noko så tullete med dinne øydelagte kroppen her...

Sjekk ut bilda her da!!...Er ikkje rart eg kan begynne å drøyme om ein tur dit, og spesielt etter å ha høyrt om det!!...

Å det er ofte draumane som helde meg som kronisk smertepasient oppe, ja og hundane sjølvsagt...
Eg tillet meg draumane og det positive det gir meg for å ha noko å strekke meg etter og jobbe mot. 

Det var første ønske med tre tura...og medan eg skreiv og drøymde meg vekk i dette har eg gløymd dei neste ønska ;)

Ha ein draumande da♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...