tirsdag 3. april 2018

Skitur, valpefødsel eller aprilsnarr!?

Ein heilt fersk og ny skatt er komen til verda...han er ute men fortsatt beskytta i posen med bandkontakt med sin mamma...

Påskeaften gjekk eg til sengs på "hundestua" som vanleg men no med døra til kjøkkenet open då Keesha og henna valpa er flytta dit for at Berta skal få sine valpa ved senga mi.
Døra stod open slik at eg hadde kontakt med Keesha...ho låg sjølvsagt nedfor senga mi når ho ikkje var i valpebingen.
Berta vekte meg så og sei med ein gang eg fell i djup søvn, no ville ho ut så eg merka meg at ho var meir uroleg så då var blokkinga på gang.
Ho grov i "kassa" si gjennom natta og vi var ute fleire ganga. Keesha hjalp ho med gravinga, men eg sa at ho trengte ikkje å vere der så då hoppa ho i senga til meg. Så for at Berta skulle få styre sitt så fikk Keesha ligge å varme meg ettersom eg blir litt kald når eg er trøtt...
Ut på morrakvisten roa Berta seg, men eg kunne ikkje sove då så første påskedagsmorgon er vel fin til kakebaking, og mi første Ingefærkake vart ein realitet :)
Eg og Katja skulle ut på skitur medan guttane skulle passe dei firbeinte. Men, eg gjekk å passa på Berta heile morgonen for ho var så rolig, men ho gjekk heile tida ut på hunderommet som er ved sidan hundestua opna eit bur å la seg inn. Eg heiv på meg ulla for Berta var så rolig...Så gjekk eg inn for å få ho ut av buret igjen og då såg eg det var vått. "Blir ikkje skitur for her har vatnet gått!" Så ser dei på kvarandre og glise, jada 1. april...Eg fikk med meg Berta inn på rommet og i det kom første brune valpen. "Då kom første valpen!" sa eg - hahahaha 1. april!! Fikk eg til svar...
 Naturens under...
Det er så vakkert at eg har problem med å sleppa auga frå dei...

"Første april meg her og første april meg der" - så gjekk Berta i valpebingen til Keesha og Keesha slikka valpen...litt om koordinering så fikk eg rett tispe på rett stad og moro kunne for alvor starte. 
Eg som skulle på skitur for å hente energi vart liggande i valpekassa å ta imot valpane, det gir også energi! Men sjølvsagt litt feilbelastning som eg slite litt med no, men som vanlig er det vel verdt det!! 
Katja lurte på om eg verkeleg måtte ligge i alt blodet? Men slik er det for ei stund så ser det ut som ei krigssone ;)
Fødselen gjekk fint og ho er utrulig flink med valpane...
Alle så jamn og fin i størrelsen, og ligge så harmonisk, rolige og fornøgd i valpekassa...

Keesha var sååå nysgjerrig under fødselen...Ho stod slik i lengre tid!! Etter eg sågg det gjekk greit med valpen som de ser Berta helde på med kom eg på at eg måtte filme ho litt...


Stamtavla til valpane og trykk på bildet for å få det større...

Ei herlig tid og eg krysse fingre for at alt går fint framover med alle saman ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...