tirsdag 31. oktober 2017

Gaustatoppen 1883moh

Tilbakeblikk på oktober så har eg litt lagra i minnebanken...Det vart nok ikkje heilt den hausten eg såg fram til i fjella og som eg alltid drøyme om, men etter den uheldige hendinga i sommar har det tatt tid å kome seg...Fjella er her neste år også, så det er lov å drøyme vidare...
Men vi kom oss på i høgda i haustferien!...
Har lufta det eit par ganga at eg vil ta turen opp på dette fjellet, Sølvi og Jarle har vore der mange ganga og dei har sagt eg måtte slå meg med. To siste åra har det ikkje klaffa slik og med dårlig vêr i fjor så håpte eg at vi kunne få ein dag med opplett og noko lunde sikt i haustferien.
Vi sjekka vêrmeldingane og såg ut til å bli ein fin søndag og mandag...så mandag pakka vi på bil og hengar med hundar, klede, mat og drikke, ja og sjølvsagt oss tobeinte med godt humør.
Eg må berre begynne med å vise litt av utsikta...så kjem det maaange bilde av den, dei firbeinte og sjølvsagt oss tobeinte ;) 

Vi starta tidlig frå hytta med frost i marka og strålande sol frå skyfri himmel!...

Ein "lang" kjøretur på bikka to tima så barna fekk sove litt til. 
Å veret ville virkelig vise seg frå si beste side!! Etter stjernekla frostnatt, var det strålande sol og nesten ikkje ei sky på himmelen. 
Starten på turen og vi skimta toppen langt der framme...

Vi fekk parkert bil og henger klare til å få firbeinte og ransla ut av bilen...Å herreminhatt for eit sirkus når kjerringa skal på tur!!...Som regel er det meg og nokre hunda og ingen folk rundt, her var det kaos frå første steg ut av bilen. Timmen var eklast og fikk ansvaret for Blossi, så var det Katja som skulle ha Berta, mamma skulle halde Keesha medan eg fekk ut resten av ting og Bobby i handa, men du verden...Keesha satt i grøfta og leeeengta etter "mor" og så høre eg nåkke panisk snakking frå Timmen og ein Blossi som ikkje ville forstå, ser guten løfta armane slik at bandet kjem lenger opp og prøva å få hunden frå seg medan han nekta...Så høre eg fortvilt "ta å kutt ut!! Han pissa på meg!" :))) Tenke Blossi var heilt klar på at "den guten der, han er min".
Omsider kom vi oss avgårde og turen kunne starte...veldig fint å gå og ein overkommelig tur for dei fleste og det skjønte vi når vi til tide gjekk i kø. skjønna liksom ikkje kvifor det ALLTID skal vere vi med hund som skal ta hensyn!? Folk berre gjekk på og viste lita forsåing for at vi hadde hunda med. 
På toppen nådde eg metninga mi då folk stilte seg midt i vegen og små hunda i lange band som resulterte i at vi måtte "kvele hundane inntil" oss og resultatet var ei fin lita spypøyte oppå "taket". Oppe der hørte vi mange lure på kva dette var og neste så det var uforståelig for vaksne at ein hund kunne spy!...Men jaggu er det ein del folk som ikkje tenke, jau vi skal ta hensyn, men litt tilbake hadde vore fint ;)
Men, det tok ikkje turgleda frå oss sjølv om det var det som gjorde meg mest svett :)) Sat oss ned og fikk kost oss litt før nedturen...eller sat eg? det var i så fall tun for eit par minutt, og slik må det bli elles vil kroppen stivne og det blir tregt å sveive igang igjen.

Så vi satt oss ned med kaoset våra å fikk i oss både vått og tørt.
Mamma var så snill å ta bana ilag med barna og to av hundane ned...istaden for å stå å vente å meg og Sølvi kom dei gåande tilbake til parkeringsplassen.
Enda kjekkere nedover med lite folk (sikkert ein del som tok bana ned) og vi kunne gå i eige tempo...barna og mamma gjekk ca tre kilometer opp igjen for å kome til parkeringa. Eg og Sølvi gjekk  såg ned å fulgte med på kvar dei var. 
Heimover kjøte vi via Rjukan og til Bolkesjø der Jarle og King venta med varm hytta og deilig suppe! :)
Timmen så flink med Blossi oppover, ja og han tok han også med ned på bana...
Hit men ikkje lenger...for Jarle og King då minsten er litt for liten til å gå heile den lange turen...
Oppe på taket såg vi så mykje at eg fekk ikkje med meg halvparten ;) 
 
Var visst nåkken frbeinte som også ville ha vaffel ;)
Eg for dagen med rosa hår!!...
 
Steik for nåkken kjekke dame eg får gleda av å vere på tur ilag med!! :)
 Eg sa eg hadde noko i sekken til både liten og stor!!...Sjokolade og øl akkurat det vi trengde ;)
Då vi stoppa på Lillehammer og fann ei pils det stod Gaustatoppen på måtte vi ha tre av den - ja å god var den også...
 
 Eg sat utrulig stor pris på turen...vakkert og med ei enorm utsikt!! Flott på ein heilt anna måte enn det vi er vande med, dette var virkelig vakkert, men det slår ikkje dei magiske og spektakulære fjella her heime...
 
Vi hadde ein super tur som visast på bildet her!...
Mi kjære mamma ofra seg for turen ned og tok bana ilag med Katja og Tim Are slik at det også vart prøvd...

Til venstre her er vi straks nede ved parkeringa og det til høgre er vi kome til Bolkesjø og kan skimte Gaustatoppen til høgre i bildet...

Herlighet mykje latter og kaos med så mykje folk rundt oss, men steike for ein fin tur!!
Gler meg allereie til neste tur eg finn rundt om i landet...så har du ein å anbefale så hyl ut :)
Ha ein kaotisk morsom dag!!

Klem -Anja-

onsdag 25. oktober 2017

Valpeplanar...

...Vi har hatt planane ei stund, men no når alt er klart kan eg endelig sei planane høgt!!
Kombinasjonen mellom "Blossi" og "Keesha" er noko eg gler meg skikkelig til, og no er dei begge augelyst utan anmerkning og vi kan berre vente på at ho byrja å løpe...å etter det eg ser er det nok ikkje mange dagane før ho gjer det.
Keesha har ikkje vore stilt så mykje, men har fleire ck og eit cert frå utstilling...

Litt uheldige bilde..."Blossi" avrøyta no og eit av ei meget ung Keesha...

Igjen får eg gjort ein kombinasjon av ein son av "Ryan" Caci`s A Boy Like Daddy som festa seg på netthinna i 2009 og der vil han nok vere...I tillegg blir det første planlagte kullet etter Rebusbarna våre - Caci`s Hit The Road Jack som gav oss eit herlig kull mellom andre så har vi "Bobby" og "Keesha" heime.
Bobby og Berta hadde ei tjuvparring og det kullet var eg berre sååå fornøgd med så det håpa eg vise at I-kullet kan levere vidare. I tillegg hadde vi k-kullet som eg har berre gode erfaringar med som har ei veldig lik stamtavle. 

No når eg har hatt "Blossi" i hus nokre månader og blitt så godt kjend med han er det veldig kjekt å sjå at disse to utfylle kvarandre så bra!!...Med det håpa eg at dette kan bli eit godt kull om og når det blir valpa!!




VDHCH Silkmann`s castle No One`s Better No 5 

SE VCH SEU(u)CH EUW-10 C.I.E. NOUCH KBHV-09 VV-10 Caci`s A Boy Like Daddy  
SE U(U)CH Caci's Black Shadow
Caci's Why Should I Work
VDH CH Elding`s Fire No.8 Of Silkmann`s Castle 
DK UCH Black Amandas Gambler Man 
 A Number Thirteen Of Silkmann`s Castle
 




Kvasneset`s In Case Of Christmas 


SEU(U)CH JEUW-13 WW-14 Caci`s Hit The Road Jack 

IE CH GB CH Clandrift Dark Legend 
SE U(U)CH JWW-08 Caci's Strip and Tease 

Kvasneset`s Himmelske Honoria (res. CC)
SEU(U)H VWW-14Boppalooza Jungman Jansson
Kvasneset's Frøken Lisa (CC) 

Er du interessert i denne kombinasjonen, eller berre det å få valpen og ditt nye familiemedlem frå oss så må du gjerne ta kontakt på mail eller telefon!! :)

Sosialisering og god oppfølging av valpane dei første 8 vekene er for oss ekstremt viktig slik at de kan få heim ein trygg og god valp!!...
Oppfølging vidare er mulig for dei som ønska det, bur du i nærområdet har vi vekentlege samankomstar, og set alltid pris på besøk om du er "forbi" eller vi kan treffast når eg er ute å reise!...
Du ser info på www.kvasneset.com - facebook Kennel Kvasneset - Instagram Kvasneset - vi har også ei gruppe på facebook som er lukka kun for våre valpekjøpera...

Om du vil høyre meir ta kontakt!
Ha ein fin dag!!
Klem -Anja-

mandag 16. oktober 2017

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal og gretten asså eg har berre ikkje behov for å ha ein spesiell dag der eg skal kle meg ut å spise digg og dagg...
Korleis ser ho eigentleg ut både med og utan maske!?...ein ting er veffal sikkert og det er at ho likna eit lappeteppe!...

Eg såg akkurat TV2-nyhetene og der tok dei opp utkledning, krenking og det at vi kanskje er litt hårsår. Ja kanskje er det noko i det og eg ser litt begge side spesielt med tanke på urbefolkning...skulle eg kledd meg ut så hadde det faktisk mulig blitt indianer, men det er meir for eg beundra og respektere dei
Mulig eg skal ta av meg maska på Halloween i år så skal de alle få sjå mitt sanne meg!! Trur ikkje nokon vil det...men eg trur det no er bestemd, maska skal av og eg skal vise meg som den krøplingen eg er. Kjeme kanskje til å skremme livet av barna som kjem på døra, men ein ting er sikkert og det er at krøplingane ikkje kan føle seg krenkande for eg vise meg berre som det legane har gjort meg til!!...
Det er heller dei "normale" som skal føle seg krenkande resten av året for at eg er ein parodi av dei 😂😂😂
Skal ikkje sjå vekk ifrå at sjølv om eg får "maskefall" så er faren stor for at eg blir ikledd noko rosa og svart!...

Ha ein skremmande kveld 🍁😎
Klem -Anja- 

søndag 15. oktober 2017

Er du den rette!?...

Her er halvsøstrene frå Nora sitt første og andre kull...

Vi ser oss om etter ein fôrvert til ei herlig flattispe på 1 1/2 år!...
Du må vere heilt klar på at det er "din" hund heile livet og du må halde til rundt om på Sunnmøre (eventuelt lenger vekk men då med særleg god kontakt). Veldig viktig for oss at hunden får kome til ein heim der den blir godt tatt vare på og at de kan samarbeide med oss.
Det er sjølvsagt fordela og bakdela med å ta ein unghund i hus, men for ein del som ikkje er så glad i utfordringane med ein valp er det absolutt ein fin hund å overta...


Litt frå då ho var valp...

Ho har vore stilt nåkken ganga (uferdig og med dårlig pels) med gode resultat!! I ei stor juniorklasse på NKK i Oslo vart ho nummer 2 ein plass bak Cruftskvalifisering...
Vi har så mange flotte tilbakemeldingar frå heile kullet ho er ifrå!! Ein del av dei har vi sett igjen fleire ganga og andre har sendt meldingar og ringt til oss.
Vi er så fornøgd med dette kullet av vi skal gjer opp igjen ein liknande kombinasjon no i vinter med halvsøster til og onkelen til dette kullet...


Om du bor i umiddelbar nærheit så har vi stort sett sosialtrening 1 gang i veka for KvasnesetHundar for dei som har tid og lyst til det.
Kan det vere av interesse for deg så ta gjerne kontakt med oss - Anja på 90018619 eller på anja@kvasneset.com
-Anja-

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...