fredag 11. august 2017

Ferie er ferie...


Seint på natta var vi veldig klar for å reise heim og eg var igjen "påkledd"...her sit Katja i senga med meg og resten på venterommet...

...men det er ikkje dermed sagt at ting går på skinne, nei for vi kan ikkje berre sei at no skal vi ha fri, ha fri for smerter og alle mulige dritt komplikasjonar!!
Veit ikkje heilt kva som gjer det, men det ser ut som uhell og faenskap forfølge oss.
Tim og Tom starta ferien med tur til hytta medan eg og Katja skulle vere heime litt til med valpa etc. var inne på tanken å ta med oss valpane på ferie då det kun var fem stykk...men klart mindre styr å reise utan. 
Gutta fikk ikkje lange tida før dei måtte heim då Tom vart sjuk og måtte kome seg heimover.
Så då vart det tid heime ei stund for lege etc.
Mandag for snart to veker sidan satt Tom, Katja og Tim Are seg i bilen for å reise på hytta ilag med Fam. Vollvik...dei kom seg ikkje lengre enn til Dovre då dei hørte ulyd i bilen. Vi fann ut dei kunne ta bilen min så kunne eg ta den andre når den vart fiksa, og så vart gjort sjølv om bilen ikkje var så enkel som vi håpte på. 
Mandag skulle eg i selskap og gjekk i dusjen, skulle ha på litt krem på skrotten og då klarte eg å finne ein litt stor kul i lysken.
Det kunne vere greit å få sjekka før eg for nedover så ringte legevakta og fikk kome med ein gang. Legen eg var med sa det var eit lite lyskebrokk og eg skulle ikkje løfte tungt elles berre leve som normal.
Eg begynte sjølvsagt å flire...for herreminhatt lyskebrokk på dame er vel ikkje heilt vanleg?
Tirsdag skulle eg hente bilen og reise, men det viste seg å vere meir omfattande. Etter eit par tima venting for eg heim å klargjorde sakene mine og hundane...sjølvsagt vart ikkje bilen ferdig og dei på hytta vart skuffa!! Ta med papsen på Allsang på grensen dåkke og kos dåkke. Tom lurte på å kjøre opp for å hente meg, men det syns eg var tull.
Fam. Vollvik hadde satt igjen mondeoen sin slik eg kunne nytte den, men prøvdesitte den og det vart for lavt nede for min kropp, og var redd eg måtte ri he erter hjelp for å kome meg ut av den etter nåkken tima med kjøring ;)

Mamma og pappa meinte eg måtte ta mamsen sin bil som var høg og fin for meg å sitte i.
Pakka på bilen og heim på hengaren...Endelig var eg på veg og gleddd meg til å kome til hytta og gjengen igjen!...Meeen, det var sjølvsagt ei kortvarig glede!! For rett etter kolonnekjøringa starta ved Måndaltunellen så kom det rare lyda og klarte ikkje gasse, eg slapp gassen og prøvde igjen men det var ikkje mulig. Heldigvis var dei "våken" dei som kom bak og svinga ut.
Eg vart ståande i 2,5 tima ganske så fortvilt der eg krangla med NAF, såg kolonna gå fram og tilbake, og ikkje minst fikk letta litt på trykket med mine kjæraste. NAF er ei historie for seg sjølv der dei ville kome frå Åndalsnes (Innfjordtunellen kun ope nokre ganga med kolonne) å vente på kolonne for så hente oss og vente på kolonne tilbake, ja å då skulle eg berre stå på Åndalsnes med 7 forbeinte gjennom natta!?..
Til slutt fikk vi NAF til å innsjå at det ikkje var så mykje lenger frå Vestnes og ikkje minst ville det ta kortare tid.
Pappaen min er så snill då han heiv seg i bilen og kom for å hente oss...han ringte meg undervegs og sa at han berre kjøre med til Vikersund for vi treng ikkje to bila det nede. Ekje han snill vel!?? 
Vi pakka om og starta før NAF kom for å rekke kolonna i Innfjorden, og der snakka vi med Tom og kom til at han kunne kjøre oss i møte. Så på Frya møttast vi der vi omlasting igjen og vi reiste til hytta og papsen heimover igjen. Vi kom ned i femtida på morgonen så då måtte eg prøve å sove litt før vi skulle til Halden!!...
 Oslo legevakt den travleste i landet...men heldigvis litt tid for at to lega ville sjå på meg!...

Kulen som legen meinte var lyskebrokk var litt større og ømmere, så på veg innover mot Oslo ringte Cecilie svogeren sin som er gastrolege for å høyre...han anbefalte oss å oppsøke legevakta med ein gang. Så det gjor vi og Oslo Legevakt neste stopp!! 
Her vart det litt ymse og etter litt måtte vi finne toalett og eg spør så fint ein mann i kvitt "unnskyld, men er det eit toalett her ein plass?" Han ser heilt "alvorleg" på meg og sei "nei det er her ikkje då må du gå på Narvesen" eg og Cecilie ser på kvarandre med litt open munn og brast i latter samtidig som han og viste oss dodøra rett ved oss :))))
Etterkvart kom det ei legedame og ho prøvde å trykke på plass utan hell, så kom ho igjen med ein lege som også ville kjenne og spontant kom det frå meg "det hørte lite godt ut!" og det var det for å sei det mildt!! 
Han var imponert over smertene eg tålte for han pressa så fingrane kvitna.
Dei snakka med Ullevål og vart einig om at eg skulle kome mellom 08.30 - 09.00 dagen etter, men om forverring måtte eg kome før. Ho bad meg om å bruke smertelindring og ønska oss god fornøyelse på Allsang.
Så då slapp vi å skuffe barna og kjørte mot Halden, og jaggu rakk vi ein aldri så kjapp tur til grensa for å spise mat og handle litt og ikkje minst få i oss mat. Eg gjekk på nettet å sjekka program istadenfor billetten så det vil sei at vi kom akkurat!!! Eller vi missa første sangen, men vi rakk akkurat DDE :)) Å første sangen kom i reprise seinare så det passa meeeeget bra!
God mat da!..
Var litt på sida av meg sjølv, men det var veldig kjekt å vere der!! Ikkje minst fikk vi prate litt med Bjarne Brøndbo etterpå og han kunne fortelle at han hadde operert to ganga for lyskebrokk og det gjekk sååå bra 👍 Det var veldig kjekt å høyre for Katja som hadde gått å bekymra seg heile dagen om eg måtte operere igjen (ho huska for godt at eg vart så mykje verre etter første ryggoperasjonen!!) så det var veldig kjekt at Bjarne sa akkurat det!!
Men, på retur måtte eg berre sjå korleis det var og kunne då sjå at den var større og virka litt blå...konklusjon vi stoppa ved Ullevål.
Der fikk eg ein turnuslege frå gastro og ein gastrolege, der var det trykking og klemming på kulen for å få den inn...å herreminhatt kor smertefult!!! Eg fekk morfin og beroligande for å slappe av, og etterkvart påfyll, men det var det lite hjelp i!! Dei klarte ikkje trykke den heilt inn så ein tredje lege kom og kjente, og sa at ho ikkje ville trykke meir her før ho var sikkert på at det var brokk, for ho syns det kjentes ut som ein lymfekul!!! 
To-halvtre røyste eg meg opp frå senga og deg trekket var heilt vårt, og då bar det opp på ultralyd der dei konstanterte ein stor lymfekul...
Fikk med meg papira og beskjed om at fastlegen snarlig måtte henvise meg vidare!
Jaha stoppa for nattmat på Shell og kom til hytta igjen i femtida, Katja syns dagen var så lang at ho aldri trudde den skulle ta slutt!
 Sjølvsagt satt vi på akutten å heia!!! 
Godt med gode venna som stille opp ❤️ 
Fikk kome ut i går natt...men no blir eg visst liggande...

Dagen etter prøvde eg å stå opp, men alt var svart og klarte ingen ting, heile kroppen verka heilt sykt og tårene kom smilande i det eg låg i senga og sa berre at det her er forjævelig!! Det har vore lettare å komt seg på beina etter dei tre store ryggoperasjonen mine enn dette!!
Ut på dagen kom eg meg opp og ut i ein liggestol... Tom ringte inn på Ullevål for å høyre utan godt svar. Det var like før dei ringte 113... Men eg ville berre sjå det an og så koselig med besøk av Sissel!! 
På kvelden planla vi som i utgangspunktet tur til Tusenfryd!! Eg ville vere med om kroppen normaliserte seg (kjentes ut som eg har vore ihjelbanka, men det kom nok av spenninga ved trykking etc.) 
Eg stod opp i dag fredag og kroppen ikkje så støl, men lysken verre og enda meir hoven!! Det ser ut som eg har ein halvfeit ståpikk på høgre sida mi og tenkte at dette kan eg ikkje berre "oversjå". Barna skulle bli med fam. Vollvik og eg ringte inn til Ullevål...fikk etterkvart snakka med eine legen som var der natt til torsdag og han ville gjerne sjå på det igjen om eg kunne kome.
Klart det!!.........å her ligg eg å venta, vi fikk raskt kome inn for prøvetaking etc. eg fikk ei seng å ligge i, men ting tek tid og er nok nokon som treng legen fortare enn meg. 
Vart litt avbrutt med folk her, dei har visst funne ut at eg har ein kraftig infeksjon så har hatt ein del lega her som skal hjelpe 
meg. EKG som ein ungdom men svar på alle dei kule blodprøveglasa har eg ikkje fått enda. Måtte le godt dådet skjedde litt forviklingar då dei skulle feste dingsa på meg...Eine foten låg krølla og ho spurte om eg kunne ta ned andre beinet, og sa uuuuuups berre eg ikkje tråkka i salaten!!...det kunne jo vere at der kun var ein.
He begge to og håpe dei fort går bukt med infeksjonen...kjenne at karman min e ræva asså ;)
Sa at eg dei siste timane her på sjukehuset har begynt å føle meg litt "pjusksjuk" men ikkje meining å vere hypokonder!! Fikk beskjed at eg ikkje var det med CRP på 190... 
Valpen får opplevingar veffal 💙
Klem -Anja- 

tirsdag 8. august 2017

Forandring som fryda

...veeeeeeldig!!
Har irritert meg ganke så lenge over dei stygge stolane rundt spisebordet, men måtte berre kjøpe dei i si tid då bordet var akkurat slik eg ville ha det.
Har tenkt så ofte på maling og bordplata har hatt forskjellig farge, men har liksom ikkje komt i mål med fargen på stolane før no...
No når alle tobeinte var ute av huset var det berre å hive seg rundt! Har hatt plana om å gjere så mykje, men kroppen vil ikkje det slag akkurat no, men akkurat malinga måtte han berre bli med på.
Fire forskjellige rosatona havmna eg på og så spent på resultatet. 
Mamma syns det hørtes spennende ut og pappa lurte på kva prosjekt som skulle bli svart no? Nope ikkje noko svart denne gangen, ja då lurte han på kva i alle dage som skulle verte rosa!? Dei kjenne meg godt ;)
Sendte eit par snappa undervegs og fikk raskt telefon frå Katja "mamma skjerp deg du skal vel ikkje ha ROOOOSA stola!! Ja då kjem eg heim å mala dei grå" :) 
Bror han kom innom og rista på hovudet "crazy doglady"!!...

Før og etter...
 Ein tur innom Fargerike for å finne dei rette tonane...
 Ser meget bra ut så langt!...
 Jaja ønska ein forandring så må noko gjerast!...
 Dei vakre rosene som passa perfekt fekk eg av mi gode venninne Janita!!..
Syns jo berre rosa og svart er så steike bra ilag - mine favoitta heilt klart!!...Å kva er vel betre enn å setje ein svart hund oppå det rosa!? Steike fin match ja å stolane vart dritfin akkurat slik som dei firbeinte ;)


 Disse bilda tok eg fredag, men likte ikkje at dei krølla til duken... ;) På eine bildet la eg ut på instagram og det med den lille valpen var ikkje så bra då eg var ganske så kjapp slik at den var trygg...
Nyyyydelige rose som eg fekk av Janita...

Fredagen kom ein svært så tung dag der eg så vidt var på beina...som regel når slik ekstreme daga kjem så går eg berre med hundane, men denne dagen klarte eg knapt å gå, akkurat passe til å få lufta hundane ut for døra og mata dei. Så var det x-ntall tima på soffan og verke så intens at det kun er hårstråa som kjennes smertefri er vondt og sjølv eg som alltid ser positivt klarte å pluppe ut "er det verdt det!?" - mamma berre sa at sånn fikk eg ikkje sei og ho gjorde så gidt ho kunne for meg...
Det dumme med å ikkje bevege seg er at ein sivna meir og ein treng meir mot og krefte til å starte igjen. Eg kom meg omsider på beina slik at Janita kunne få med seg si kjære Embla heim - stakkars ho som kom når eg ikkje var heilt "på" igjen. Men, valpen fikk ho - det er ho som kom tidligare i veka med disse fantastiske rosene til meg ♥ har stelt dei slik eg skulle få ha dei ti eg skulle reise, og det klarte eg ;) 
Så var amma med meg på butikken, og for å få ein betre laurdag rusla vi forsiktig ein tur på fjellet ♥♥
Å grunnen til at eg skreiv akkurat dette er at eg klare å få litt energi av at eg ser at eg klare å få ting gjort litt etter litt og ikkje minst fått ordna på noko som eg ikkje likte så godt!!

Ein kan liksom ikkje gi opp og så ein fårberre prøve i eige tempo!...

Klem -Anja-

mandag 7. august 2017

Heimstaden...

...min!!
Det er mang ein gang eg tenkje over kor heldig eg er som har muligheit til å stå opp og legge meg på ein slik fantastisk plass!!...
Eg trudde ikkje eg skulle "kome heim" til bygda, men heldigvis så endra tidene seg og ikkje minst ein sjøl. 
Så her kjem litt bilde som eg har tatt litt her og der i bygda vår dei siste vekene...Nokre er publisert på instagram #anjasskatter
 Stort sett kvar gang Keesha kjem opp så går ho opp der og ser innover fjorden!!...
 Nærleiken til sjøen er ein fin måte å finne roa på...
Ei mor dia valpane sine...
Slite du med noko så har eg eit einaste råd til deg!...GÅ UT OG FÅ KRAFT FRÅ NATUREN!! Du vil ikkje merke det første og andre turen, men det snur eg lova så ikkje ver så negativ at du ikkje gidd  gjer det ;) 
Disse bilda frå den vakre bygda vår har eg tatt i forbifarta med min ganske så elendige telefon... ;)
Ha ein naturleg kveld!!...
Klem -Anja-

Ferie er ferie...

Seint på natta var vi veldig klar for å reise heim og eg var igjen "påkledd"...her sit Katja i senga med meg og resten på ven...