mandag 16. april 2018

Kvifor må...

...to fjordar setjast opp mot kvarandre!?...


Før helga måtte eg sende eit magasukk til ordføraren og teknisk sjef...
Eg har nok ikkje sagt alt i denne saka, men eg tenke det er nok no. Dei fleste veit nok at eg er litt gal, men det er ein balanse mellom "normal galskap" og GAL. I fare for at det skal bikke så trur eg at eg gir meg til nokon eventuelt vil høyre på det eg sei.
Invitasjon om tur og diskusjon er sendt til ordførar og teknisk sjef så blir eg steike glad om dei kan setje av litt tid...

Mulig denne saka er tapt allerei før den er behandla i kommunestyret, men då kan det vere eit teikn på at eg skal fortsette eventyret mitt ein annan plass...Frankrike, England kanskje!??
Om eg ikkje lenger kan bu her ved fjorden kan det vere eit freistande alternativ...

 Borugundfjorden sett frå Sulafjellet...
 Storfjorden sett frå Leirvågfjellet...


Hei!!


Kvifor må to fjordar setjast opp mot kvarandre når vi ligge rett ved det store og mektige havet!???
Eg synest det er leit å måtte sjå å høyre det så mange klare å sei, og at de politikera og i teknisk ikkje ser for dåkke at det er ut i havet som er det einaste fornuftige i denne saka!!

Eg ser også i Sunnmørsposten at de står oppe på Dovane å diskutera. Då vil eg berre fortelje at det som har vore sagt er at de skal gå tilbake til den gamle kloakkrammeplanen - å den sei ruste opp anlegget i Langevåg og få eit nytt på indre.
Indre er så mangt, og det mest logiske er at de då tenke plassering der målingar har vore gjort. Då sleppe de mellom anna å tenke på å øydelegge forhalda inne i valen...å det er trass alt lengre ut.
Men, eg er redd det er gått prestisje i denne saka slik at de SKAL ha gjennomslag for det de sjølv har sagt for å vise kvar makta ligge?? Mulig eg tek feil, men det er det eg sit igjen med når eg tenke alt for og imot.

Eg ber dykk tenke de godt om og ikkje gjer ein slik stor feil rett ved opninga til Hjørundfjorden!!
Sula auka i tilflytting og dette vil berre fortsette...Storfjorden vil ikkje tåle belastninga om 10-20 år og de kan ikkje pålegge folket å betale for oppgradering/nytt anlegg allereie då. 

Om de legge den gamle rammeplanen til sides må eg informere de om underskriftene eg leverte i 2016. 
Det er mange grunna til at de ikkje kan legge eit slikt anlegg på Dåvane og eg ber de inderleg om å høyre på oss som får dette tredd ned over hovudet...
Vi har mange omsyn å ta, men å få ein heil del sjuke menneske det er ikkje ein forsvarleg måte å drive ei kommune på.
Samtidig til kostnadar knytt til anlegget (ikkje gløym at eit anlegg på Sunde er meir kostbart å drifte enn eit på indre og eit på ytre) så er det heilt klart snakk om kompensasjonar for verditap på eigedomar, og her er langt fleire enn dei på Kvasnes.

Eg har eit sterkt ønske å få dette vekk frå Storfjorden og det trur eg de har skjønt. Forbi Sandvika er det fortsatt muligheiter for det...vi kan godt å ein tur ut så kan eg vise at der er eit "hav" av plass og så kan de prøve å forklare meg ein veldig god grunn til at det ikkje går? Dette på grunn av at dei gunnane de har kome med tidligare er alt for dårlig - beklaga å sei det.
Eg veit at når det kun blir Sula så er utsleppet mindre og de vil søkje om lettare reinsing, og dermed er det enda ein grunn til å få det lenger vest på øya og ut i havet.
Kanskje de kan prøve å finne ei god løysing på det sjølve så sleppe de å føye de etter innbyggjarane og vise at det er de som har "makta". No er eg litt krass og eg beklaga det...men eg kan ikkje sjå på at dette kjem ut i fjorden!

Eg var engasjert før, men eg kjenne at engasjementet blir litt større innimellom.
Når vi ser alle miljøsyndene med tanke på plast er det veldig dumt i 2018 å starte bygginga av kloakkanlegg som går i ein fjord rett ved ope hav. 
Etter at eg vart ramma av ein kraftig infeksjon i fjor sommar så har eg verkeleg sett kva virking antibiotika har...og eg er veldig betenkt på at vi skal sleppe ut antibiotika, bakteriar, kjemikaliar etc i fjorden. Eg veit kva som går ut i dag, og det vil bli betre med tanke på det faste, men det her er ikkje godt nok. 
Ver så snill sett saman hovuda, ver kreative og kom med ei betre løysing for fjorden og sjølvsagt naboar...

Om de til sjuande og sist ikkje klare å få det heilt vest...så er alt betre så langt ut de kan få det, Høghaugen (der folk vil selje), Eikrem eller Sulesund.
Eg skjøna heller ikkje kvifor vi ikkje kan ha eit anlegg i Langevåg/Fiskarstrand med røyr heilt ut i Breisundet der det i dag er industri frå før??

Eg håpa så inderleg på ei grei avklaring i denne saka…
Beklaga maset og engasjementet, men dette er utrulig viktig i dag, men ikkje minst med tanke på framtida.

God helg!!
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ein skatt i fjøra mellom mykje...

...boss, ja fjøra er full av boss, men ein  skatt har sikkert også vorte funnen og eg fann veffal ein! Om nokon klare å tyde denne flask...