søndag 3. desember 2017

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja som er skuffa over meg fordi eg må sette meg ned innimellom, ja eg sei sjølvsagt ikkje til ho det er fordi eg har vondt, og dermed syns ho eg er alt for sløv når ho står å jobba...
Men, vi fekk gjort mykje!! Brunepinna først så havreflan med sjokolade som var Katja sitt verk og eg øydela ein del då eg miste dei i gulvet...Pepperkakene er kome i boks, krumkakene er også i boks velsmakende men heilt misslykka krumme for første gang. Til slutt deilige aniskringle som har kome i frysaren og er klar til kos når det måtte passe.


Aniskringlene laga eg av:
1 liter mjølk
1100 gr. kveitemjøl
500 gr. rugmjøl
50 gr. tørrgjær (raud)
300 gr. sukker
2 pk anis
1 ts salt
3 ts (ekte) vaniljesukker
3 ts kardemomme 
2 egg
300 gr. smør i terningsr

Blanda saman alt det tørre, men haldt tilbake ein del av mjølet. Varma opp melka til fingervarme og blanda det med det tørre, elta det i Maskina. Så ta oppi egga og resten av mjølet og elt det i ca 5 min. Når deiga er godt elta tilsette du smøret litt etter litt, og når det er kjørt inn så elt i eit par minutt til. 
Sett deiga lunt under plast til den har heva til dobbel storleik. 
Del opp i ca 45 emner og trill dei ut og brett dei til ei kringle.
Hev dei under plast til dobbel storleik, steik på 225 grader i ca 12 minutt, etter ca. 5 minutt tek du dei ut for å pensle med egg før du steike dei ferdig...

Disse er god både til haust- og julekosen!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...