torsdag 12. april 2018

Spåmann!?


Når ein fagmann skal uttale seg på måtar som å tru og magefølelsen så tenkjer eg at han heller kunne starta som spåmann i staden for å titulere seg som ein fagmann…Eg skal ikkje trekke konklusjonar, men no sei eg det for første gang høgt – Eg veit han heite Molvær, men det er det mange som gjer i Langvåg. No begynne eg sterkt å lure på om det kan vere ei tilknytning, vennskap eller familieband mellom han og eventuelt til dei som har område/disponera områder ut forbi Sandvika eller rundt området på Molvær??
Dette er magisk og trolsk...å eg er så betatt av naturen vi omgir oss av at det sikkert er på grensa til galskap, men som det meste med meg er det «normal galskap» eg omgir meg med...
Sjølv om eg tenkjer at dette er det, så har eg lita tru på spådommane til Mr. Molvær...


Ein i teknisk som sa så eg høyrde til ei som bur på Kvasnes «å demonstrere på denne måten er berre å bite seg sjølv i halen». Korleis blir det no for dei i teknisk med all pengebruken på Kvasnes som kunne vore brukt på å undersøke for å få dette anlegget vest på øya og ut mot havet??
Det er faktisk det som er det beste for naturen vår, vi alle som bur her og dei som kjem etter oss!

Eg veit ikkje kor mange gongar eg skal skrive dette, men no er det på tide de opa augene for vi kan ikkje få dette inn i fjorden!!
Greitt det blir mindre mengde, men det er inga grun til å føre dritten i ein fjord framføre å få det ut mot havet……….

No skal det bli spennande å sjå om all motstand mot kloakkanlegg på indre stilna eller om det fortsatt helde seg oppe??

Gang på gang vert eg overraska over folk som hive seg inn utan tanke for fjorden, men kun for eiga vinnings skuld!! Får penge for tomte eller veg til eigne tomte…Andre sjølvsagt redd for å kunne miste omsetning pga dei negative konsekvensane av å ha det til nabo.
Eg respektera at vi har ulike synspunkt…men det er lov å ha litt omsyn til naturen og ikkje kun tenkje på seg sjølv ;)

Ja, det er flott for Stodfjorden å sleppe så stor mengde, men dette er ikkje eit alternativ eg kan leve godt med!!
At politikarar kan uttale seg slik dei gjer skremme meg!...Kvifor senke kvaliteten på ein fjord for å redde ein annan??
Men, det at ein frå Langevåg (trur eg, men er ikkje sikker) faktisk skriv at dette må ut mot havet blir eg mållaus av, og det skal det jaggu ein del til før eg blir…Sende eit stort takk og bukk til Bendik Havnegjerde som faktisk er ein av få i denne kommuna som har klare auge!!
Skulle ønske det ar fleire her i kommuna som kunne tenke på vår vakre natur framføre seg sjølv!!

Eg må sjølvsagt sei meg einig med min kjære far: «Nok ein grunn for å få kloakken mot ope hav. Det er omsynet til fjorden som er det viktige – ikkje om anlegget kjem på Sunde eller Kvasneset».

Eg ser verkeleg fram til den dagen vi starta bygginga av dette anlegget som eg håpe og trur kjem vest på øya for då skal de sleppe å lese om dette tullet her igjen...Håpa eg ;) 
Ha ein solrik dag!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...