tirsdag 28. november 2017

Alt ein skal lese!!...

Sulaposten 23.11.2017...

...før augene ramla ut! Ikkje berre var det eit syn for augene, men eg kjende blodpumpa fikk kjørt seg og hadde eg vore eit lemmen ja då hadde nok augene sprett ut!
No skal eg ikkje sei heilt kva som falt meg først inn, men eg tenkte at her må det vere noko alvorlig gale!!...
Det her er faktisk så lite greit som det går an å bli!!
Men, eg synes heile spelet frå kommuna no begynne å gå j.... langt! 
Kommuna har spelt på at vi måtte ha eit reinseanlegg her inne for no går dritten ureinsa ut i fjorden. I første omgang (og kanskje enda) slukte folk dette, ja sjølv om eg og andre opplyse om at det ikkje blir betre vatn i fjorden berre at vi ikkje lenger vil kunne sjå det. 
Når fleire av oss begynte å hyle så vart det diskusjonar med svar om at dei ikkje hadde tid til å endre staden. 
Så etterkvart kjem samarbeidet med Ålesund på bana og då hadde dei all verda med tid igjen, ja heilt til no, og då er det kiven på strupa igjen og då må dei kome med ei løysing. 
Det skal vere ei kortsiktig løysing som eg og sikkert fleire forstår aldri vil bli kortsiktig. Området vil bli øydelagt med mellom anna ein skjemmande hall, lyd og ei forferdelig lukt - å ikkje fortel meg at eit kolfilter vil ta seg av det!  
Det at dei i tillegg på død og liv skal legge dette kloakkanlegget til den vakraste staden vi har i kommuna eller skal eg sei Sunnmøre og Noreg!? Ja, for det er ikkje mykje som kan måle seg med utsikta og opninga til verdas vakraste fjord Hjørundfjorden! Det er rett magisk å sjå han og det er som eit nytt bilete kvar ein dag...folk frå heile landet og utlandet har vore her å beskua denne utsikta og alle blir heilt fascinert!! 

Dette vil de altså øydelegge og vi vil sjå rett i ein plasthall!!...


Det er strekninga Kvasnes - Solavåg vi har denne fantastiske skua og kvifor av heile Sula skal eit slikt skjemmande anlegg bli plassert på akkurat denne staden??
Ja, eg har engasjert meg i saka og jaggu har eg ein del innlegg som eg ikkje har publisert, men det er vel kanskje ikkje så rart at vi let oss engasjere?
Eg ber innstendig om at de som skal ta avgjerda i denne saka no set deg skikkelig inn i den og ikkje berre stemme på den som snakka godt!..
Eg har sagt det før og sei det igjen, den stillheiten som har vore kring dette er ikkje bra!!...Den dagen Ålesund ikkje vil/kan bli med vil det bli anlegg på Sunde, og dette er ein fin måte å få eit permanent annleg her på.

Men, tru meg om de går inn for noko slikt på denne plassen er det andre plassa enn på min blogg dette vil kome, ja for då må vi veffal få de alle til å opne augene før de tek første spadetaket. No må de tenke på kva de har å forvalte for oss og dei komande generasjonane!! Det er ein fjord og ein fantastisk natur som vi ikkje kan få igjen for pengar om vi først øydelegge den, er liksom ikkje berre å "pusse opp" når de finn det for godt eller innser at nokon før har gått vegen å øydelagt fjorden. 
Sjå og ta lærdom av Oslo, der var Oslofjorden nærast øydelagt og det har kosta ekstremt mykje å få liv igjen...Vi treng vel ikkje gjere same feil her også?
Vi bør vel alle jobbe saman for å få ein så rein og fin fjord som mulig!? 
Vi snakka om all plasten som skal opp frå havet og som er ei stor utfordring, men vatnet de vil sleppe i fjorden vil bli eit minst like stort problem så eg lure på kva som gjer at de vil dette når vi har den kunnskapen som vi har om dette no i dag.
Om vi må vente eit år eller to til for å få eit betre alternativ enn det dårlige alternativ som det dei no foreslår er. FÅ DET UT AV FJORDEN!! 
For å få Hessa- og Borgundfjorden rein hjelpe lite når vi berre øydelegge ein ny fjord...Det har seg slik at Storfjorden har nokre erme og det er vel ikkje særlig fornuftig å øydelegge fjorden som har Geirangerfjorden inst og som står på UNESO`sverdensarvliste!?

Eg har vakse opp på disse markane som vi var med å hesja på då vi var små, leika oss og hatt ei fin tid oppover sjølv etter at farfar vart "trua" med expropiasjon av området om han ikkje selde til kommuna for ein særdeles lav sum!! Her skulle det bli skule etc. som det ikkje har blitt noko av.
Min far har gått dei siste 30 åra å haldt området ved like og slått markane slik at det ikkje skulle gro att som det har gjort rett aust for det merka området. Å truge til seg eit område for seinare nytte det til noko anna er heilt uhøyrd!! 
Her er tre generasjonar som godt kunne tenke seg å nytte området til det det ein gang var nytta til, men som ikkje er mulig i og med kommuna kan gjere akkurat kva faen dei vil!!

Eg må til slutt nemne at etter dette forslaget vil eg bli næraste nabo til dette "cirkuset" - så denne gang ropa eg også på vegne av meg sjølv!! Å eg kan forsikre de om at det ikkje kan vere mulig å legge noko slikt oppi hagen til folk!!...No kan eg ikkje alle foreskrifte etc. men eg kan ikkje tenke at dette på nokon måte er lovlig når det var snakk om større buffersone då det var plana lengre inne.
Men, om de til slutt kjem fram til denne konklusjonen vil det koste meir enn tre million, for då er her vil eg tru minst tre hus de må kjøpe ut til marknadspris - og då må eg minne om ein marknadspris FØR eit reinseanlegg kjem å øydelegg området!...

Kjenne eg blir opprørt, men veit at første gang eg omtala det då dei ville "ta" berga her inne til anlegg så var det mange som skreik ut for det var her både brudebilde etc var tatt. 
Eg håpe at uansett kvar du måtte bu og kva interesse du har i Sula at du kan klare å sette deg inn i dette og sjå galskapen og gjerne hyle ut og sei kva du meina!!...Ei meining for dette ser eg på som fullstendig galskap så spar meg for den ;) 
For siste gang (håpa eg) få det ut på Sulesund/Sandvika der det ikkje bur folk og legg ledninga heilt ut i Breisundet til ope hav så redda vi fjorden også!!

Om de har problem med å opne augene så skal eg meir enn gjerne hjelpe dåkke å opne dei!!...Eg kan by heile kommunestyret inn på kake, kaffi, bolla og saft så skal de få sjå kor fantastisk det er før de øydelegge det! :) Håpe det er mange som vil engasjere seg for saman er vi alltid sterkare!!...
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Heilt klart!!

...Keesha er heilt klart drektig og har lagt seg godt ut allereie!! Vi går berre spent å venta, ser fram og gler oss til valper som skal ko...